Kultur

Eit stykke om den gongen det fanst håp

Oslo ligg tett opp mot verkelegheita, men det er ikkje berre ei heltehistorie, meiner Preben Hodneland som speler Terje Rød-Larsen.

Fredag 11. januar er det premiere på teaterstykket Oslo på Det Norske Teatret. Stykket handlar om prosessen fram mot Oslo-avtalen som gjekk føre seg i heimen til ekteparet Terje Rød-Larsen og Mona Juul. Kjersti Dalseide speler Mona Juul i Oslo, og ho har sett seg godt inn i Midtausten-konflikten for å forstå korleis Mona tenkte i 1993.

– Først måtte eg sette meg djupare inn i konflikten mellom Israel og Palestina. Eg har lese ei bok av Odd Karsten Tveit, «Krig og diplomati», om prosessen frå 80-talet og vidare, så har eg sett intervju og dokumentarar om korleis Terje Rød-Larsen og Mona Juul jobba, seier Dalseide.

Kven Mona Juul er på privaten, har ikkje vore viktig for Dalseide.

- Eg har jobba mykje med sjølve manuset og spurt meg kva stykket ønskjer å fortelje. Det er ei historie om håpet om å få til fred i ein betent konflikt. Eg har ikkje tatt stilling til korleis Mona er på privaten, men eg har vore opptatt av korleis dei ulike personlegdomane til Mona og Terje speler inn i handlinga. Eg oppfattar at Mona er eit menneske som tenkjer seg om to gongar før ho pratar, medan Terje er meir utovervend.

LES OGSÅ: Stykket møter sterk kritikk frå historieforskar: – Bidreg til eventyrforteljing.

Håp

I 1993 var håpet om fred i Midtausten stort. Håpet forsvann for dei fleste då Israels statsminister Yitzhak Rabin vart skoten på eit folkemøte i 1995. Sidan den gong har det vore lite håp om fred i Midtausten. Oslo tar føre seg dei dagane håpet var til stades.

– Stykket handlar om prosessen i 1993 og ikkje det som skjedde etterpå. Det vil sjølvsagt publikum tenke på. I stykket seier Mona at å løyse denne konflikten er opp til partane sjølv. Slik er det i ein kvar konflikt, i arbeidslivsmekling eller fredsmekling, at partane sjølv må ha eit ønskje om å møtast og å bli einige.

Historisk korrekt

Preben Hodneland speler Terje Rød-Larsen og meiner at stykket ligg tett opp mot Rød-Larsen sin versjon.

- Manuset er veldig historisk korrekt. I ein dokumentar fortel Larsen korleis prosessen gjekk føre seg, og stykket viser det same. Det er ei fantastisk historie kor stykket følgjer rekkefølgja i forhandlingane, seier Hodneland.

Sjølv om stykket ligg tett på Rød-Larsen sin versjon, meiner Hodneland at det finst ei kritisk røyst i stykket.

- Eg tykkjer ikkje dette ei heltehistorie. Oslo handlar ikkje berre om kor fantastiske vi nordmenn var som fekk dette til – det finst òg ei kritisk røyst i stykket. Det er eit stykke om håp i ein uløyseleg konflikt der Oslo-avtalen er ramma. Mange meiner at avtalen var ein fiasko som døydde med Yitzhak Rabin. Dei som fekk til Oslo-avtalen starta likevel noko som ein aldri hadde trudd skulle vere mogleg.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur