Religion

- Danninga må skje i alle fag

Debatten om KRLE-faget rullar vidare: Er faget avgjerande for danninga til elevane eller er det er like mykje danning i matematikk?

Bilde 1 av 2

– Det er klart det er danning i alle fag. Danning må skje i matematikk, engelsk, norsk og alle andre fag. Det er danning i å forstå statsbudsjettet og global økonomi. Det er danning i å forstå norske dialektar. Det er potensielt danning i mykje, seier religionshistorikar Torkel Brekke ved Universitetet i Oslo.

I Vårt Land 5. mars ga han si støtte til forslaget om å ta KRLE-faget av timeplanen. Forslaget var sett fram av sosiolog Gunnar Aakvaag ved Universitetet i Tromsø tidligere i år. RLE-seksjonen ved Oslo Met reagerte på utspelet.

«KRLE er kanskje skolens viktigste danningsfag hvis formål er å ruste elevene til å tolerere ulikhet, stille kritiske og undersøkende spørsmål, reflektere over etiske dilemma, og samtale med mennesker som har en annen tros- og livsynsoppfatning enn dem selv», skreiv RLE-seksjonen i Vårt Land (18. mars).

Torkel Brekke er ikkje heilt einig.

– KRLE-faget består av tre delar. Ein av dei er religionsdelen, som handlar om faktakunnskap som skal inn. Når RLE-seksjonen snakkar om danning, reknar eg med at det er den filosofiske og eksistensielle delen dei siktar til. Å meine at dette samansette faget reddar danninga til elevane, er for enkelt, seier Brekke.

LES MEIR: Er religion virkelig viktigere enn økonomi eller juss? spør Torkel Brekke 

LES OGSÅ: Elevar meiner dei treng KRLE-faget

Særskild ansvar

RLE-seksjonen ønskjer ikkje å stille med enkeltpersonar i debatten då dei står samla om utspela. Difor er dei referert til som RLE-seksjonen i denne saka. Dei er ikkje usamde i at danning skjer i andre fag, men argumenterer for at KRLE-faget har eit særskild ansvar.

– Danning som forming av personlegdom har djupe røter innanfor ein filosofisk fagtradisjon. Dette har KRLE-lærarane ei særskild kompetanse på. Denne danninga skjer innan filosofi og etikk-delen av faget, seier RLE-seksjonen.

– Kva med religionsdelen av faget, er den eigna til danning?

– All fagkunnskap kan bidra til danning. Her stiller kunnskap om religionar og livssyn på linje med kunnskap om til dømes politiske ideologiar. Men målet er sjølvsagt ikkje å danne elevane i tyding forme dei i retning av ei bestemt religiøs eller livssynsmessig retning, like lite som samfunnsfagsundervisinga vil forme eleven i retning av ein bestemt ideologisk identitet, seier RLE-seksjonen.

LES OGSÅ: Filosof Ola Martin Moen meiner KRLE-faget gjer elevane etiske nøklar

Faget endrar seg

Brekke sa til Vårt Land (5. mars) at KRLE-faget ber preg av at «religion blir forstått som en samling monolittiske størrelser, der noen enten tilhører det ene eller det andre, eller aktivt ikke tilhører en religion».

RLE-seksjonen meiner at denne verdsreligionsmodellen var meir framtredande før, men at skulen har tona dette ned dei siste åra.

– Brekkes kritikk rammar eit fag som ikkje lenger eksisterer. Det fagdidaktiske forskingsfeltet har i lang tid vore medvitne utfordringane Brekke påpeiker, og lærarutdanningane landet over har tatt dette inn over seg for lengst. Dei seinare åra har OsloMet (tidlegare Høyskolen i Oslo), uteksaminert hundrevis av KRLE-lærare som har opparbeida seg ei kompleks og nyansert forståing av religionar og livssyn, seier RLE-seksjonen.

Men Brekke har lese lærarplanane og hevdar dei framleis er bygd på verdsreligionsmodellen.

– I læreplanane er det inga tvil om at det er ein slik modell som ligg til grunn for undervisinga i alle religionane og livssyna, også for kristendomen, seier Brekke.

LES OGSÅ: Lærebokforfatter positiv til kutt i religionsfaget

Prioriteringar

– Er det ikkje litt merkeleg at du som religionshistorikar vil ha vekk ditt eige fag i grunnskulen?

– Eg er ikkje imot at barn og unge skal lære om kristendom og andre religionar. Men vi må tørre diskutere kva som er viktig. RLE-seksjonen skyr unna diskusjonen om kva som er viktigast.

– Forsking syner at ungdom etterlyser kvalitetssikra kunnskap om religion, kvifor trur du det er slik?

– Det er sikkert fleire grunnar til det. Men det kan jo delvis nettopp vere eit symptom på at vi proppar øyra til elevane fulle av religion gjennom heile skulegangen og gjennom debattar i media. Religion blir brukt som forklaringsramme til stadigheit. Og det er jo nettopp det eg pirkar litt borti her i denne debatten.

RLE-seksjonen held fast i at kunnskap om religion og livssyn er både dagsaktuelt og viktig for å forstå historia.

– Svært mykje av det som fyller nyheitene og skjer i dagens samfunn, heng saman med religiøse og livssynsmessige spørsmål. Dette har også forma mykje av fortida, seier RLE-seksjonen.

Når religion og livssyn allereie er til stades i både klasserom og elles i verda, meiner RLE-seksjonen at det er naudsynt med påliteleg kunnskap.

– Spørsmålet er ikkje om kunnskap om religionar og livssyn bør få plass i klasserommet, det har det allereie. Det viktigaste spørsmålet er kva kunnskap om religion og livssyn elevane i norsk skule bør ha tilgang på. Forsking syner at i ein uoversiktleg mediekvardag, er skulen ein av dei stadene elevane forventar å finne påliteleg kunnskap om samfunn og verda.

LES OGSÅ: Grøvan mener forslag om å kutte religionsfaget er skivebom

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion