Bøker

Ein varm ironikar fyller 80

Einar Økland er ein av få forfattarar som er like høgt skatta både i barnelitteratur, dikt og essayistikk, skriv Jan Inge Sørbø.

Forfattaren Einar Økland fyller 80 år i dag. Han er ein av dei mest produktive og anerkjente forfattarane i etterkrigstida, med nær på 80 utgjevingar sidan debuten med diktsamlinga Ein gul dag i 1963. Økland er fødd i Valevåg, der han framleis bur, og utdanna seg til psykolog, men har vore fulltids skrivar det aller meste av yrkeslivet. På slutten av sekstitalet var han eit sentralt medlem av den såkalla Profil-krinsen, ei gruppe som braut med tradisjonalistisk litteratur og definerte ein ny generasjon. Han var også sentral i tidsskriftet Basar.

Utfordrar normene

Økland har skrive i mange sjangrar, og har utfordra normene i dei fleste. I lyrikken gjorde han definitivt opp både med den nasjonale nynorsk-linja og den tunge eksistensielle tonen frå femtitalet, og skapte vers som vekslar mellom ironi over slitne tankemåtar og eksistensiell undring knytt til ting, livsfasar og natur. Ein finn lite av «einsame menns triste song» (Øklands uttrykk), men like fullt alvorlege refleksjonar. Omkring 1970 fornya han prosasjangeren med bøker som Galskap (1971) og Stille stunder (1974), men tok på same tid farvel med roman-sjangeren, om lag på same tid som romanen gjekk i revolusjonens teneste. I staden gjekk han inn i og fornya radikalt barnelitteraturen, der han skreiv både forteljingar og lyrikk. Her bryt han med den sterke, didaktiske tradisjonen, som skal bruka litteraturen til å gjera barn til gagns menneske. Hos Økland er barnet allereie eit fascinerande menneske, og som få andre greier han å lytta seg inn til barnet sin persepsjon og oppleving, samstundes som han veit svært godt at han sjølv er ein vaksen som skriv.

Kvardagslivet

Då Økland la bort vaksen-romanen som form, vende han seg i staden mot andre former for prosa. Han snakkar sjølv om oppdaginga av det trivielle som eit vendepunkt; han vart levande oppteken av små og store ting som er viktige i kvardagslivet vårt, men som vi ikkje tenkjer på. Dette opna for ein serie bøker som handlar om reklameplakatar, bokomslag, gløymde slagarar og brevmerke. Han likar å utforske ting som andre overser, som tyske soldatar sine maleri frå Norge under okkupasjonen, eller malebøker for barn. Han skriv hyllingsdikt til skrujernet og samlar privat på leiker frå mellomkrigstida. Nokre av diktsamlingane kallar han «folkeminne», fordi han teiknar ned ting som er viktige, men ignorerte i dagleglivet.

Oslo  20151208.
Brageprisen 2015 ble delt ut tirsdag p Dansens Hus i Oslo. Hedersprisen gikk  til Einar Andreas ÿkland.  
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

«Einar Økland likar å utforske ting andre overser», skriv Jan Inge Sørbø. Foto: Terje Bendiksby/NTB scanpix

Essayet

Dette fører han over i det som kanskje blir hovudsjangeren hans: Essayet, der han som fri og vandrande skribent kan skriva om andre ting, stilla andre spørsmål og finna fram gløymde realitetar. Då norsk skjønnlitteratur vart meir essayistisk utover mot årtusenskiftet, hadde Økland dyrka essayet i lang tid. Her har han også skapt nokre av sine beste titlar, som Frå helling via hylling til halling (1997) og Fotgjengar med fotnotar (2013). Eit gjennomgåande trekk i essayistikken er interessa for andre kunstartar, særleg bildekunst og illustrasjonar. Og han finn teikneserien like interessant som gallerikunsten. Han har også skrive eit perspektivrikt føreord om salmane til Blix.

Ironikar

Økland blir gjerne omtala som ironikar, og med rette, for han etablerer alltid eit utanforblikk på det sjølvsagte og håner det dumme. Men det er også ein sterk varme i forfattarskapen, ein kjærleik til det uskuldige gode som er truga.

Økland har fått ei rekkje prisar, mellom anna Brages ærespris og Doublougprisen. Han er ein av få forfattarar som er like høgt skatta både i barnelitteratur, dikt og essayistikk. Han har dessutan gjort ein stor innsats som konsulent og i forfattararorganisasjonane.

Av Jan Inge Sørbø

LES OGSÅ: Poet Oskar Stein Bjørlykke har fylt 80. – Er ein var for det, kan ein sjå djupnene i kvart eit menneske

---

Einar Økland

  • (f.1940) er norsk forfattar, diktar, psykolog, essayist og kritikar.

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker