Spania er ikkje eit land – det er eit nabolag
– Heile Spanias historie handlar om den eine som sloss mot den andre. Vi deltek ikkje i verdskrigar, men vi har ein lang historie med borgarkrigar, meiner noregsaktuelle Fernando Aramburu.
– Du kan seie at den katolske kyrkja i Spania sidan 1400–talet, med opprettinga av Den heilage inkvisisjonen, alltid har stått på maktas side, seier Fernando Aramburu.
Adrian Nielsen
I Fedreland møter vi eit Spania langt vekke frå Costa del Sol og tiki–taka fotball. ETA, ein organisasjon som fram til 2011 førte væpna kamp for å skape ein sosialistisk stat i Baskerland, det vestlege området mellom Spania og Frankrike, har tatt livet at Bittoris ektemann. Venninna, Miren, har ein son som er fengsla for å ha deltatt i væpna kampar for ETA. Den væpna konflikten øydelegg både vennskap og naboskap.
Kyrkja på feil side
Sentralt i boka står kyrkja og presten i landsbyen der Bittori og Miren vaks opp og levde sine liv. Dette er ikkje ein prest som ber folk søkje tilgjevnad eller bidra til fred. Heller tvert imot. Eg spør Aramburu, som er i Noreg for å snakke om boka, om hans oppfatning av korleis kyrkja har stilt seg til konfliktane i Spania.
Bestill abonnement her
KJØP