Bøker

Da landet mørkna

– Det kristne og norrøne samfunnet på Grønland vart heilt vekke. Når det kom menneske dit på 1700-talet var det berre ruinar igjen, knapt nok det. Det har vore ei gåte i ettertid: Kva skjedde, spør Tore Kvæven.

Kvævens roman, Når landet mørknar, opnar med menn i gamle, rotne båtar som jaktar kvalross. Det er den femten år gamle Arnar Vilhjalmson som til slutt sett inn nådestøytet og sørgjer for storfangsten. Året er 1293 på i Vesterbygda på Grønland. Omtrent hundre år seinare er heile Vesterbygda borte.

– Eg hadde lese mykje og fått fascinasjon for at ein sivilisasjon, eit samfunn, døydde ut, seier Tore Kvæven.

Portugisiske sjørøvarar

På det noko upålitelege Wikipedia står det at portugisiske sjørøvarar kom og tok folket på Grønland. Kvæven er skeptisk. Han meiner det berre er ein av fleire teoriar for kva som kan ha skjedd.

– Dei har ingen bevis for det. Ja, det skjedde på Island at det kom piratar og tok folk, og det er dokumentert at det er mellom 3000-4000 nordmenn som var i fangenskap i nord-afrikanske kongedømme. Men dei var sjøfolk først og fremst, tatt ifrå skip.

Kvæven seier forholda på Grønland var annleis enn andre stader. Gardane låg langt ifrå kvarandre.

– Det er to timar å ro frå ein gard til den neste, og så er det tre timar å gå igjen til den neste garden. Det er kanskje det samfunnet i verda der folk har budd mest spreidd. Dei hadde enorme område å ta føre seg på. Sjørøvarar ville ikkje kunne feia over dette landet og tatt så mange med seg. Det er heller ikkje funne spor etter noko slikt.

Pest og klimaendringer

Kva var det da som skjedde? Kvæven legg fram fleire ulike forklaringar.

– Mykje av grunnen til at sivilisasjonen eller samfunnet forsvant på Grønland er at handelen med Norge og Island stoppa opp. Den handelen var så viktig for dei, både for å få tømmer, jern og korn. Ingen av desse tinga kunne dei skaffa seg sjølv lettvint.

Handelen med andre land slutta gradvis på grunn av forhold i Europa, fortel Kvæven. Pesten som herja på fastlandet kom aldri til Grønland, men han påverka landet veldig.

– Og så var det klimaendringer. Då dei norrøne først kom til Grønland, var det ein varm periode i landet, mange av husdyra kunne gå ute om vinteren. Etter kvart vart det kaldare periodar, og ein fekk konkurranse med inuittane som kom vest ifrå Canada.

Overbeiting

Kvæven trekk òg inn teorier om overbeiting, og meiner det gir eit totalbilde med fleire årsakar til at samfunnet gjekk under.

– Men det svarar ikkje på kva som skjedde med dei siste menneska. Der er det tre teoriar. Den første er at samfunnet svant inn og at dei siste berre døydde ynkelege, triste og isolerte. Men utgravingar av gravstadar og undersøkingar av skjelett frå den siste tida, viser at menneska frå den siste tida var vel så friske som dei første som budde der.

Kvæven nemner òg ein teori om at dei vendte tilbake til Island. Men han seier det ikkje står noko som støttar opp om det utifrå kva islendingane har skrive.

– Og dei har ført gode krønike om kva skip som kom til Island, slår Kvæven fast.

Men det er mogleg at dei reiste vidare.

– Når dei har gravd ut tufter på Grønland, har dei funne skinn av brunbjørn og tømmer frå Amerika. Det er funne bisonskinn. Så det er tydeleg at dei reiste dit. Men kor stort omfanget var, er det vanskeleg å vite.

Skrælingane

Jared Diamond har skrive at Grønland er det einaste eksemplet på at ein vestleg sivilisasjon går under, mens urinnvånarane blir verande. I Når landet mørknar skriv Kvæven om inuittane som blir kalla «skrælingane». Kva tenkjer han er grunnen til at inuittane vart verande, mens den kristne og norrøne busettinga forsvann?

– Det er litt uavklart korleis inuittane og dei norrøne kom overeins på Grønland. Eg forstår det slik at forskarar ikkje har konkludert om dette var i form av handel, eller om det utvikla seg slik eg har skrive om det, som ein slags småskala geriljakrig. Kanskje det har vore begge deler.

Kvæven legg vekt på at det er ei lang historie vi snakkar om her, nesten 500 år.

– Det skal seiast at det har vore minst fire tidlegare innflyttingar av inuittar til Grønland. Og alle dei fire døydde ut. Etter nokre hundre år, eller etter nokre tusen år. Dei nordiske ekspedisjonane, om det var til Færøyene eller Nord-Norge eller Island, gjekk det bra med.

Kvæven meiner det ikkje låg i korta at det skulle gå som det gjekk på Grønland.

– Men inuittane kom denne gongen med hundespann og kajakkar, som dei ikkje tidlegare hadde gjort, og det viste seg å bli ein god kombinasjon.

– Så teknologien var utslagsgivande?

– Ja, rett og slett.

Den kristne trua

I romanen skildrar Kvæven eit samfunn splitta mellom kristen tru og norrøn tru. Kva veit vi om dette i dag?

– Ein historikar som las boka mi før ho kom ut, meinte det var liten sjans for at det var nokon igjen som trudde på dei gamle gudane i den tida da Når landet mørknar går føre seg. For det er såpass lenge etter at Leiv Eriksson i omtrent år 1000 brakte med seg den nye trua til Grønland.

Likevel valte Kvæven å la den norrøne trua eksistere i si bok.

– Eg har valt å tenke at det kunne ha skjedd. Etter at Noreg vart kristna, levde dei gamle gudane framleis i fleire bygder, delvis ope og delvis i det skjulte. Dei var ofte eit tillegg til den nye, kristne trua. For meg, som romanforfattar, passa det bra å ha med den norrøne trua. Det hjalp til med å bygge opp dramatikken. Men det er nok relativt lite sannsynleg at dei gamle gudane stod så sterkt så lenge.

– Så her har du tatt deg kunstnarleg fridom?

– Ja, det må ein kunne seie.

Lagnaden

Hovudpersonen i Når landet mørknar, Arnar Vilhjalmson, verker ikkje opptatt av verken kristen eller norrøn tru. Men Kvæven er ikkje einig i at Arnar er eit eksempel på eit meir moderne menneske.

– Eg trur ikkje eg ville sagt det akkurat slik. Eg tenkjer at uansett kva for tidsalder du går tilbake til, så vil du ha menneske som i større eller mindre grad er opptatt av det religiøse.

Han meiner det er vanskeleg å seie kor sterkt dei trudde på Tor og Odin og dei andre norrøne gudane.

– Eg vil kanskje tippe at det fanst ein god del menneske som ikkje trudde så himla mykje på det. Men det var ein del av kulturen, på same måte som i den kristne kulturen i dag.

Når landet mørknar er ein lagnadstung roman. Arnar kjempar heile tida mot lagnaden sin, og mot rammene som er lagt i samfunnet, med ætt, sosiale skilje og lover. Eg spør Kvæven kva dette gjer med romanpersonen hans, Arnar.

– På denne tida hadde dei ei sterk tru på denne lagnaden. Det låg nedfelt i den norrøne kulturen at du kunne skape di eiga framtid, og at du skulle stå for å vere deg sjølv.

Kvæven seier òg at det hadde blitt spunne ein lagnad for alle menneske. Og viss du kunne finne ut kva denne lagnaden var, og fullføre den, så hadde du gjort det stort som menneske. Då eg spør kor viktig dette var, kor mange som verkeleg trudde på det, ler Kvæven.

– Nei, det kan ein jo ikkje så lett svare på.

Under open himmel

Utan å generalisere for mykje ovarfor den litterære stand i Noreg, så må ein kunne seie at Tore Kvæven har ein uvanleg bakgrunn til forfattar å vere. Han er sauebonde og utdanna på Landbruksskolen på Ås. Kvar kjem skrivinga inn?

Kvæven trekk litt på skuldrene.

– Skriving har eg drive med alltid. Eller, nei, det høyres flåsete ut. Men heilt sidan eg gjekk på ungdomsskolen, likte eg det, da vart eg så glad når vi skulle ha stil.

Kvæven fortel at han har skrive gjennom heile livet. Litt for reisemagasin, for motorsykkelmagasin, litt for lokalavisa. Dei skjønnlitterære prosjekta har alltid vore arbeid på si.

– Korleis skriv du?

– Eg skriv for hand.

– Alt saman?

– Så godt som alt.

Kvæven tek fram veska si og viser nokre notat han har med seg.

– Eg tok med nokre papir som eg hadde skrive for hand tidlegare. Men det var ikkje bra nok, så da vart det sjåande slik ut.

Kvæven viser oss eit ark fullt med overstrykingar.

– Det ser ikkje så bra ut lenger, ler Kvæven. – Men eg skriv det slik som dette, før eg til slutt hamrar det inn på datamaskin igjen. Eg har alltid med meg masse ark så eg kan slå meg laus.

– Så du skriv når du er ute og reiser?

– Ja, eg synest eg skriv bra når eg er ute og reiser.

– Så du er ikkje ein som må sitte med ei flaske vin på kvelden for å finne inspirasjonen?

– Nei, men eg har mine myter. Eg synest eg skriv best når eg skriv for hand. Og når eg sit ute.

– Ute?

– Ja. Nokre gongar dreg eg ut. Eg har ein ryggsekk med sitjemeis, og så går eg meg varm, finn ein stad der ingen ser meg, og så sett eg meg ned og skriv. Det er noko med å gå først, då kjem tankane.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Bøker