Bøker

Ein sunnmørings samiske veg

Arne Ola Grimstad er sunnmøring, opprinneleg frå Hareid, men no busett i Ørsta. Sanninga er likevel at Grimstad tidleg oppdaga at han er same.

Han hadde ikkje noko val:

«For meg og mitt samvit har eg ikkje noko val. Lagt alle røynsler og kunnskap og kjennskap på bordet, måtte eg nok – om regelverket ville tillate det – meldt meg inn i samemanntalet. Men der er eg ikkje og eg kjem heller ikkje dit», skriv Grimstad, og han har ordet ei lita stund til:

«Min samiske veg har vore lang og teke storparten av livet mi. Men eg takkar i dag for at eg har fått gå denne vegen og slik også fått eit langt rikare liv. Og alle som på samisk side har vore stabbesteinar og trafikklys og vegvaktarar må eg seie takk til», seier han.

Arr

I mitt tilfelle kom den samiske oppvakninga for seint, men eg skjønar Grimstad fullt ut – også når han skriv at ein del av dei han har møtt synte arr etter ein oppvekst og eit liv der dei ikkje hadde fått høve til å utvikle eigen identitet.

Med tekst og bilete vil Grimstad hylle menneska og det samfunnet dei tilhøyrer. Og han lukkast godt. Ord og bilete er sett inn i ei råme av kjærleik og respekt, og det verkar både godt og overtydande.

Humor

Men her er også humor, som når nordmannen er redd for at dei har gått seg vill på vidda og får det samiske svar: «Vi er jo her!»

Og det kan bli lange samlingar i Guovdageainnu girku (Kautokeino kyrkje): Først fire timers gudsteneste og så et tre timers møte og dersom man klager, kommer det kontant:

«Man er jo ikke kommet til kirke for å gå.»

Det har vore både kjekt og interessant å vere på tur med Arne Ola Grimstad – og så oppdage at vi begge er ein slags skåpsamar med sans for samiske vegval.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker