Den italienske forfattaren Italo Calvino skriv i eit kjent essay at klassikarar er slike bøker som folk seier at dei les om att eller på nytt. Til skilnad frå litteratur elles, altså, som vi berre seier at vi les. Stormfulle høgder frå 1847 er utan tvil ein klassikar. Etter å ha spurt nokre leseglade venner, viste det seg at ikkje alle, om dei var heilt ærlege, har lese boka. Men mange har sterke minne om filmatiseringane og kjenner Kate Bush si dramatisering av det stormfulle forholdet mellom Heathcliff og Cathy i pop-låta Wuthering Heights. Det dreier seg altså om måten folk talar om litteratur på, ikkje berre om kva dei faktisk har lese. Dessutan kjem det stadig unge førstegongslesarar til. Det gjer at Calvino går vidare med å seie at klassikarar er bøker som toler å bli lese om igjen, som faktisk ikkje berre toler det, men som er i stand til seie lesaren noko nytt.