Hæbæl

Hæbæl er nøkkelen som opnar boka.

Dreier Forkynnaren seg om det som er tomt, det som er forgjeves, eller om å vera forfengeleg? , ca 1480-1490, målt av Hieronymus Bosch.
Publisert Sist oppdatert

Få bøker gir oss nøkkelen sin slik som Forkynnaren – det hebraiske ordet hæbæl. I starten av boka får vi ­ordet heile fem gonger, og det blir repetert igjen og igjen: habel habalim, amar qohælæt, habel habalim, hakol habæl. «Fåfengders fåfengd, seier Forkynnaren, fåfengders fåfengd, alt er fåfengd!»

Den vesle bibelboka Forkynnaren skildrar kor lite menneskelivet kan styrast, kor tilfeldig det er, og kor lite mennesket har igjen for strevet. Alt er hæbæl – det er temaet. Som eit parallelt tema heiter det likevel: «Ingenting er betre enn å gleda seg og nyta det gode i livet.»

Hæbæl og glede: Heile boka i to ord. Hæbæl er nøkkelen som opnar boka, glede er innhaldet.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP