Dei kristne bøkene
Er dei kristne bøkene breidde eller nisje?
Den kristne litteraturen er ikkje lett å sette i bås. For kva gjer ei bok kristen?
Erlend Berge
I Per Pettersons nye roman, Menn i min situasjon, dreg hovudpersonen, Arvid Jansen, stadig på biltur til den svenske småbyen Arvika. Her sit han på konditori og les bøker, og her går han ofte innom den kristne bokhandelen Bokträdet. Kanskje ikkje for å kjøpe kristne bøker, men så var det Selma Lagerlöf, då. Arvid innrømmer også at han ein gong kjøpte ein bibel der på bokhandelen i Arvika, ein svensk bibel, på originalspråket, som den svenske forfattaren Vilhelm Moberg skal ha sagt. «Da ble mannen i Bokträdet ekstra glad.»
Denne vesle scena i Pettersons nye roman peiker på eit interessant trekk ved bokbransjen, også her i Noreg. Dei kristne bokhandlane er i dag som små galliske landsbyar, standhaftige i møte med trykket frå omverda.
Den kristne litteraturen er ikkje lett å sette i bås. For kva gjer ei bok kristen? Er det ei bok som handlar om kristendom og kristne spørsmål, ei bok skriven av ein kristen forfattar eller ei bok gitt ut på eit kristent forlag? Eller er det kanskje ei bok som uttrykket noko sant om mennesket, som vi kan lære av, både kristne og ikkje-kristne?
Bestill abonnement her
KJØP