Bøker

Vår helt

Det er Faust som stirer tilbake når vi kikkar i spegelen.

Kvart år delast Peer Gynt-prisen ut til «personer eller institusjoner som har markert seg på en positiv måte på det samfunnsnyttige plan, og som har gjort Norge kjent i utlandet». I utgangspunktet er det komisk at Peer Gynt har fått kalla opp ein pris etter seg. Finst det ein meir berykta karakter i norsk litteratur?

No når Goethes Faust er blitt gjendikta på nytt, og blir satt opp på ny på Nationaltheatret, er tittelen: «Vi må snakke om Faust.»

Kvifor er vi framleis fascinert av Peer Gynt og Faust?

Skuggebilde

I år er det 20 år sidan The Sopranos starta opp som TV-serie. Den varte i seks sesongar, var ein dei mest sette i USA da den gjekk, samt at den var med og skapte den moderne TV-serien slik vi kjenner den i dag. Noko av det revolusjonerande var hovudpersonen, Tony Soprano. Han var som henta ut av ein roman, med samansette eigenskapar og ulike psykologiske djup. Tony Soprano var verken ein helt eller ein skurk. Han var oss.

Det er freistande å tenkje det same når vi ser Toralv Maurstad som Peer Gynt på Det Norske Teatret eller Mads Ousdal og fleire som Faust på Nationaltheatret. Dette er ikkje karakterar vi held fram som forbilde eller til inspirasjon. Men like fullt er det dei som stirer tilbake på oss når vi kikkar i spegelen.

Sjølv om vi har forbilde og heltar, så speglar vi oss like mykje i verk og karakterar som er skuggebilde av kven vi er. Tony Soprano er meir lik oss enn Clark Kent, og vi har alle meir til felles med Peer Gynt enn Espen Askeladd.

Når eg les eller ser oppsettingar av Peer Gynt eller Faust, stiller eg meg ofte spørsmålet: Ville eg handla annleis enn dei? Kva ville påverka mitt val?

Mellom godt og vondt

Det er lett å forstå Tony Soprano, slik det er lett å forstå Faust og Peer. Mykje av grunnen er at det er deira historia som blir fortalt, det er med deira blikk vi ser. Men både Ibsen og Goethe problematiserer sine karakterars val, slik manusforfattarane utover i sesongane stiller Tony Soprano i eit anna lys. Verken Peer eller Faust, og aller minst Tony, stoppar opp undervegs og legg om på sin veg. Dei forsvarar sine handlingar om og om igjen. Strukturane, systemet, situasjonen gjer det ikkje muleg å handle på anna vis, er kanskje deira forsvar.

Men er det alltid slik?

Filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen skriv i si bok Studier i ondskap: «Det er mitt ansvar å sikre at denne handlingen overlever meg, og blir en målestokk som andre kan måle sin streben som moralske aktører opp mot når de står overfor valget mellom godt og ondt. Å handle slik er innenfor menneskelig rekkevidde.

Kven vi kan bli

Dei alltid nye tolkingane av Peer Gynt og Faust gjer at vi ikkje stirer oss blinde på deira handlingar. Vi blir stilt til veggs med spørsmålet: Er det innanfor vår menneskelege rekkevidde å handle annleis? Til slutt ser både Faust og Peer lyset, dei når ein frelse ved å erkjenne sine feil og manglar. The Sopranos avslutta siste sesong brått med ein svart skjerm, utan verken frelse og anger.

Kanskje er vi likare Peer, Faust og Tony enn alle andre ideal vi strekk oss etter. Oppsettingane, gjendiktingane, lesingane av Faust og Peer Gynt gjer at vi heile tida blir konfrontert med kva det vil seie å vere seg sjølv nok. Eller å selje sjela for å oppnå all makt og ære. Det viser oss kven vi er, kven vi ønskjer å vere, kven vi kan bli. Når Faust inngår ein avtale med Mefistofeles, forstår vi han så altfor godt.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker