Bøker

Den fløgstadske krigen

I «Due og drone» peiker Kjartan Fløgstad på korleis norsk næringsliv samarbeidde med den tyske okkupasjonsmakta under krigen utan å bli straffa for det.

– Når vi snakkar om frigjeringsdag i Noreg, så snakkar vi om 8. mai 1945. Men for ein stor del av Noreg er frigjeringsdagen 25. oktober 1944, da Den raude armé hadde jaga tyskarane vest for Tanaelva.

Kjartan Fløgstad er bestemt i stemma, som han oftast er.

– Dei norske polititroppane kom etterpå. Og der var òg fenrik Olav Sima med.

Evig aktuelt

Olav Sima er ein av dei sentrale romanpersonane i Due og drone, Fløgstad sin femtande roman, og rundt regna førtifjerde bok. Å forklare kva Due og drone handlar om er komplisert. Boka følgjer fleire romanpersonar, og hoppar fram og tilbake i tid. Den går føre seg frå krigen bryt ut, opp til den dag i dag, og over i morgondagen. Slik er Due og drone ein roman om Noreg og alt som ligg gravlagt av historie, men som framleis er aktuelt.

Alt frå himmelen

La oss starte med Olav Sima. Han går frå å vere bondegut til fabrikkarbeidar, frå soldat i krigen til å bli politikonstabel, før han endar opp som forretningsadvokat. Kven er han?

Fløgstad lener seg bakover.

– Ja, det var jo ein kort CV det der da. Men eg kan kanskje utfylle litt.

Fløgstad fortel at Sima kjem frå Ulvik i Hardanger, og blir kalla Elvekongen.

– Han meiner han tilhøyrer hardangeradel og derfor har odel på alt som kjem ned frå himmelen, særleg i veskeform. Eg veit ikkje om han er så interessert i alt det andre som kjem ned frå himmelen, føyer Fløgstad tørt til.

LEST DENNE? Kjartan Fløgstad skriver seg gjennom det 20. århundret

Frå Sauda til USA

I starten av romanen hamnar Sima på ein industristad som liknar på Sauda, og det er der han arbeidar 9. april 1940.

– 9. april er ei viktig hending i livet hans, og han er med på felttoget, før han kjem seg til Skottland. Der blir han utdanna som kommandosoldat, og er så vidt innom politietaten i Kirkenes hausten 1944.

Og så går det slag i slag.

– Som mange krigsveteranar blir han sendt til USA med stipend etter krigen. Trives ikkje der, kjem tilbake som politimann, og tek juss på eit semester eller to. Og så blir han headhunta til jobb som forretningsadvokat for Oslo-konsortiet.

Nazistisk krigsindustri

Det var ei gruppe forretningsfolk i Oslo som under krigen gjekk inn for å produsere aluminium, som var eit krigsviktig materiell. Dei var knytt til IG Farben, det store, tyske konsortiet.

– Du skriv at Oslo-konsortiet inneheldt industrileiarar og kapitalforvaltarar som samarbeida med tysk industri som brukte slavar frå Auschwitz?

– IG Farben var ein hovudpartnar til det nazistiske styret. Som tysk industri og tysk næringsliv var i det heile. Jernbana frakta jødar og fangearbeidarar til dødsleirane. Og ingeniørane gjorde så godt dei kunne for å bygge effektive krematorium. Og så vidare og så vidare. Oslo–konsortiet gjekk inn i denne nazistiske krigsindustrien.

Vanskeleg å dømme

I romanen er industrileiarane og kapitalforvaltarane i Oslo-konsortiet særs dyktige til å tilpasse seg. Fløgstad seier det var forsøk på å få dømt norske krigsdeltakarar etter krigen, men det var ikkje så lett. Spesielt ikkje for økonomiske brotsverk.

– Kvifor ikkje?

– Dei hadde gode advokatar. Og så er økonomisk brotsverk vanskelege å etterforska og vanskelege å dømme. Og deira advokatar greidde stort sett å få utsett rettargongen, slik at da tida kom så hadde både viljen til hemn og rettferd bleikna.

Fløgstad peiker òg på at medlemmar i Oslo-konsortiet var viktige i norsk økonomi og oppbygginga av Noreg etter krigen, i særleg grad Norsk Hydro.

– Generaldirektøren i Norsk Hydro, Axel Aubert, var så elskverdig og døde under krigen, så han kunne få tildelt mykje av skulda.

– Kvifor er det så lite snakk om dette økonomiske samarbeidet mellom dei tyske okkupantane og norsk næringsliv?

Fløgstad tek ei pause før han svarar.

– Eg kan jo tenkje at det rører ved sentrale aktørar i norsk samfunnsliv. I fleire tiår etter krigen rørte det ved viktige personar. Og det var kanskje mange som ikkje hadde interesse i å ta opp dette så tidleg.

LES MER: Fortsatt ikke lei av 2. verdenskrig

Aust-fronten i nord

Men no stoppar Fløgstad opp, og vil heller snakke om ei anna hovudlinje i Due og drone, som startar i nord.

– Det går an å seie at det var der det var krig i Noreg, frå 1941 til 1944.

– Slaget i nord var eit av dei viktigaste slaga på Aust-fronten i 1944. Det er rekna med at det fall to tusen sovjetiske soldatar på norsk område for å frigjere Finnmark fram til Tana.

Fløgstad meiner at frigjeringsdagen for ein stor del av Noreg er like mykje 25. oktober 1944, som 8. mai 1945. Det var da den russiske hæren dreiv dei tyske soldatane bort.

Respektlaust

Due og drone er ein typisk Kjartan Fløgstad–roman med sitt mangfald av avstikkarar, ideologiske slagsider og humoristiske innfall. Men det er framleis veldig utypisk i norsk samanheng. Eg prøver å spørje Fløgstad sjølv om kvifor han er aleine om å skrive fløgstadsk. Da svarar han at det er han ikkje den rette til å svare på. Men etter nokre sekund kjem det eit svar likevel:

– Ein ting eg kan seie der, er at industribakgrunnen min er ganske unik. Den ballasten, den feelingen som livet knytta til tungindustrien har, er ikkje lenger. Ingen kan oppleve det på nytt. Det var ei banebrytande oppleving for meg. Og kanskje forteljarmåten skriv seg frå dette. Det munnlege, kritiske, erfaringa av at kollektivet står saman. Vi var trygge på at det var vi som var sjefar, på ein respektlaus måte. Det er eit utgangspunkt for mi skriving som ingen andre har, trur eg.

Underkasting eller å gå under

Fløgstad trekk inn den franske forfattaren Didier Eribon, som kom på norsk med boka Hjem til Reims i 2018.

– Han har sagt at det var enten å underkaste seg eller å gå under.

Å underkaste seg var å gje seg over til det parisiske, intellektuelle systemet, som om det ikkje var noko alternativ.

– Eg trur at bøkene mine prøver å hevde styrken til motkulturane, styrken til organiseringa nedanifrå, som viser at det er mogleg å velje noko anna enn å underkaste seg eller å gå under.

---

Kjartan Fløgstad

  • (f. 1944) er ein av Noregs mest høgt akta forfattarar, og fekk sitt store gjennombrot med romanane Dalen Portland (1977) og Fyr og flamme (1980). Han fekk Kritikarprisen for Grand Manila i 2006 og Brageprisens hederpris i 2008. Er i haust aktuell med romanen Due og drone.

---

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Bøker