Kultur

Allereie nede i vegen, utanfor kyrkja, møter eg glade ­vertar som ønskjer velkommen til Hillsong Oslo. På hjørnet ­mellom Sannergata og Valdresgata ved Ringnes Park finn du den såkalla hipsterkyrkja som mange ­snakka om for eit år sidan. I utlandet har fleire kjendisar vore tilknytt kyrkja, så då Hillsong kom til Noreg i fjor vår blei det fleire medieoppslag. Dei som møter meg er også unge og hippe, men Justin Bieber er nok på ei anna Hillsong-guds­teneste denne føremiddagen.

Mest av alt er det ufatteleg mange folk – så mange at det er mest vanskeleg å koma seg inn dørene i Sannergata 12. Eg får tilbod om kaffi både på kyrkje­trappa og inne, og det kjennest som at alle eg ser smiler eller seier «velkommen». Nokon har Hillsong-t-skjorter, og på eigne banner står det «Velkommen hjem».

I mylderet av menneske og inntrykk ser nokon at eg er i ukjent terreng. Ei ung kvinne kjem i prat med meg, og med eitt kjem fleire til. Etter litt småprat får eg følgje inn i salen når dørene opnar. Sjølv om eg ikkje kjem særlig tidleg, held alle seg i kafeen eller på kyrkjetrappa til nærare ti over elleve. Er det for å skapa meir rom for det ­sosiale, tru?

LES OGSÅ: Mellom makt og rikdom