Bøker

Ny bok går i spora etter nynazistane: – Ein ekte grøssar frå verkelegheita

Den ferske boka om nynazistane i Norden er ein ekte grøssar frå verkelegheita. Om alt frå skrekkinngytande våpenarsenal til ny giv frå Donald Trump.

Kor mykje vald er vi menneske eigentleg i stand til å utføre, berre vi trur nok på saka? Det ekle spørsmålet gir Harald S. Klungtveits ferske bok Nynazister blant oss grufulle svar på.

Valdspotensial

Smak litt på ordet, som er eit av dei mest sentrale i boka. Konsekvensane av det som ligg i ordet «voldspotensial» har samfunnet vårt dessverre sett altfor mange gonger allereie.

Det feige drapet på Benjamin Hermansen, terroråtaka mot regjeringskvartalet og Utøya, Philip Manshaus drap og nesten-terroraksjon: Ingen har forårsaka så mykje vold og øydelegging på norsk jord som dei høgreekstreme og nynazistiske rørslene.

Rekrutterer på nett

SJØLVTILLIT: Etter å ha lese boka sit eg igjen med lite tvil om at Trump har gitt dei høgreekstreme, både våre heimlege nynazistar i DNM og i andre land, ny sjølvtillit, skriver Emil André Erstad.

Nynazister blant oss er ei nærast leksikalsk gjennomgang av den kanskje største tryggleiksrisikoen mot det norske samfunnet akkurat no, nemleg dei høgreekstreme blant oss. Klungtveits bok teiknar eit bilete av ei gruppering som på ingen måte ser ut til å døy ut, den største nynazistiske grupperinga her til lands, nemleg Den nordiske motstandsbevegelsen (DNM). Dette er gruppa som sannsynlegvis rekrutterer unge og søkande menneske på internett akkurat no gjennom krypterte meldingar på nettforum dei fleste av oss aldri ein gong vil kjenne eksistensen av.

Der kan dei skrive alt frå dei sjukaste konspirasjonsteoriar til valdsfantasiar om kven politikarar eller journalistar dei vil henge i ei løkke frå ein lyktestolpe.

Nøktern og modig

Klungtveit har gjort det til si oppgåve å følge, dokumentere og dissekere det meste som rører seg i dei høgreekstreme miljøa i og rundt DNM. Det er ein tøff jobb som inneber stor risiko, noko som har medført alvorlege trugsmål mot Klungtveit og hans familie – trugslar som ein Østfold-mann i juni 2019 vart dømt til fengsel for.

Klungtveits metode er ikkje berre heltemodig, men strengt faktabasert og ekstremt detaljert. I motsetnad til rabiate antirasistar er Klungtveit nøktern og profesjonell i si tilnærming. Det trengs.

Detaljnivået, ordbruken og valdspotensialet som kjem fram i boka er så ekstremt, men likevel høgst verkeleg og realistisk, noko som gjer at boka har same effekt som ein ekte grøssar.

Blant oss

Det sit altså folk rundt tastatura i dei tusen heimane og skriv ting som at styresmaktene eigentleg er styrt av ein sionistisk verdsomspennande konspirasjon. Nokre av dei går frå ord til handling ved å kjøpe inn våpen, skaffe seg kamptrening og planlegge for reell terror. Nokon – som ei celle av DNM i Gøteborg – går så langt som å gjennomføre terroraksjonar ved å utplassere bomber.

Allereie i tittelen kjem det fram eit ubehageleg faktum som får det til å gå kaldt nedover ryggen på den som blar om frå side til side. Det er skummelt på ordentleg å tenke på at desse valdsforherligande nynazistane kan vere naboane eller kollegane våre.

Rollemodellar

Ein får også inntrykk av at politi og tryggleikspoliti – som PST og svenske Säpo – framleis famlar i møte med nynazistane. Det skapar ei uro som sit att i kroppen lenge etter at boka er ferdiglesen.

Noko av det mest interessante – og kanskje mørkaste – med Klungtveits bok er det internasjonale perspektivet han presenterer mot slutten, om korleis dei nynazistiske rørslene i Norge og Sverige fungerer som rollemodellar for amerikanske høgreekstreme midt i Trumps base.

Klungtveit viser godt korleis DNM har blitt ein del av diskusjonen i amerikansk utanrikspolitikk, ved at Demokratane i Kongressen i oktober 2019 kravde at DNM og andre europeiske høgreekstreme organisasjonar skulle førast opp på lista over utanlandske terrororganisasjonar.

Trump motiverar

Etter å ha lese boka sit eg igjen med lite tvil om at Trump har gitt dei høgreekstreme, både våre heimlege nynazistar i DNM og i andre land, ny sjølvtillit.

Fleire av dei høgreekstreme som har brukt vold dei siste åra har oppgitt Trump som motivasjon, at dei endeleg har ein president som dei føler står på deira side og som oppmuntra dei til å dyrke hatet vidare. Ein gjennomgang avisa The Guardian gjorde i 2019 viste at minst 52 konkrete straffesaker i USA i løpet av snaue fire år hadde gjerningspersonar som var Trump-tilhengarar, og der dette var knytt til valdshandlingar og valdstrugslar.

Kanskje er lite skumlare enn at desse ekstreme og valdelege menneska opplever støtte frå verdas mektigaste mann. Siste kapittel i den historia er dessverre ikkje skriven.

LES OGSÅ: De deler mange synspunkter med mer høyreradikale grupperinger, men er penere i tøyet

---

Sakprosa

  • Nynazister blant oss. På innsiden av den nye norske høyreekstremismen
  • Harald S. Klungtveit
  • Kagge

---

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker