Kultur

Diktar liv i abbedisse frå mellomalderen

FORFATTARINTERVJUET: Aina Villanger skulle skrive ei diktsamling om papirfabrikken på Klosterøya i Skien. Så vart ho fengsla av namnet Baugeid Dagsdatter — abbedisse ved mellomalderklosteret Gimsøy.

– Det er få som veit noko om ­kvifor denne bydelen heiter Klosterøya, for det finst ingen ­ruinar eller leivningar etter klosteret, seier forfattar Aina Villanger.

###

Fem år er gått sidan ho debuterte med diktsamlinga langsang. et flytans habitat i 2012. No er ho aktuell med prosaverket ­Baugeids bok.

Villanger er sjølv frå Skien og har lenge hatt lyst til å skrive om Klosterøya, eit viktig historisk område, blant anna grunna papir­fabrikken som vart bygd der i 1873. Ho søkte til kommunen om prosjektstipend og fekk det. Men då ho byrja å lese i det historiske materialet, skjønte ho at det ikkje var fabrikktida ho ville skrive om.

Ei setning i Snorre

Eit ­stykke ovanfor papirfabrikktomta stod ­benediktinarklosteret ­Gimsøy fram til det brann 1546. Det 
vart truleg oppretta i første 
halvdel av 1100-talet av lendmann Dag Eilivsson etter at han hadde vore med Sigurd Jorsalfare til ­Jerusalem og Konstantinopel.

– Det er skrive ein god del om Dag Eilivsson og sonen Gregorius Dagsson i Snorres kongesagaer, fortel Villanger.

Dottera Baugeid Dagsdatter står det lite om, men ho er nemnd i ei setning.

– Dette namnet lyste imot meg, og eg visste at eg ville skrive om henne.

Boka er ei samansetjing av prosatekstar: Det er tilsyne­latande autentiske notisar om ulike saksforhold og lister av råd og reglar for korleis ein skal kle seg og te seg, det er prosa i sagastil og høgtidelege, nærmast svulstige passasjar om religi­øse visjonar. Til saman fortel dei ­historia om ein sjukleg jent­unge som blir send til England for å gå i kloster — ho eignar seg kanskje ikkje til å vere mor og kone. Som vaksen kvinne kjem ho heim att til Noreg for å bli abbe­disse ved det nyoppretta Gimsøy 
kloster.

– Kva som gjorde at akkurat ho enda opp i kloster, kan vi ikkje vite, berre tenkje oss til, seier Villanger.

LES OGSÅ: Elleve kvinner konfirmeres

Gud og naturen

Det er ikkje noko tydeleg skilje mellom kristen­dom og heidendom for bokas Baugeid. Ho er oppvaksen i ein heidensk tradisjon, og det er faren som tar med seg kristen­trua tilbake frå ­Jerusalem. Mora held fram med å be til Tor og Odin.

– Denne dobbeltheita ligg ­allereie i namnet hennar, seier Villanger, og viser til etymologien.

Baugeidr er eiden ein svor ved den heilage stålringen som låg på pallen i heidenske gudehov. Broren Gregorius, som blir viking, har derimot eit kristent namn.

Villangers Baugeid er nært knytt til naturen og har lært av urtekona i bygda korleis ho kan nytte han til å lækje. Samstundes er ho nært knytt til jomfru Maria. For Baugeid høyrer dei to tinga saman. Det heidenske og det ­religiøse flyt over i kvar­andre, utan ho føler seg splitta av den grunn.

Guddomskrafta ligg nettopp i ­naturen, dei religiøse visjonane får ho der, ikkje i klosteret.

– Kanskje var den svakheita som prega henne, heller ein type sensibilitet som kunne opne for kontakt med det åndelege, seier Villanger.

– Baugeid får visjonar av Adam i Paradis, av Maria og ­Jesusbarnet, av dommens dag. Men det verkar ikkje som 
ho har noka oppfatning av ein dømande Gud, slik ein kanskje ser for seg at folk hadde i mellomalderen?

– Dette var så tidleg i kristen­dommen i Noreg, før han ­hadde sett seg ordentleg og skapt ­strenge rammer.

LES OGSÅ: Nonnen får kirke i gave

Kropp og sjel

Koplinga mellom kropp og sjel er først og fremst psykosomatisk. Fleire stader i boka er det oversikter over kva urter som kan hjelpe på humør og sinnsstemning i ymse situasjonar. «Havrerødder (ved redsel for å se en ond ånd)» er eit av ernæringsråda for åkerarbeidarar. Det finst også råd for dei som vever, mot lastar, for ­fremjing av dydar, og mykje meir. Men det står lite om sjela og evig 
liv.

– Eg er usikker på kor reli­giøs Baugeid eigentleg var, om ho tenkte at ho skulle leve vidare i paradis. For kvinner kunne klosteret vere ein måte å sleppe unna det å gifte seg og få barn på, meir enn det var eit ønske om gudsdyrking, seier Villanger.

Det kroppslege og det sanselege er svært present på ein heilt naturleg måte i livet til Baugeid. Og den kvinnelege seksualiteten er ikkje knytt til skam, korkje onani eller orgasme.

– Eg er opptatt av overskriding som skjer i det fysiske, konkrete. Orgasmen er den mest transendente og samtidig mest kroppslege erfaringa vi som menneske kan ha.

– Her kan det synast som ­mellomalderkvinnene hadde eit meir naturleg forhold til kvinnekroppen enn det vi har i dag?

– Vi veit lite om kvinner i ­denne perioden, utover det at det var ei veldig fruktbar tid for kvinner. Det var større rom for at dei kunne ha maktposisjonar enn det blir seinare, og Maria-dyrkinga er nok ein viktig faktor. Kanskje var desse tinga mindre skamfulle?

Det er umogleg å sjå til­bake 
på denne perioden med eit anna blikk enn det som er farga av samtida vår og alt vi veit om tida etter, meiner 
Villanger.

– Er dette eit forsøk på historie­omskriving?

– Det er ei problematisering av kva historia er, og det er liksom­autentisk — ikkje 
eit historisk saksforskingsprosjekt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur