Bøker

Disiplinert og folkeleg­ ­Erdogan–­thriller

Boka Nilas Johnsen har skrive om Erdogan er så god at den bør lesast av absolutt alle som vil forstå det nye Tyrkia og landets sterke mann.

Nilas Johnsen kunne ikkje ha vald eit betre tids­punkt for å jobbe i Tyrkia, enn det han gjorde. Han kom til verdsbyen Istanbul som VG sin ­korrespondent i god tid før militærkuppet i 2016, og har sidan vore på første seterad i førestillinga om Tyrkia som strammar grepet i autoritær retning. Hovudpersonen i førestillinga er ingen ringare enn Recep Tayyip Erdogan.

Inne i Erdogans hode

Det spektakulære kuppforsøket, utreinskingane frå militæret og ­akademia, dei stadig grovare menneskerettsbrota og ei rekke andre hendingar som kunne vore henta frå ei kva som helst spenningsroman, har utspelt seg i Tyrkia den perioden Johnsen har rapportert frå landet. At dette måtte bli ei bok, var ei sjølvfølge. At den skulle bli så bra er ikkje like sjølvsagt. For som Johnsen skriv: «Det tyrkiske samfunnet er langt mer komplekst og fengslende enn jeg hadde forestilt meg. Tyrkia ses på som orientalsk og islamsk fra Europa, men som sekulært og vestlig fra den arabiske ­verden. Sett innenfra er tyrkernes identitet preget av motsetninger og kulturkamp. Likevel finner man den samme flammende nasjonalfølelsen blant kosmopolitter i storbyen som blant de ­konservative på landsbygda.» Tyrkia er ­komplisert. Særs komplisert.

Nettopp derfor fyller også boka eit slikt behov i den offentlege debatten. Vi fekk nyleg eit godt eksempel på nettopp det: I dagane etter terror­aksjonen på New Zealand, brukte Erdogan hendinga i valkampen sin. Stikk i strid med krav frå newzealandske styresmakter om å ikkje sjå eller vise fram filmen som terroristen sjølv hadde­ publisert på Facebook, viste Erdogan ­filmen på fleire folkemøte. Slikt er uforståeleg for dei fleste av oss, men eg trur dei som les boka til Johnsen vil skjøne meir av bakgrunnen for slike uforståelege hendingar. Vi kjem på mange måtar langt inn i Erdogans hovud etter kvart som ein blar om side for side.

Lite bastant

Hovudforteljinga i boka følgjer livet til Erdogan frå vogge til presidentpalass. Det er ei så fascinerande og innhaldsrik reise at berre dei viktigaste og mest definerande hendingane får plass i boka. Oppveksten i Kasimpasa–bydelen i Istanbul, tida som borgarmeister og det evinnelege jaget etter meir makt. Det er gode og nære skildringar heile vegen.

Som journalist i VG er Johnsen vant til å skrive saker der ulike synspunkt og fakta skal framstillast på ein mest mogleg objektiv måte, og det same gjer han i store delar av boka på ein overbevisande måte. Han veg ulike historier, påstandar og argument i ulike retningar, hentar inn kjelder med vidt forskjellige ståstader og er generelt balansert i det han skriv. Det er få bastante absolutt i Erdogan – Tyrkias nye sultan.

Nøkternt og presist

Så er det klart at det å skrive ei bok om Tyrkia no, med så mange dramatiske hendingar og utviklingar som det har vore der dei siste åra, er nærast umogleg utan å sjølv ta stilling til det som skjer. Johnsen porsjonerer ut sine eigne analyser i svært avgrensa mengder undervegs i teksten. Det er verdifullt når han deler sitt syn i mylderet av alle analysane han bringer til torgs i boka, sjølv om det berre er gjennom heilt nøkterne poeng og presise ­observasjonar. Det er lite polemikk i det Johnsen skriv, i staden er det truverdig og nok.

Det er så mange lag med motsetningar og ­kulturelle kodar som må tolkast i Tyrkia. Det kan virke litt ugjennomtrengeleg. Johnsen er god på å guide oss gjennom alt dette, som då han besøkte Atatürk-monumentet: «Selv om tyrkerne er uenige om flere av Atatürks prinsipper, har omtrent alle stor respekt for hans minne. Jeg følte selv en sitrende ærefrykt da jeg besøkte hans mausoleum i Ankara (...). Jeg tror følelsen skyldtes at i de årene jeg har bodd i Tyrkia, har Atatürk vært symbolet på en alternativ retning mot et friere, mer liberalt samfunn.»

Pageturner

Ein annan ting Johnsen skal ha ros for, er disiplinen. Det er så altfor mykje som kan nemnast når ein skriv eller snakkar om Tyrkia. Vi høyrer og les mange vakre skildringar av dei eksotiske luktene, maten og kulturelle høgdepunkta frå byar som Istanbul. Mykje i Tyrkia kan trekke merksemda i den retninga, og i eit slikt lys er det desto meir imponerande at Johnsen har vald å prioritere det politiske samanbrotet. Alle som har tatt ferja over Bosporos veit at det ikkje berre er enkelt å halde eit slikt fokus i ein by som Istanbul.

Nilas Johnsen har levert ei balansert og kløktig bok om den stadig meir autoritære tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan. Frå start til slutt er boka veldisponert, interessant og balansert. Den kan nærast skildrast som ein pageturner – og det om noko så innfløkt, komplisert og uforståeleg som tyrkisk politikk. Det er eit imponerande stykke arbeid.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker