Film

Erdogans Game of Thrones – Kan samanliknast med Make America Great Again

Ein TV-serie gjer den tyrkiske presidenten meir populær i Pakistan enn i Tyrkia. – Erdogan promoterer seg sjølv som ein vaktar og beskyttar av alle muslimar over heile kloden, seier forskar.

Den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan har denne veka skapt sterke reaksjonar for å ha gjort om Hagia Sofia til moské. I sitt forsøk på å gjere Tyrkia til ein stormakt, har Erdogan uttalt at tv-serien Dirilis: Ertugrul er eit svar til dei som undervurderer landet.

Og sjåarane elskar serien. I Tyrkia har serien vore ein favoritt sidan han starta å gå i 2014, og i Pakistan er det blitt reist ein statue av hovudkarakteren.

Kva er det med Dirilis: Ertugrul?

Handlar om dagens Tyrkia

– Historier om Det osmanske riket har vore populære i lang tid i Tyrkia, både gjennom historiske romanar, i sakprosa, og på TV, seier Alp Eren Topal, som er postdoktorstipendiat på Institutt for kulturstudier og orientalske språk på UiO.

Dirilis: Ertugrul går føre seg på 1300-talet, rett før Det osmanske riket oppstod. Hovudkarakteren Ertugrul er basert på ein historisk person: Stammeleiaren for dei nomadiske tyrkarane som vart pressa vestover til Anatolia av dei mongolske hordane. Han var faren til Osman I som skulle grunnlegge Det osmanske riket.



Alp Eren Topal ved Universitetet i Oslo meiner suksessen til  handlar om at serien er ein polert versjon av historia og ein flukt frå notida. – Dette kan du samanlikne med suksessen Trump har hatt i USA med «Make America Great Again», seier han.

Eit viktig aspekt med Dirilis: Ertugrul, er korleis manusskrivarane får serien til å handle om dagens Tyrkia.

– Dette nomadiske folket kjempar ein mytologisk kamp mot fleire fiendar på ulike frontar. Det kan lett tolkast til korleis folk i Tyrkia ser på seg sjølve i dag. Og så er det sjølvsagt populært med sverd og andre våpen frå middelalderen, krigarar på hest og alt dette andre.

– Kvifor er Tyrkia så oppteken av Det osmanske riket?

– Det peiker mot ei tida da Tyrkia ikkje var ein liten nasjon, men eit imperium med store territorium i Balkan, Midtausten og Nord-Afrika. Dette er kort sagt nostalgi.

LES MER: Kampen om Sofia Hagia er en religiøs og politisk kamp om Guds hus

Polert versjon

Topal trekk linjene til korleis vi òg finn mykje av det same i Russland. Der òg er dei oppteken av det imperiet landet var i dei gamle, gode dagane, før Sovjetunionen.

– Det er ein måte å flykte frå problema som finst i dag. Dei famnar om ein polert versjon av historia for å flykte frå notida. Dette kan du òg samanlikne med suksessen Trump har hatt i USA med Make America Great Again.

Neo-osmanisme

Dirilis: Ertugrul er ikkje eineståande i å vere eit kulturprodukt som former det nasjonale sjølvbilde. Slik ein serie som Fauda går rett inn i israelsk politikk, går Dirilis: Ertugrul rett inn i tyrkisk politikk. Eller rettare sagt: Inn i politikken til Erdogan.

– I Tyrkia er det stor etterspørsel etter produksjonar som dette, og dei blir da også fremma av regjeringa, seier Topal.

Han fortel at nostalgien for det gamle imperiet og den politiske bruken av historia, blir kalla for neo–osmanisme.

– Neo–osmanismen har vore synleg i over tjue år, sjølv om han har eksistert i enda lengre tid. Han blir promotert i ulike publikasjonar, i filmar og i bøker. Og han appellerer til konservative muslimar i Tyrkia.

Topal meiner det er vanskeleg for nettopp dei konservative i Tyrkia å akseptere at Det osmanske riket falt.

– Dei lengtar etter ein keisarleg fortid da tyrkarane var ei verdsmakt.

LEST DENNE? Hagia Sofia blir gjort om til moské. Reaksjonene er sterke, og blant de som protesterer er Thorvald Steen.

Guida av regjeringa

Som fleire andre TV–seriar og prosjekt, har Dirilis: Ertugrul delvis vore guida av regjeringa i Tyrkia. Topal fortel at dette blir gjort enten gjennom fond frå Kulturdepartementet i Tyrkia, eller gjennom private fond støtta av regjeringsvennlege krefter.

Eit anna eksempel på ein slik serie, er den tyrkiske Payitaht: Abdulhamid. Han handlar om sultan Abdulhamid II (1876-1908), som styrte på slutten av Det osmanske riket. Topal meiner at serien, heller enn å vere historisk korrekt, eigentleg handlar om politikken i Tyrkia i dag.

– Du ser for eksempel den osmanske herskaren skjelle ut og slå til den britiske ambassadøren. Abdulhamid II ville aldri gjort noko slikt, men dette er slik dagens president Erdogan og dei konservative ser for seg Abulhamid II.

Både seriane om Ertugrul og serien om Abdulhamid løftar fram ein type «beleiringsmentalitet», meiner Topal, der Tyrkia er omringa på alle sider av fiendar og treng å vere årvåken.

Vaktaren Erdogan

Men kvifor er Dirilis: Ertugrul så populær utanfor Tyrkia? Kvifor er det blitt reist ein eigen statue i Pakistan av hovudkarakteren i serien?

Topal trur det handlar om ei lengting og ein nostalgi som ikkje berre gjeld det tyrkiske folket.

– Det angår alle muslimar i verda. Muslimar har vore gjennom fleire store kriser i det siste hundreåret. Dei har ikkje lenger kontroll over sin eigen skjebne.

Det er noko av grunnen til at Erdogan er meir populær i Pakistan enn han er i Tyrkia, trur Topal.

– Erdogan promoterer seg sjølv som ein vaktar og beskyttar av alle muslimar over heile kloden. Propaganda av den typen fungerer nokre stader. Men ikkje overalt.

Omstridt

For det er ikkje berre Tyrkia som bruker TV-mediet til å forme sjølvbildet til ein nasjon. Topal fortel at Saudi-Arabia no prøver no å lage sin eigen TV-serie, der herskarane i Det osmanske riket skal bli framstilt som skurkar.

– Dei fleste nasjonale historiene i arabiske land framstiller tida under Det osmanske riket som ei tid med nedgang og stagnasjon.

Topal trur at interessa for Det osmanske riket er meir omstridt en suksessen til Dirilis: Ertugrul gir uttrykk for.

– Fokuset på Det osmanske riket er populært i nokre land, men det skapar også spenningar.

Politikken sig inn

Er det unikt at ein TV-serie blir så politisk? Nei, meiner filmkritikar i Vårt Land, Einar Aarvig. Alle filmar og seriar er politiske på ein eller annan måte.

– Actionfilmar på 80-talet hadde politikk som krydder, ta for eksempel Tilbake til fremtiden som brukte terroristar frå Lybia. Men den stadig meir politiserte verda sig inn i filmane. Vi har ikkje lenger berøringsangst og filmskaparane tør å ta det inn, utan at dei av den grunn tek stilling for noko som helst.

Aarvig peiker på at Tyrkia har ein stor filmindustri som vi i Noreg ikkje kjenner særleg godt til. Og kanskje er det ikkje tilfeldig at estetikken i Dirilis: Ertugrul liknar på han vi finn i ein serie som Game of Thrones.

– Den folkelege, tyrkiske filmen er ofte ein billig etterlikning av Hollywood. Det å gjere sine versjonar av den amerikanske thrilleren har dei ein lang tradisjon for, blant anna hadde dei filmserien Ramo som var deira sin versjon av Rambo.

LES MER:

• Pave Frans i dyp smerte over Hagia Sofia

• Ble brukt i valgkampen

• Disiplinert og folkeleg­ ­Erdogan–­thrille

---

Diriliş: Ertuğrul

  • også kalla Ressurection: Ertugrul, er ein tyrkisk tv-serie som bygger på livet til Ertugrul, far til Osman I, som skulle grunnlegge Det osmanske riket. Serien er skapt av Mehmet Bozdağ, og har til 5 sesongar. Serien er populær i Tyrkia og Pakistan, men er bannlyst i fleire arabiske land (kjelde: Wikipedia).

---

---

Det osmanske riket

  • Det osmanske riket, eller Det ottomanske riket, er namnet på staten som oppstod rundt 1300 i nordvestre Anatolia, da Osman 1 (død 1326) arva eit len etter sin far Ertugrul. Riket eksisterte fram til 1923, da dei siste restane av dette vart til Republikken Tyrkia.

  • Under Süleyman II, som herska i perioden 1520-1566, nådde Det omanske riket høgdepunktet av si makt. I 1526 vart størsteparten av Ungarn og område nord for Svartehavet erobra. Wien vart omringa for første gong i 1529, og for andre gong i 1683 (kjelde: Store norske leksikon).

---

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Film