Den chilenske filmen La Nana er ei glimrande skildring av det klassedelte samfunnet. Hovudpersonen Raquel (Catalina Saavedra) har vore hushjelp hjå familien Valdes i over tjue år. Ho er blitt ein del av familien, men samtidig ikkje ein fullverdig del. Kanskje skal vi heller seie at Raquel er ein naturleg og uunnverleg del av interiøret i huset, som ein gammal og trufast kommode.
Kommoden Raquel har stengt alle skuffer; ansiktet hennar er nesten heilt uttrykkslaust. Det vesle som finst av mimikk leier tankane våre mot tragedien. Hushjelpa har stivna i forbitring og meiningsløyse. Ho har knapt eit eige liv; alt handlar om familien ho tener dagstøtt.
Fint og uverdig. Filmen opnar med at Raquel sit åleine på kjøkkenet og et middag, mens vi høyrer lydane av familien i stua ved sidan av. Biletet er presist. Før det blir nyansert ved at familien vil feire Raquels 41-årsbursdag. Ho blir lokka til å komme inn på stua og få gåver. Familien meiner det godt. Men det ligg likevel noko uverdig over situasjonen.
I stadig nye daglegscener får vi vondt av å sjå Raquels handlingsmønster. Ho saboterer den eine dottera, Camila (Andrea García-Huidobro), ved å støvsuge utanfor døra hennar når ho vil sove lenge om morgonen. Familien verkar så full av omtanke, og Raquel så lite imøtekommande. Dette er noko av det geniale med filmen. Det er Raquel vi eigentleg sympatiserer med, men som middelklassesjåarar blir vi ei stund lurte til å sympatisere med familien som må slite med ei så vrang hushjelp.
Forsvarer grunnen. For Raquel har det opna seg ein avgrunn på kjøkkenet. Og avgrunnen blir ikkje mindre når husfrua Pilar (Claudia Celedón) bestemmer seg for å skaffe Raquel ekstrahjelp. Men den eine meir barnslege og utspekulerte handlinga etter den andre, klarer Raquel å kvitte seg med både ei ung jente frå Peru og eit gammalt chilensk rivjern. Først når den humørfylte Lucy (Mariana Loyola) dukkar opp, fell noko av forsvarsverket til Raquel. Ho let seg regelrett sjarmere av Lucy, og takkar til og med ja til å feire jul heime hjå familien hennar.
Kantete eleganse. Manusforfattar og regissør Sebastián Silva har gjort ein særs god jobb både med historieutvikling og filmatisk uttrykk. Det handhaldne kameraet gir dramaet eit visst dokumentarisk preg, og gjev oss kjensla av å få tilgang til maktspelet i kjøkkenkrokane. Hovudrolleinnehavar Saavedra underspeler med kantete eleganse og gir oss ei hushjelp – ei «nana» – som i alle fall eg kjem til å hugse lenge.
La Nana er ikkje berre chilensk film på sitt beste. Også i Noreg er han ein knyttneve inn i den øvre middelklassens velmeinte illusjonar. Vondt, men nødvendig.