Bøker

Ein nåde å flytte inn i

Bibelske bilete og tematikkar går som ein understraum gjennom delar av samtidslitteraturen. Mona Høvrings forfattarskap viser kor naturleg det strøymer fram.

LEIAR: Mona Høvring debuterte med diktsamlinga IIK!! – ein dialog i 1998. Allereie i debutsamlinga viste ho vilje til å skrive tekst opp mot tekst, slik ho der var i samtale med den greske antikke diktaren Arkhilokhos – og Bibelen. Høvring stilte seg såleis på to søyler, den bibelske og den gresk-antikke, då ho fann vegen inn i den norske litteraturen.

Desse to pilarane er fundamentet for all vestleg skriving, noko som er blitt poengtert mellom anna av den amerikanske forfattaren og kritikaren Daniel Mendelsohn. Også den canadiske poeten Anne Carson er eit døme på dette. Dei klassiske tekstane spelar framleis med som ein understraum i samtidslitteraturen, ikkje alltid og like openbert, men påfallande ofte. Mona Høvrings forfattarskap, som no er utvida med ein ny roman, viser kor naturleg det kan spire fram.

Dei bibelske referansane går som ein raud tråd gjennom Høvrings bøker. Ikkje berre i debuten, der ho mellom anna knytte an til, og vrei på, kjente forteljingar om Jesus frå Nasaret: «Der er Jesus. Han smørjer føtene til ei dame. Med salve smørjer han dei.» I si neste bok, diktsamlinga Ensomme badedager og andre dikt, viste ho vidare til Jesus på krossen. Og då ho gav ut bøker som Helt vanlige mirakler (2006) og Å Paradis (2008) hadde den religiøse metaforikken funne vegen heilt fram til boktittelen.

Det finst ei formulering i den sistnemnte samlinga som er spesielt fin: «en nåde å flytte inn i». Høvring kvir seg ikkje for å skrive inn nåde i bøkene sine, slik ho også kan skrive, i eit dikt i Helt vanlige mirakler, at det alltid er nådens tid.

Den gode litteraturen har ein del til felles med omgrepet nåde. I den kristne forståinga av ordet er nåden fritt tilgjengeleg 
– gratis, om han enn har kosta blod og sveitte, ja, endåtil døden. Utan nåden stoppar samfunnet, då går det til grunne i konfliktar og hat.

Utan bøkene går det like ille. Bøkene er med på å danne oss som menneske, dei gir oss større innsikt i oss sjølve og andre, dei øver oss opp i mellommenneskeleg forståing og empati.

I det norske samfunnet er ikkje alle bøker gratis, men dei er det på biblioteket, og dei er tilgjengelege for dei fleste om vi ønskjer å lese. Litteraturen er viktig for demokratiet. Og enkelte bøker kan gi liv ei heilt ny retning.

I Vårt Land held vi litteraturen høgt, vi trur at han er viktig. Bøker har vore eit satsingsområde for avisa heilt sidan forfattaren Ronald Fangen stod sentralt i å starte opp avisa etter 
andre verdskrigen. No tek vi satsinga eit skritt vidare. Kvar fredag framover kjem vi med eit digitalt bokbilag spekka av interessant og aktuelt bokstoff. Dei første fire vekene kjem bilaget også på papir, så flest mogleg av lesarane våre skal få eit godt innblikk i kva vi tilbyr framover. Vi rustar også opp litteraturdekninga vår på vl.no.

I Vårt Land har vi eit særskilt blikk for bøkene som stiller dei store spørsmåla. Skjønnlitteratur og sakprosa borar ofte i viktige verdispørsmål og eksistensielle problemstillingar som vi ønskjer å belyse på ein god måte. Vi er meir opptekne av kvalitet og djupne enn av rask underhaldning og lettbeinte terningkast. Samtidig har vi ingen planar om å forgå i vårt eige alvor. Bokstoff kan skrivast med snert og vidd, endåtil med humor.

Litteraturen ber i seg ei potensiell sprengkraft. Ja, kanskje skal vi like gjerne seie det slik: Bøker er på sitt beste ein nåde å flytte inn i.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker