Bøker

Soga om den radikale folkekyrkja

Boka innfrir forventningane til korleis sigerherrane i striden om kyrkja ser på denne delen av samtidssoga. Men ho manglar (sjølv)kritisk refleksjon.

Bilde 1 av 2

Kan Gud skifta meining? Det kan nok Han som kan alt.

Det er vel likevel i drygaste laget å hevda at Gud skulle skifta meining i tråd med Trond Bakkevigs og hans kyrkjelege samarbeidspartnarars meiningar: Da Gud skiftet mening er tittelen på boka der Bakkevig og Tomm Kristiansen skildrar femti år med radikalisering av den norske statskyrkja. I den prosessen har Bakkevig sjølv stått sentralt i mange år med framskotne posisjonar.

Boka tek naturleg nok utgangspunkt i året 1968 med Uppsala-møtet i Kyrkjenes Verdsråd og studentopprøret same år. Trass i den noko provoserande boktittelen, mildnar forfattarane innvendinga med å svara «tja» på spørsmålet om Guds meiningsskifte. Med Petter Dass er nok Gud framleis Gud om alle mann var døde og alle land låg øyde.

Les alt frå Bøker her

Sigerherrens annalar

Det knyter seg store forventningar til Bakkevigs skildring av ein prosess som han sjølv har vore så sterkt med på å forma. Men diverre innfrir boka berre så måteleg forventningane om meir djuptgåande utgreiingar av – og grunngjevingar for – dei mange og gjennomgripande endringane som er skjedd. I staden ber boka preg av å vera eit slags festskrift med sigerherrens annalar om korleis kyrkja vart overteken av radikale element, påfallande mange med politisk ankerfeste i venstresosialismen.

Når det er sagt, må det òg seiast at det er nyttig med slike annalar som gjev iallfall eit visst oversyn over aktørar, vedtak og årstal.

Abort og likekjønna ekteskap

Eg saknar særleg ein meir djuptgåande gjennomgang av to saker som har rysta kyrkja kraftig: Den eine er abort og vern om fosteret som gudgjeven entitet. Det andre er ekteskapet og kyrkjeleg vigsel av likekjønna par. Dette er jo «saker» som framleis er høgst aktuelle.

Rett nok vert det ofra fleire sider på abortsaka, men eg saknar ei grundig drøfting av det ufødde menneskets status. Børre Knudsens innsats vert omtala, men han får kritikk for at han ikkje «engasjerte seg i kampen mot atomvåpen, fredsarbeid og solidaritetsvirksomhet». Sjølv ville han nok ha meint at hans kamp var nettopp mot dødskreftene ved å solidarisera seg med dei minste, mest utsette og umælande blant oss.

Spørsmålet om ekteskapet og kvifor dei diametralt motsette syn på likekjønna vigsel ikkje er kyrkjesplittande, vert det diverre ikkje gått nøyare inn på – trass i at dette har ført til at mange har meldt seg ut av Den norske kyrkja.

Breitt utval

Men boka går inn på ei lang rad fenomen som prega delar av kyrkja i dei femti åra, alt frå Ten-Sing og pop, kvinnelege prestar, dialog på ulike område, protest mot oljeboring, oppløysing av statskyrkja, nedskriving av den lutherske toregimentslæra, «kjønnsinkluderende formuleringer» i liturgien, avskaffing av fortapinga, og sosialetiske aksjonar og engasjement i inn- og utland, med mykje meir. Utvalet er breitt, men verkar litt tilfeldig utplukka – kanskje etter kva forfattarane har som sine hjartesaker.

Alt kan sjølvsagt ikkje koma med, og det er i alle fall meir enn nok saker her. Derimot reagerer eg på personval, og på det eg tykkjer er ein for tung overvekt av sosialistar og tradisjonsmotstandarar i denne delen av kyrkjesoga. Det er òg påfallande kor få kvinner som vert nemnde. Eg saknar til dømes historia om biskop Ingeborg Midttømmes kamp mot kyrkjelege homoekteskap.

Personkarakteristikkar

Eg reagerer òg på korleis motmennene til det venstreradikale prosjektet som har forma kyrkja slik ho er i dag, vert karakteriserte: Dei tradisjonstru kristenleiarar vert omtala som sitjande i «dype skinnstoler», men vi får ikkje vita kva slags stolar Hareide, Bakkevig, Seim og så bortetter sit på. Og den mann som intellektuelt var dei alle overlegen, Per Lønning, vert karakterisert som høgttalande og arrogant. I tillegg vert Else Michelet sitert på at han var fylt av hat. Diverre er det mange slike unødvendig nedsetjande karakteristikkar av dei som mælte imot.

Manglar refleksjon

Boka innfrir som dokumentasjon på kva sigerherrane i maktkampen om den norske «folkekyrkja» ser på som viktig, men manglar (sjølv)kritisk refleksjon.

Framfor alt manglar boka ei djuptgåande drøfting av kvifor oppslutninga om den kyrkja dei systematisk arbeidde fram, er blitt stadig mindre. Samstundes som kyrkja har tilpassa seg det politisk «korrekte» og kallar seg open og inkluderande, melder fleire og fleire seg ut – blant dei også prestar som finn seg til rette i tradisjonstru kyrkjesamfunn. Stadig fleire medlemer let vera å koma med borna sine til dåp og konfirmasjon. Det er glissent i benkeradene på søndagsgudstenestene.

Vart dette kanskje likevel ikkje den kyrkja folket tørsta etter å koma til med sine sorger og gleder, sine synder og si lengt etter tilbeding og sakramental fellesskap?

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker