Abba

Abba er kjent overalt: Agnetha, Bjørn, Benny og Anni-Frid, det blir ABBA. Ei pop–gruppe, ja, og eit svensk ­firma for hermetisert fisk – og så: Abba, Far.

Paulus brukar det to gonger, i Rom 8,15 om dei som har barnekårs ånd og ropar Abba, Far! Her er apostelen Paulus målt av Bartolomeo Montagna.

Ab tyder «far» både på hebraisk og aramaisk, også kjent frå mange arabiske namn som Abu. Med bestemt artikkel på aramaisk blir det abba. Eit flott ord fordi det er likt framlengs og baklengs. Det burde difor skrivast med ein omsnudd B, men då ville eg bli saksøkt av ABBA, for dei har patent på den skrivemåten.

Ordet er berre brukt tre gonger i Bibelen. I Mark 14,63 er Jesus i Getsemane og ber til Abba, Far: Ta dette begeret frå meg. Paulus brukar det to gonger, i Rom 8,15 om dei som har barnekårs ånd og ropar Abba, Far! Og i Gal 4,6 om dei som har Guds Ånd og ropar Abba, Far! Merkeleg nok er det ikkje brukt i Fadervår. Der er det rein gresk: pater.

Dermed er me midt inne i ein stor diskusjon: Er Gud ein far? Er han ein mann? Slik Michelangelo framstilte han i Det sixtinske kapell?

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP