Bøker

Poetens draumebok

Terje Dragseths «loggbok» over eit år med draumar er fascinerande. Her vert det òg tydeleg kor nært draumen og diktet står i medvitet.

Draumar og draumetyding har oppteke menneska sidan uminnelege tider. Dei har vore tolka som varsel, teikn og openberringar frå ei anna verd eller frå eit anna medvitsplan enn det som vert openberra for forstanden i den fysisk-mekanisk “synlege” dagverda.

Når Terje Dragseth no offentleggjer Drømmeboka som han har gjeve undertittelen «En okkult dagbok», plasserer han seg i ein stor tradisjon med draumeforteljingar. Ordet okkult tyder skjult, og treng ikkje ha noko med dei mange okkultistiske system å gjera. Eg tolkar heller ikkje Dragseths bok i den retning.

Draum og draumetyding

I vår jødisk-kristne tradisjon er Josef “draumemeisteren”. Interessant nok har Dragseth lagt inn eit sitat frå 1. Mosebok om Josefs draum om sola, månen og elleve stjerner som bøyer seg for han. Draumen fører til Josefs utstøyting ved brørnes misunning men sidan til hans opphøgde posisjon som Egypts landsstyrar under farao. Det er Josefs evne som draumetydar som fører han dit.

Også i vår norrøne tradisjon er det lagt stor vekt på draumar og attfortejing av dei. Dei gamle visste at ein skulle akta på det som openberra seg i draumen. Dronning Ragnhild drøymer i soga om Halvdan svarte at ho dreg ein torn ut av serken som veks til eit veldig tre med mange greiner. Det vert tolka som varsel om at son hennar skulle samla Noreg til eitt rike. Vi finn ei av dei mest gripande draumebileta i soga om Olav den heilage like før slaget på Stiklestad der kongen drøymde ein stige som gjekk så høgt opp at han såg himmelen opna seg.

Dagbok

Det er fortalt om draumar, stundom med og stundom utan tydingar, i ulike kulturar og til alle tider. Hos oss er vel Draumkvedet det mektigaste.

Her kjem altså vår poet, Terje Dragseth, med sitt bidrag: Han har ført dagbok over draumane sine i eit år og lagt dei fram i bokform. Dette er draumar utan tolkingar, men med den røynde forfattarens hjelp til redigering. I alle fall er det ei overskriding frå draumetilstanden til forfattaren som rekonstruerer det han har drøymt i form av litterær tekst.

Diktekunst?

Kan det bli god litteratur, diktekunst, av slikt?

Ja, det kan det og det er det blitt:Ein både språkleg stram og spenstig litteratur som ligg ein eller annan stad (i min lesemåte) mellom surrealistisk dikting (frå Breton og framover, m.a. Vindtorn) og den filmatiske diktinga som særleg vart reindyrka i den “nye” franske roman av Robbe-Grillet m.fl.

Filmatisk

Det filmatiske ligg jo Dragseth nær. Han er utdanna filmregissør og har produsert fleire filmar, han kjenner det visuelle feltet. Her har vi ei filmatisk bok med kortprosatekstar som engasjerer meg som lesar og kritikar, og som med fråver av vanleg logisk handlingsgang handlar med meg nettopp slik eg forventar at god litteratur skal gjera: Tekstane utfordrar meg til å sjå bilete og samanhengar eg ikkje før har sett eller lagt vekt på. Mangt er attkjenneleg for andre av oss drøymarar, i biletkoplingar og i pinlege, urovekkjande og fortvilte situasjonar men òg i underfundige redningar.

To sider

Terje Dragseth er ein forfattar som stadig overraskar med nye motivkrinsar, nye inntrengingar i språket, i kosmos, i det fysisk-mekaniske, i samtids ofte råe røyndom og altså no òg i det løynde, i det medvit som Strindberg hevdar (og som Dragseth siterer) står over alle: drøymarens. Men som Saramago skriv: at livet har to sider, den andre kan vi berre nå gjennom draumen.

Dette er berre pirk til slutt, og kanskje er det berre eg som ikkje forstår kvifor det her på bokmål heiter en bok – boka. Og heller ikkje forstår eg kvifor Emanuel (ikkje Emmanuel) Swedenborgs Drömboken og August Strindbergs Ett drömspel vert sitert på dansk. Men dette er altså pirk i eit ja: frigjerande diktverk som også så tydeleg demonstrerer kor nære kvarandre dei er i medvitet, poesien og draumen.

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker