Bøker

Politikar på gamlemåten

Thorbjørn Jagland ter seg som ein politikar som meiner dei tinga han seier – på ekte.

Eg har alltid lurt på kvifor Thorbjørn Jagland er så misforstått, så latterleggjort og så utskjelt, med søkjelys på alt frå engelskkunnskapar til det berømte talet 36,9. Mange vil nok hevde at Jagland ofte er utsett for urettferdig behandling, nesten systematisk. Kan noko av grunnen ligge i måten den tidlegare statsministeren stiller seg til politikken på? I boka hans

Du skal eie det selv

fins det svar.

###

«Drittjobbane»

Jagland kjem sjølv med mange eksempel frå alle dei gongene folk har vridd og vrengt på det han har sagt. Tidleg i boka refererer han til dømes til ein TV-debatt der han kom til å sei at innvandrarar ofte var dei som måtte ta drittjobbane i samfunnet. «VG laget store overskrifter om at jeg hadde snakket nedsettende om bestemte jobber, men jeg hadde uttalt meg om noe jeg hadde greie på», skriv han.

Eksempelet kjem etter lange, nære og gode skildringar av oppveksten i Lier, korleis foreldra, besteforeldra og oldeforeldra alle sleit med arbeidet for at dei skulle ha råd til mat på bordet. Han skildrar korleis mora måtte ta den eine strøjobben etter den andre for å spe på inntekta, med alt frå tomatplukking til rensking av rosenkål. Det er ærlege skildringar av rått arbeid som gir yngre lesarar som meg sjølv innsikt i ei heilt anna tid.

Stoltenberg-konflikt mindre interessant

Etter mi meining er det her Jaglands bok er på sitt beste. Alt skriveriet om og medieinteressa for konfliktane med Stoltenberg og andre toppolitikarar er langt mindre interessant i mine auge, og lengre borte frå det prosjektet Jagland sjølv seier at boka er. Oppgjeret med Stoltenberg er tydeleg viktig for Jagland, men kjem så lenge etter dei verkelege hendingane at det knapt har relevans lenger. Også her viser Jagland seg av politikar av den gamle skulen, ved at han faktisk måtte venta til karriera var over før han valde å kommentere den gamle konflikten i detalj.

Barn av arbeiderklassa

Jaglands prosjektet er eigentleg ganske sympatisk: Å vise korleis eit barn av arbeidarklassa i Etterkrigs-Norge kunne stige heilt til topps og bli statsminister. Han seier han har kjend det som ei forplikting å fortelle denne historia, som eit bidrag til historieskrivinga om det moderne Norge.

Det syns eg boka gir grunn til å tru han på. Og den historia er viktig, for historia om oppveksten til Thorbjørn Jagland er også historia om framveksten av velferdsstaten og det moderne Norge. Jagland er sanneleg eit barn av sosialdemokratiet, der han vart fødd inn i eit land som etter krigen var prega av nøkterne kår.

Manglar ironisk distanse

Og kanskje er det her ein plass vi finn svar på den politikartypen Thorbjørn Jagland seinare har blitt kjend som: inderleg, overtydd og engasjert, tenkande og prinsipiell. Det er openbert at Jagland trur så sterkt på dei ideane han har vidd livet sitt til, at han manglar noko av den ironiske distansen mange av dagens politikarar har til det politiske livet, spelet og maktkampane. Jagland er ganske opplagt verken den munnrappe og glatte politikartypen vi har så mange av i dag, eller den meir seige politikartypen som kan svinge seg forbi all slags vanskar med solbergsk teflonbelegg.

Eit alvor

I boka kjem det tydeleg fram at Jagland tar seg sjølv høgtideleg, språket er ofte svulstig. Underforstått ligg eit alvor: Politikk er for viktig til å tulle med. Samstundes er det ein autentisk del av den politikargenerasjonen Jagland høyrer til, og slik sett passar det godt. Det er noko befriande med ein politikar som ikkje berre snur kappa etter vinden, eller endrar måten han er på for å bli betre likt, men som ser ut til å faktisk meine det han seier og opptre nokså ekte. Det er noko tillitsvekkande med politikarar som Jagland, som gjerne snakkar før dei hadde tenkt ferdig.

Viktor Hugo og Ronald Bye

Jagland gir gjennom boka eit grundig og godt innblikk i kvifor han landa akkurat der han landa ideologisk, sentralt plassert i det norske sosialdemokratiet. Han skriv engasjert om alt frå forfattaren Viktor Hugo som gjorde inntrykk på han, til inspirasjonen han fekk av Ronald Bye sine taler. Det er solide resonnement om kva som har ligge til grunn for det politiske virket hans.

Med den bakgrunnen som Thorbjørn Jagland har, er det tydeleg at politikken ikkje berre handla moglegheita til å sikre seg ei spennande karriere i rampelyset. Det er noko meir som ligg bak. Ein større himmel. Han hadde sett med eigne auge at den politikk og velferd kunne forandre dagleglivet til folk, få dei ut av livsfarleg arbeid og inn i ordna forhold. Det underliggande alvoret med politikken heng med han heile vegen.

Freidige, men udokumenterte påstandar

Det er nok mykje å kritisere i denne boka, som i mange andre politikarbøker. Til dømes: Kor godt er for eksempel perspektiva til meiningsmotstandarane tatt vare på? Kor mange sider treng vi eigentleg å lese om maktkampane internt i Arbeidarpartiet? Kor detaljert skal alle år og hendingar gjennom livet skildrast? Det ligg vel kanskje i memoar-sjangeren at det blir så mykje detaljar og årstal og folk at det er nøydd til å stanse flyten i den større forteljinga. Boka kunne også spart seg for ein del freidige, men udokumenterte påstandar, og gjentekne faktafeil med årstal og namn.

Jaglands bok er kanskje heller ikkje den største litterære prestasjonen eg har lese, men det er unekteleg interessant å få innblikk i korleis samfunnet har sett ut – sett med både perspektivet frå oppveksten i Lier, den tida Jagland fekk i statsministerstolen og seinare frå topposisjonen i Europa (sjølv om det meste frå denne interessante siste delen er varsla til bind 2).

Vil bli høyrt

Som han sjølv skriv, der han køyrer sjark utanfor huset i Risør, mot slutten av boka: «Jeg tenker på mitt liv. Arbeiderklassen gikk fra å kjempe for sin rett til å ta ledelsen i landet. Norge ble vårt. Vi fikk retten til vårt eget hus, til egen jord og egen fiskebåt. Jeg hadde aldri kunnet ledere en stor internasjonal organisasjon som Europarådet hvis det ikke hadde vært for Statens lånekasse.»

Det er ikkje mykje Thorbjørn Jagland ber om, berre at også hans side av historia skal bli høyrt. I så måte syns eg han har gjort eit godt forsøk med Du skal eie det selv.

LES OGSÅ: 

Jagland med krasse oppgjør med harselaser

---

Bok: Biografi

  • Thorbjørn Jagland
  • Du skal eie det selv: Memoarer fra et politisk liv
  • Cappelen Damm 2020
  • 416 sider

---

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Bøker