Bøker

Afropessimisme

I det siste har det blåst ein vind av afrooptimisme i dokumentarlitteraturen. Gunnar Kopperuds Vi som elsket Afrika er heller å rekna som eit kaldt gufs.

Lat det vera sagt med ein gong: Den som leitar etter lysglimt i denne boka, leitar forgjeves. Gunnar Kopperud tek oss med på ei reise i vonløysa, og skal ein tru forfattaren, skal ein ikkje langt sør for Middelhavet før ho trengjer seg på.

Reisa startar nettopp her, i Ceuta, på nordspissen av Afrika, ein spansk enklave der europearane vaktar grensegjerdet med alle lovlege middel. Ei natt er oppstanden eit faktum, fleire hundre afrikanske menn stormar piggtråden så blodet flyt. Gjerdet må til slutt gje etter. Men gjerde nummer to greier dei ikkje, dei spanske grensevaktene slår tilbake med køller og tåregass.

Dette er ramma for boka. Unge afrikanarar som rømmer sitt eige kontinent.

På sidelinja står forfattaren. Han noterer og rapporterer. Men ikkje slik som før. Den kjærleiken han ein gong hadde til Afrika, er forvitra. No kjenner han berre på vemod. «Jeg holder ikke lenger med noen, jeg håper ikke lenger på noe.»

LES OGSÅ: – Afrikanere og vi dyrker offerrollen

Utanfor allfarveg

Ingen kan skulda Gunnar Kopperud for lettkjøpt afropessimisme. Rett nok byrja han å reisa til kontinentet seint, først i 40-årsalderen (i dag er han 72), men sidan har han rørt seg utanfor den afrikanske allfarvegen som få andre. Snart er han i ein flyktningleir i Senegal, så mellom maissekker i ei naudhjelpsfly på veg til Angola, før han rapporterer frå massegravene i Rwanda.

Men Kopperud er ingen fallskjermjournalist. Han har som leveregel at han alltid skal reisa tilbake. Reportasjen er ufullstendig før han har skildra korleis det gjekk – vart det betre eller vart det verre?

Og her kjem dokumentarboka til sin rett. Først i dette formatet vert reportasjen fullenda, så å seia.

Lange linjer

Boka er presentert som eit essay. Men styrken er kombinasjonen av nokså ulike sjangrar. Dei fargerike skildringane fører oss rett inn i den afrikanske kvardagen, utan å verka dvelande. Faktaopplysningane plantar historiene midt i røyndomen. Ein særleg styrke er dei historiske samandraga som forfattaren flettar saman med forteljingane. Med få setningar får han sagt kva som ligg bak kaoset i Somalia, kva som driv konflikten i Sør-Sudan, og så vidare. Her er mykje å læra, òg for lesarar som har generelt god Afrika-kunnskap.

Men til sist er det den personlege analysen som sit att. På ein heilt annan måte enn i den daglege avisreportasjen kan journalisten dra dei lange linjene, drista seg til å føreslå hittil uskrivne samanhengar, stilla dei store spørsmåla.

Uhøyrte spørsmål

Og den røynde reportasjejournalisten veit å stilla spørsmål. Mange spørsmål, og uhøyrte spørsmål. Rwanda-kapitlet har meir enn 30, alle ubehagelege. Det mest ufyselege er dette: Er det synd på alle flyktningar?

Eit tåpeleg spørsmål. Men berre inntil forfattaren har fortalt ferdig. Han skildrar ein scene frå flyktningleiren i Goma, rett etter folkemordet i 1994, der ei hutukvinne skryter av korleis ho maltrakterte dottera til naboen med ein machetekniv. Tilhøyrarane rundt henne ler.

Tittelen på boka er inspirert av eit essay av Jens Bjørneboe, «Vi som elsket Amerika» (1970). Bjørneboe vaks opp som ein beundrar av Amerika, men på eit noko uklart tidspunkt, truleg litt utpå 1950-talet, veikna kjærleiken gradvis. Det handla om storpolitikk, men òg om andre ting.

LES OGSÅ: Ber afrikanere bli hjemme

Uklart

Som i tilfellet Bjørneboe, verkar det noko uklart når Afrika-kjærleiken til Kopperud byrja å rakna. Folkemordet i Rwanda var naturleg nok eit skot for baugen, men det er lenge sidan 1994, og det har få parallellar. Pessimismen til Kopperud femner breiare. Borgarkrig i Sør-Sudan, terrorisme i Kenya, aidsutbrot i Zambia, korrupsjon, totalitære styresett, grådige charterflyselskap som skor seg på naudhjelpstransport. Lista er lang.

Og få slepp unna kritikk, anten det er fotografar som flyttar på barnelik for å få det perfekte biletet eller vestlege bistandsselskap som tildeler prosjekt etter kor mange gonger søkjaren har brukt det rette honnørordet. Dei einaste som kjem frå boka med æra noko lunde i behald, er bistandsarbeidarar og misjonærar («Jeg har dyp respekt for norske misjonærer i Afrika»).

Skeptisk

Afrikanarane sjølve, derimot, er Kopperud vorten meir og meir skeptisk til. Dette er nytt. Tidlegare har han meint at problema på kontinentet er påførte utanfrå, no meiner han at afrikanarane må ta ein stor del av ansvaret sjølve.

Dagens Afrika er sjølvsagt meir enn dette. Her finst verdas beste safarianlegg, moderne kjøpesenter, universitetscampusar som til forveksling er som botaniske hagar, asfalterte vegar som breier seg som villnis over heile Afrika – med god hjelp frå kinesarane. Snart kan ein ta toget i fleire hundre kilometer i timen på Afrikas Horn.

Men dette er ikkje stader som Kopperud har vitja. Han har prioritert epidemiar og borgarkrigar.

Slik sett kan ein skulda boka for å vera einsidig. Ho viser ikkje heile biletet. Men ho er særs velskriven, prega av god research, og har eit gjennomgåande sterkt argument. Gunnar Kopperud skriv i motvind, og det tener han til ære.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker