Bøker

Storverk om det ­katolske Noreg og reformasjonen

Norsk historie må skrivast om. «Reformasjon uten folk» er ei grundig og velskriven bok som for fyrste gong samlar mellom to permar historia om trusskiftet i Noreg.

Bilde 1 av 2

I 2017 var det også her i landet stor feiring av 500-årsjubiléet for den lutherske reforma­sjonen. Etter det NTB kunne melda, og som mellom­ anna vart prenta i Dagen, var det den 31. oktober 1517 at Martin Luther hamra sine 95 tesar på slottskyrkjedøra i Wittenberg.

Den same artikkelen fortel at pavekyrkja den gong ikkje var det minste interessert i at folk skulle tenkja sjølv. Vidare står det at prest­ane heldt preikene på latin. Bibelen var ikkje­ tilgjengeleg på morsmålet og dei åndelege ­reglane bidrog til å halde folket nede. «Utøvelsen av religiøs makt var ikke noe vakkert syn (...)».

Dette er blant dei mytar om Den katolske kyrkja og den lutherske reformasjon som lever i beste velgåande.

Men så stemmer det jo ikkje.

På norsk – og dansk

Preikene før reforma­sjonen var på norsk, og til hjelp for prestane fanst Gamal norsk homiliebok. Omsetjinga av Bibelen vart påbyrja i Håkon Håkonssons tid, med Stjórn, som er ei seinare nemning for ei omsetjing av Bibelen til gamalnorsk frå 1. Mosebok til og med 2. Kongebok. Ho finst i fleire manuskript, der dei eldste er frå 1300-talet. ­Arbeidet kan ha blitt påbyrja under Håkon Håkonsson i Bergen­ og avslutta under Håkon Magnusson i Oslo. Trykkekunsten vart ikkje ­effektiv for bøker før i andre halvdel av 1400-talet – og då heile ­Bibelen vart prenta i 1550, var det på dansk, det språk dei nye prestane òg preika på.

Og så er det lite truleg at Luther stod der ved slottskyrkjedøra med sin hammar og spikra opp tesane, slik det er blitt fortalt så ofte at vi alle trur det er sant. Då vi i fjor feira ei av dei viktige hendingane i vestleg historie, Luthers hammar­slag, så feira vi altså ei hending som ikkje fann stad. Luther sjølv nemner ikkje dette i dei ­omfattande skriftene sine. Det er Melanchton som lenge ­etter denne hendinga – der han ­ikkje kan ha vore til stades – nemner noko som er blitt tolka slik det er blitt i Luther-myten.

Kva skjedde – eigentleg – då Noreg formelt sett vart eit luthersk land?

Mot folkets vilje

Det finst så mange mytar og så mange omgåingar av spørsmålet. Derfor er det ei storhending at vi no har fått ei grundig opprydding og utgreiing ved Henning Laugerud med boka Reformasjon uten folk.

Den utfordrande tittelen går rett på det som er så sentralt i Laugeruds framstilling: At dette var ein tvungen reformasjon, mot det djupt ­katolske folkets vilje.

Og det er alt anna enn eit vakkert syn vi får sjå. Laugerud dokumenterer at reformasjons­prosjektet i Noreg var ledd i eit statskupp av den lutherske hertug Christian. Han brukte rå makt, vald og drap, knebling av tanke og tru for å få absolutt makt over både Danmark og Noreg. Dei lutherske ideane om fyrstens krav på absolutt lojalitet var den reiskap som hertugen, den seinare kong Christian III, tok i bruk. Den legitime styringa i Noreg låg før reformasjonen hos det norske Riksrådet, der erkebiskop Olav Engelbregtsson var leiar. Då han vart nedkjempa etter intens kamp for å forsvara fedreland og folkets tru, og måtte røma landet, vart Noreg til eit lydrike, fullt og heilt lagt inn under den danske krona.

Tap og undergang 

Medan reformasjons­historia til vanleg vert framstilt som ei frigjerings- og sigershistorie, er Laugeruds bok det motsette: Ei historie om tap og undergang. Ei historie om korleis Noreg vart tvungen til å gje frå seg sjølvstyre og folket fråteke utøvinga av si religiøse tru. Ofte vert norsk mellomalder definert som tida før reformasjonen, og kalla den mørke mellomalder. I Laugeruds bok vert det motsette dokumentert: Det er no forfallet byrjar, og det er no tanke og tru vert knebla.

Det ligg utanfor rammene for denne framstillinga­ å nemna dei kulturelle storverk som også av luthersktruande vart skapte i ­perioden som boka femner over, til dømes Nordlands Trompet av Petter Dass, salmedikting med meir, som må omtalast i ei vidare framstilling av norsk åndsliv frå reformasjon til notid. Alt var ikkje berre svart.

Folkebok

Men likevel: Reformasjon uten folk er imponerande både ved sin breidde i framstillinga av hundreåra før, under og etter reformasjonen i Noreg – og ved den vellykka balansen mellom velskriven historieskriving og aka­demisk grundig kjeldetilvising. Dette burde bli ei folkebok – som samstundes er ei utfordring til kyrkjehistorikarar.

Laugerud skriv medrivande godt, og han er ein driven pedagog. Ved gjentakingar frå tidlegare kapittel får lesaren fylgja med heilt fram til dei siste restar av den gamle katolske tru var hamna i historias skugge midt på 1800-talet. Det var på den tid då Kyrkja får koma attende til Noreg ­etter opphevinga av Konventikkelplakaten. Denne forordninga er i norsk kyrkjesoge helst nemnt i samband med forfølginga av Hans Nielsen Hauge, for ho kriminaliserte alle avvik frå dei lutherske prestars einerett til å preika.

Det er fyrste gong denne historia – sett i ­katolsk perspektiv – er samla mellom to permar. Ho burde ha vore tydeleg framme i 2017. No får vi lesa henne som korrigering av mangt og mykje av det som er sagt og skrive om folket, katolisismen og lutheranismen i Noreg.

MENS VI TROR MED HENNING LAUGERUD: – Det er typisk at vi ­plasserer det vi ikke liker i en annen tid

Lite utforska

Av dei mange viktige, men så langt lite utforska, emne som Laugerud går inn på, er freistnadene på å gjenvinna Noreg og heile Skandinavia for den katolske kyrkja: Historia om Klosterlasse frå Tønsberg, jesuittpater ­Lauritz Nielssøn som gjekk under namnet ­Nicolai Norvegus og som konverterte i 1559. Denne historia overgår det meste av kva vi kan finna av utstuderte plott hjå spenningslitteraturens meistrar. Men dette er ikkje fiksjon. Endå mindre kjent er historia om dei lutherske prestane som var hemmelege katolikkar, til dømes den såkalla Gjerpen-saka i 1613 med kommisjons­domstol på Gjerpen prestegard. Her vart tre brør i prestefamilien Hjort tiltalte.

Det er mange sterke skildringar, også av fælsleg framferd med kjettarbål for bønder som oppmoda folk til å halda fast ved si ­katolske tru. Og vi les om den visjonære bondejenta Ingeborg Kjellsdotter frå Skiptvet som i eit syn fekk sjå Jomfru Maria: Ho gav Ingeborg ein bodskap som ho skreiv ned. Resultatet av at ho skreiv dette, var å bli dømt til pisking til huda datt av henne, noko ho som hadde sett Himmel­dronninga neppe overlevde.

Minnet

Eit sentralt tema i boka er erindring, minnet: Korleis det å erindre, knytt til det kon­krete, som gjenstandar, bilete, bygningar, ritual,­ vandringar, landskap og stader, gjorde det ­mogeleg å fasthalda katolsk tru. Som Laugerud­ skriv: «bilder (...) virker sterkere enn det talte ord. Bilder og visuelle uttrykk kan være med å opprettholde forestilinger og praksiser utenfor offisiell teologi og ideologi i kraft av å være bærere av erindring.»

Trass i korleis katolsk tru vart demonisert, ­ikkje minst på 1700-talet då katolsk tru og trolldom vart gjort til eitt og det same, og trass i at dei illustrerte bibelutgåvene som kom til oss på dansk hadde bilete av paven som dyret i Openberringsboka, song folket framleis Maria pris og bad om hennar forbøn.

Det er ikkje råd å gå grundigare inn på denne boka som hadde fortent eit heilt nummer av Vårt Land, men lat det enkelt vera sagt: Les! For sjeldan er det skrive viktigare faglitteratur om norsk historie – på eit folkeleg språk – enn Reformasjon uten folk.

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker