Kirke

Draumen er å presentere alle misjonshusa i bokform

Medan andre jaktar badeplassar, brukar Carl-Johan Ivarsson og Henrik Olsson sommaren i Värmland på å jakte misjonshus.

Bilde 1 av 3

Teksten er tidlegare publisert i svenske Dagen

– Det er jo ein veldig viktig del av Värmlands historie som risikerer å bli heilt bortgløymd, seier Ivarsson om prosjektet som starta for nokre år sidan.

Til saman har dei to barndomsvenane reist rundt for å fotografere og dokumentere nærare 500 bygningar. Samanlagt finst det om lag 700 misjonshus, kapell og sommarhus som er bygde og drifta av misjonsforeiningar i Värmland.

Ideen til prosjektet kom då tidsskriftet Värmländsk kultur hadde eit nummer om folkerørslehus.

Ivarsson og Olsson skreiv då om husa til vekkingsrørsla.

– Vi haldt fram med dokumenteringa i fjor. Då tenkte begge to at vi ville prøve å dokumentere alt.

Liknande prosjekt har blitt gjort i andre landskap, men ikkje i Värmland.

– Värmland er eit landskap med mange misjonshus, det var eit kjerneområde for Svenska missionsförbundet og vekkinga var sterk her. Så det er ein omfattande jobb å dokumentere alt, seier Ivarsson.

Kyrkjeslektingar

Ivarsson og Olsson har mykje til felles. Begge er gymnaslærarar i historie og aktive kyrkjegjengarar. I tillegg er dei i slekt.

– Oldeforeldra mine var med på å grunnlegge Kila missionhus, og slektningane til Henrik var med på å starte Säffle missionsförening, fortel Ivarsson.

– Eg har sjølv vore med på møte i fleire av desse gamle husa. Mykje har forsvunne sidan den gong. Dokumenteringa vi gjer no, er i siste liten. Samstundes har moderne teknikk gjort det enklare å tilbakeføra bygningane.

Den aller første misjonsforeininga i Värmland byrja 1857 i Karlskoga. Misjonshusa, som nokre gongar ligg på ein tettstad, andre gongar midt ute i skogen, samla foreiningane til møte og innsamling av pengar til indre og ytre misjon.

– I dag er mange av misjonshusa borte, seier Ivarsson.

Nokre er selde til privatpersonar og blir brukt som fritidshus. Andre blir brukt som samfunnshus. Dei som framleis blir brukt av forsamlingar er som oftast blitt modernisert. I andre høve står dei og forfell.

LES OGSÅ: Bedehusfolket gjorde fotoprosjekt mogleg

Mykje arbeid

Dokumentasjonen inneber mykje arbeid for dei to fritidsforskarane. Fotografering og snakking med folk som kjenner bygningen og kva han blir brukt til i dag, må til. Etterpå er det å finne historia til bygningen gjennom arkiv- og litteraturkjelder.

– Vi har finkjemma historiske skrifter og soknebøker om frikyrkjeverksemd, seier Ivarsson.

Tredje del i prosjektet inneber skriving, blant anna i bloggform.

– Vi håpar å presentere materialet i bokform i 2020, men fram til då må vi finne sponsorar og jakte stipend.

Forskarane har hatt mykje kontakt med lokalbefolkninga. Ivarsson tykkjer desse møta er det gjevaste.

– I Bjurtjärn trefte vi ein 87 år gamal farbror. Han viste oss rundt og fortalde mykje. Det var ei morosam oppleving.

Ikkje nostalgi

På reisa har forskarane sett bygningar i alle moglege forfatningar og bruksområde, frå privateigd til kristeleg bruk. Spørsmålet om kva ein skal gjere med denne arva, reiser seg: Er det synd at bygningane blir avvigsla, eller er det betre at dei blir brukt av til dømes privatpersonar?

– Det er viktig å dokumentere desse husa. Eg opplever et vekkingsrørslene har mista kontakten med fortida. Difor risikerer vi at historie går tapt. Men eg er ikkje nostalgisk – vi skal ikkje tilbake til ei svunnen tid, det er ikkje realistisk. Eg meiner det er viktig at husa blir verna. Kanskje ein kan ha gudsteneste der frå tid til annan. Om foreininga ikkje har råd til å halde på dei, håpar eg at kjøparane vil gjere det. Det verste er å sjå hus som er heilt forlatne.

LES OGSÅ: Nostalgibølge gir bedehusene nytt liv

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke