Edvardsen endar fort opp i kontroversar når han prøver å hjelpe
Gjennom satellittar og omfattande kampanjar har dagleg leiar for Troens bevis, Rune Edvardsen, forkynt evangeliet i store delar av verda. Denne veka blei han intervjua i Min tro-serien til Vårt Land på Olavsfest.
Rune Edvardsen i samtale med Vårt Land-journalist Elise Kruse i Vår Frue kirke
Erlend Berge
– Eg har ikkje alltid vore det beste eksempelet. Eg har 46 sting i panna frå då eg var 15 og kjøpte ein gammal, amerikansk bil ilag med ein kompis. Vi hamna i eit tre etter 600 meter. Det var han som køyrde.
Krasjet sto ikkje heilt i stil til det å vere son av den velkjende predikanten, Aril Edvardsen. Elles var det greitt å vere evangelistson i Kvinesdal.
– Eg fekk moglegheit til å vere Rune frå dag ein og blei aldri tvungen til å vere noko eg ikkje ville.
Bestill abonnement her
KJØP