Bøker

Lesing mellom liljene

Trøyst meg, Helge, men ikkje med mjuke kyss frå venleikens tigerlilje.

I krisetid kjem dikta med ende­rim, fulle av store kjensler og direkte tiltale. Dikt som seier «du», og vil noko med deg. Du må ikke sove, seier dei. Eller: Gå inn i din tid. Eg hugsar desse linjene, eg har høyrt dei bli lesne eller sunge, merka kor lette dei er å lære utanat.

Nordahl, Inger og Arnulf. Det er poetar vi er på fornamn med, som har skrive dikt som festa seg, ord vi framleis hugsar og brukar.

Kor mange av oss ville nikke­ like fortruleg til dei største norske samtidspoetane, viss vi hadde­ kjent dei att på gata? Viss eg nemner Øyvind og Cecilie, Steinar eller Inger Elisabeth, veit du kven eg siktar til då?

I det som verkar som ei fjern fortid, før 12. mars, gjekk debatten­ igjen om diktet si framtid i Noreg. Om kvifor så få les dikt i dag. Om kvifor så mange av dikta som blir lesne er dårlege. Viss ein søker på Noregs mest ­populære poet får ein opp bilete av Trygve Skaug og Alexander Fallo. Såkalla instagram-­poetar, som skriv dikt som får kri­ti­k-arane til å vri seg i stolane sine.

LES MER: Trygve Skaugs populære dikt er bare design på siden, mener kritiker. – Jeg har mer, han må bare stålsette seg, svarer Skaug

Populær poet

Men det kjem også opp eit anna bilete, av ein vestlending med alpelue og eit sympatisk glimt i auget. «Du trur ikkje på poesi?» spør han i eitt av dikta i den nye samlinga si, Liljevilje.

Helge Torvund er kjend både som twitterpoet, og som digital skrivelærar på «Diktkammeret». Han har skrive songtekstar for Vamp og Bjørn Eidsvåg, dikta hans blir sitert i gravferder og på gratulasjonskort, og han sel ut opplag på ein måte dei fleste­ ­kollegaene hans berre kan drøyme­ om.

Samtidig er Torvund ein poet som blir tatt på alvor av kritikarane, og stadig meir i seinare­ år, etter at samlinga Alt er høy (2007) kom ut. 30 år etter at han debuterte som forfattar i 1977, overraska han lesarane med ein ny stil, der det knappe og haiku-liknande var bytta ut med ordrike og leikande langdikt i beat-tradisjonen. Sidan har den svært produktive forfattaren følgt opp med tre diktsamlingar til, som har vist fram mange av hans beste kvalitetar: Folkelig, varm, reflektert, og i dialog med den litterære tradisjonen.

Helge Torvund er med andre ord ein poet ein får lyst til å vere på fornamn med. Det er ingen ting eg heller vil enn å bli ­dregen med ut frå mitt eige tronge­ ­heimekontor, til denne diktaren sin grøne hage, der humler surrer og den friske jær-vinden ruskar i lyngrabbane.­

Livet i døyande tre

Dikta i Liljevilje er jordnære i alle ­tydingar av ordet. Blomar og dyr, kvardagsgleder, samliv, kunst og naturens syklusar­ er motiva­ som oftast opptek det ­lyriske subjektet,­ som også sjølv kjenner seg dregen ned mot ­jorda. Det handlar om «livet i eit døyande tre», som Torvund sjølv formulerer det så fint.

Gud pustar

Fyrst synest eg at dette er eit godt landskap å vere i, om enn med litt i overkant ­mykje nynning frå havet. Ein roleg og kvardagsleg stad, som rommar noko større, slik det kjem fram i eitt av samlinga sine beste dikt: «Når eg legg hendene mot kvar­andre / slik laurdagen ligg mot søndagen, / kan eg kjenna Gud puste.»

Men ettersom eg les vidare blir eg skeptisk. Havet nynnar høgare­ og høgare, i eit landskap med «vibrerande vårknoppar i frostlys» og «mjuke kyss frå trøysta sine liljelepper», der eg-et «teier og lyttar og sansar og innser».

Tekstrommet er rett og slett så fullt av ord og påstandar at det ikkje blir plass til meg i det. Slik barokk overlessing har Torvund lukkast med i tidligare samlingar, men eg synest ikkje det passar­ inn i denne.

Flesk og kinesiske vers

Moralen­ i Liljevilje er nemlig som mottoet til Rema 1000: Det enkle­ er ofte det beste. Vel og bra med kamskjell servert med dill og peparrot i Amberley Castle, seier diktarstemma, men det er når han får setje tennene i ein nybakt brødskalk på eige kjøken at Gud openberrar seg ...

Feiringa av dei små ting er ikkje ukjent i norsk diktekunst. Det gjeng an å dikte om å steike flesk og lese kinesiske vers her i landet, og kanskje særleg går det an no, når vi alle må leve så til dei grader i kvardagen. Dikt om liljene som kjem fram, og gjer livet tydelig, om lyset som fyller dagane igjen, om å reise langt i tid og rom ved hjelp av bøker – det er vel akkurat slikt vi treng, akkurat no! Men så er det ikkje det likevel.

Bruksdikt

I presentasjons­teksten omtaler forlaget samlinga som «bruksdikt», og foreslår at lesaren kan bruke dei «til å hente håp fra og trøst». Dette er også ein heilt eksplisitt ­ambisjon i opningsdiktet: «Eg vil at dette­ diktet skal stryka alle kinn / Og halda om alle skuldrer som treng det».

Eg vel å ta bruksdikt-nemminga i beste meining, og sjå det som eit forsøk på å skape fleire av desse dikta som vi alle har eit forhald til. Dikt som ikkje berre­ blir lesne, men lesne mange ­gongar. Heilt til våre hjerter ­hamrer det om og om igjen.

Eg ønsker meg slike dikt, og gjerne retta mot vår eiga krisetid, som stort sett går ut på å «rusle­ halvsløv rundt / i kvardags­verda», som Torvund så humoristisk skriv. Men eg er usikker på om det blir desse. Sjølv om dei er målariske og velskrivne, så manglar dei det slåande biletet, eller den fengande musikaliteten, som kunne fått meg til å bla tilbake for å prøve å lese mellom liljene.

LES MER:

Arne Borge kommenterer: – Det er ikke Instagram-poesiens skyld at den «seriøse» poesien ikke når ut

Sumaya Jirde Ali anmelder Det uregjerlige: – Intetsigende poesi for Arbeiderpartiet

---

Dikt

  • Helge Torvund
  • Liljevilje
  • Aschehoug

---

Les mer om mer disse temaene:

Helene H. Hareide

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker