Bøker

Lærerik bok om boka

Velskrive, lærd og medrivande om boka frå dei fyrste skriftteikn til dagens skrolling av heilag tekst, skriv Knut Ødegård i denne meldinga.

Bilde 1 av 2

Boka om boka - gjennom to tusen år, er tittelen på Hans Johan Sagrustens samstundes lærde og folkelege bok. Og sjølve Boka blant dei mange bøkene, er Bibelen: Ho kan med rette kallast revolusjonerande, ikkje berre med sitt innhald men også gjennom dei teknologiske nyvinningane dei bibelske skriftene har stått i brodden for – frå aposteltida til i dag.

Sagrusten skriv med ekte forteljarglede slik at lesaren får kjensla av å vera med på oppdagingsferd med dei mange sidevegar og uventa møte som ei slik ferd gjerne fører med seg.

Kristendomen som drivkraft

Her får vi innsyn i så godt som alt frå dei fyrste skriftteikn til dei nyaste digitale symbol og tekstformidlingar. Her får vi innføringar i bokstavar og ord, skrivereiskap og kva ein har skrive på, korleis tretavler, papyrsplanter, dyreskinn og papir vart omgjort til skriverullar. Og – med kristendomen som drivkraft – til boksider, ja, korleis boka vart til frå dei eldste tekster til dagens digitale bøker i form av skrolletekst i smarttelefonar.

Sagrusten grev seg nedover i denne historia, som ein arkeolog som byrjar i det som er oppe i dagen og til han endar i det som ligg lengst nede i tid – og der er boka nokså ulik den som står i dagens bokhandlarhylle.

LES MER: Det vestlige samfunnet er skapt og gjennomsyret av kristendommen. Tom Holland har skrevet en diger fortelling for å vise det

Gutenbergs revolusjon

Men med ordet bok meiner vel dei fleste av oss boka slik ho vart etter Gutenbergs tekniske oppfinningar for prenting. Og Gutenberg vert sjølvsagt ein sentral person også i Sagrustens framstilling. Bøker hadde vi jo frå før, både på papyrus, pergament og papir, jamvel prenting var gjort før i det gamle Kina – og kanskje var sjølvaste Julius Cæsar fyrst ute med sidene.

Men med støypeforma, der eit endelaust tal bokstavar kan formast etter originalen, innleier Gutenberg ein teknisk revolusjon i bokprenting som i prinsippet har vore uendra nesten til våre dagar. Med denne oppfinninga er masseproduksjonen av bøker i gang. Gutenberg får straks oppdrag frå den katolske kyrkja, og hans storverk er nettopp prentinga av Bibelen. Som Sagrusten peikar på fleire stader, er produksjonen av dei bibelske skriftene heilt frå fyrste stund eit slags lokomotiv i utviklinga av bokframstilling.

Dei manglande bøker?

Det er ugjerleg i ei stutt bokmelding å gå nærare inn på det mangfaldet av tema og sidetema som dette rike populærvitskaplege verket femner om. Som bokmann og bibelbrukar veit eg no mangt og mykje som eg ikkje visste frå før.

Saknar eg noko, måtte det helst vera noko meir om kvifor dei protestantiske biblane har utelete dei sju deuterokanoniske bøkene slik at den protestantiske Bibelen har sju færre bøker enn den katolske. Dette opplevde eg heilt konkret då eg nyleg tenestegjorde som lektor i messe og skulle lesa frå ei av desse "fjerna" bøkene, 2. Makkabearbok. Den boka er jo elles viktig i forståinga av purgatoriet.

LEST DENNE? Erik Lunde anmelder: – «Politisk teologi» er et kjærkomment bidrag om religion og politikk

Seint ute på norsk

I forteljinga om illuminerte eller illustrerte bibelutgåver, saknar eg noko om korleis det i Danmark–Noreg rådde ei demonisering av katolsk tru slik dei illustrerte danske biblane vitnar om – der vi finn bilete av paven som dyret i Openberringsboka.

Endeleg har eg eit spørsmål om kvifor vi ikkje fekk Bibelen på norsk før på 1800-talet. Sagrustens forklaring er at vi var eit fattig land. Men endå fattigare var jo Island, som fekk NT på islandsk (ved Oddur "den norske" Gottskálksson) alt i 1540 og heile Bibelen på islandsk (ved Guðbrandur Þorláksson) i 1584. Dette er òg med på å forklara kvifor islendingane kunne halda fast ved sitt gamle mål medan fordanskinga øydela det gamle norske: Bibelen vart styrande for språkbruken i heile samfunnet.

Men dette er mindre innvendingar mot ei bok som har gjeve meg så mange lesegleder og forsynt meg med så mykje kunnskap om alt frå røyrplanter og treslag, til heilag tekst på nettsider.

LES OGSÅ: – Dei kristne forlaga er å betrakte som nisjeforlag

---

Bok: Sakprosa

  • Boka om boka - gjennom to tusen år
  • Hans Johan Sagrusten
  • Verbum
  • 224 s.
  • Sakprosa
  • Lærd og folkeleg om boktrykkarkunsten og Bibelen.

---

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker