Bøker

Helten og monsteret

Bli med dit bratte vestlandsfjell stupar i fjorden og sjå korleis ei lita jente meistrar sitt fyrste møte med ur-monsteret.

ANMELDT AV MARIANNE LYSTRUP.

Ja, for det er dette som ligg i botnen av forteljinga: Ur-myten om helten som overvinn monsteret. Myten blir ikkje mindre aktuell og interessant av at helten her er ei lita jente. Småjentene i dag må sanneleg lære seg å kjempe. Men kampen i denne boka blir vunnen med overraskande «våpen».

Utan hjelm

Dette veit sjølvsagt ikkje borna som får denne boka mellom hendene. Dei ser ei tynn, trygg jente som dreg på spanande tur til hytta saman med pappa. Pappa og Ylva gler seg, og ho hoppar som ei fjellgeit over steinar og sprekkar i fjellet. «Ver varsam!» seier pappa, men han let henne hoppe, jamvel om stien går i bratt lende. Er dette forfattaren si helsing til foreldre som no for tida er påpasselege med å verne ungane sine med hjelm og alskens tryggingsutstyr? Eg trur det. Og eg tykkjer dette er noko av det fine med boka: Ho tek oss til ein stad der vi kan vera nær natur og kjenne oss heime i han. Angen frå lyng og sjø driv imot oss frå boksidene.

Siger

Det bratte lendet er ikkje det einaste Ylva må lære å meistre. For brått står den digre geitebukken Svartskjegg framfor henne på stien. Han «fnyser så snørret driv ut nasen». Dei blir redde både pappa og Ylva, men det er Ylva som ordnar opp. Ho finn fram eit pølsebrød frå sekken og sjå om ikkje det forvandlar monsteret til tam geitebukk!

Den gode

Vidare i boka kjem det fleire utfordringar, men Ylva meistrar dei alle saman. Rett nok ikkje heilt utan hjelp frå pappa, men det er ho som fører. Dette er Ylva si soge. Og heile vegen er det omsut og kjærleik som er drivkrafta. Ho er den gode helten, og jamvel om det ikkje er vondskap ho slåst mot, men barsk natur, gjer det nytte som motstand. Det handlar om å forstå at ein kan både nyte naturen og meistre utfordringane han byd på. Og jamvel om forteljinga har litt av eventyret sine kjenneteikn, er det ikkje meir usannsynleg enn at vi skjønar at det kostar. Ylva søkjer tryggleik i armkroken til pappa etterpå.

Tett på

Språket til Hilde Myklebust flyt lett og naturleg, med levande skildringar. Vi ser det så grant for oss. Og attpåtil er dette ei biletbok, så vi får endå fleire inntrykk til opplevinga av historien. Akin Duzakin sin kjende strek passar godt. Han er konkret og klår i framstillinga av det som skal vera i fokus, og passeleg diffus i landskapet ikring. Litt stive i kroppen er dei rett nok, både Ylva og pappa, men det er ein del av stilen. Truleg er det med på å framheva forteljinga på ein betre måte enn om det var meir naturalistisk teikna. Og portrettet av Svartskjegg er verkeleg utrykksfullt. Ein skjønar så vel at Ylva kan bli skremt.

Duzakin er òg påpasseleg med å variera perspektivet. Det er med på å gjera lesaropplevinga god. Somme stunder er vi tett på ei dramatisk hending, andre gonger tek vi inn større deler av landskapet og blir slik minte på kor me er.

Fargebruken er eit anna trekk ved illustrasjonane eg vil trekkje fram. Dei held seg tett på jordfargane og er slik sett gode for augo. Måten han får fram nyansar i det svarte fjellet på, er med på å skape liv på sidene.

Sjølvkjensle

Det er ei glede å fylgja Ylva på denne hytteturen og dei mange utfordringane ho løyser. Dette er med på å byggje sjølvkjensle hjå hovudpersonen og skape tiltru til livet hjå dei små lesarane. Sjå kva ho greier! Sjå så modig ho er! Og så god og full av omsorg ho er! Slik vil eg òg vera!

Spanande

Men om her er mykje å lære, er her ingen pedagogisk peikefinger å sjå, heldigvis. Boka er først og fremst spanande. Den eine utfordringa kjem etter den andre og Ylva tek tak i dei – og får lov til å vera helten. Vi har ikkje for mange bøker av dette slaget for tida. Men ungar i dag treng òg litteratur som kan rusta dei til å tru at dei duger til å kjempa mot monstre og vinna – og det heilt utan superkrefter og magiske drakter eller laservåpen.

LES OGSÅ:

Denne barneboka formidler en frisk og entusiastisk lek med kjønn som møtes med klokhet og varme, skriv Marianne Lystrup

Barn og unge les mindre. Er skjønnlitteraturen blitt ein rein skuleaktivitet? spør forfattar Bjørn Sortland

---

Biletbok

  • Hilde Myklebust og Akin Duzakin
  • Ylva og villgeitene
  • Samlaget

---

Les mer om mer disse temaene:

Marianne Lystrup

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker