Bøker

No kan sauen redde oss

Biolog Anna Blix har skrive ein hyllest til sauen. Den kan vere redninga for Noreg i møte med store klimautfordringar.

– Det som er så bra med sauen er at han går ute og et plantar vi ikkje kan ete sjølv. Sauen er ein viktig del av den norske matforsyninga, og ved å ha sau som beitar ute, får vi produsert mykje meir mat i Noreg, seier Anna Blix, som er biolog og som har jobba fem år i miljøorganisasjonen Sabima som rådgivar for kulturlandskap.

I boka En hyllest til sauen, som kjem på Manifest forlag denne veka, vil biolog Anna Blix fortelje historia om den norske sauen, som kom til Noreg for 5–6.000 år sidan, og som levde relativt uforandra her fram til 1800-talet.

– Sauen var heilt nødvendig for å rydde landet så vi kunne dyrke jord. Etter kvart vart ulla viktig, og den fremste grunnen til at folk hadde sau – kjøtet var ein bonus.

Unorsk sau?

Ho vil også rope varsko om at dei endringane som har skjedd i norsk sauehald dei siste tiåra, kan vere katastrofale for Noreg i framtida.

– Mitt mål er ikkje at vi skal tilbake til jordhòlene, eller at alle skal bli bønder igjen, men det er at fleire skal forstå kva sauen har betydd for oss – og kva han kan bety for oss framover.

Andre kapittel opnar med ei utsegn om at den store, kvite sauen vi møter i fjellet, den som ikkje har horn, og med stutte føter, ikkje eigentleg er den norske sauen.

– Kva meiner du med det?

– Han er jo norsk i den forstand at han i stor grad er basert på norske gen, sjølv om han også har har gen frå utanlandske sauerasar i seg. Men han er unorsk i den forstand at han ikkje brukar norske ressursar på same måte som sauen gjorde for 150 år sidan, då utmarksbeite var måten sauen fekk næring på.

LES OGSÅ: Landbruks-Norge lovar lavare klimautslepp

Meir kjøt!

I dag må sauen ha kraftfôr lagd mellom anna på soyabøner importerte frå Brasil for å kunne vekse så fort og føde så mange lam at bøndene kan møte krava til kjøtproduksjon. Dei beitar ute i mykje kortare periodar enn før, og med mange færre gardar enn før med meir sau per gard, blir beitetrykket ujamt. I tillegg får har vi no eit enormt overskot av sauekjøt.

– Det var først i år 2000 at det vart bestemt at norsk, kvit sau var ein rase, der det viktigaste er at den er stor og kvit, og at vi får mykje kjøt av den.

I boka forklarer ho at ei søye av norsk, kvit sau er på om lag 80-90 kg. Ei søye av den gamalnorske sauen, den som liknar mest på norrøne sauen, veg kanskje 30 kg.

– Av det vi veit om den norrøne sauen, var han mykje mindre, han hadde horn, fekk berre eitt lam, røyta ull, han var lettbeint og ute heile året. Han hadde også betre såkalla antipredatoråtferd, altså evne til å beskytte seg mot ulv, enn dagens kvite, norske, fortel Blix.

På 1800-talet byrja ein å avle mykje på sau, og vi fekk etter kvart mange ulike rasar.

– Innovasjon er fint, og i dette tilfellet var det gunstig å få ulike rasar som passa til ulike lokale miljø, både med tanke på marknaden og naturen i området. Spørsmålet er kva innovasjon vi driv med i dag, seier ho.

Billig mat

Vi har framleis tolv ulike sauerasar her til lands, men ni av dei er utryddingstrua. Det er ein ting som hovudsakleg står i fokus når det gjeld sauehald i dag, slik Blix ser det, nemleg å produsere mest mogleg kjøt som kan seljast billig. Då er det den kvite, norske sauen som lever av kraftfôr som gjeld.

– Frå politisk hald har ønsket om å effektivisere industrilandskap lenge vore styrande. Spørsmål om naturmangfald, beiteressursar og norske arbeidsplassar druknar i jaget etter billigast mogleg mat, der det er dei på toppen av butikkjedene som sit att med det økonomiske overskotet.

Ho peiker også på at sauebøndene har dei dårlegaste vilkåra av alle bønder.

– Det er eit problem at vi ikkje set pris på det dei produserer. Sauebønder må få betre betalt, ikkje minst for det ansvaret dei har – og kan ha – for å halde kulturlandskapet i hevd.

LES OGSÅ: Putin vil ta klima-ballen

Gror igjen

Under arbeidet med masteroppgåva si, var Blix ni veker på fjellet med ein saueflokk, for å sjå på korleis sauebeite påverka naturen på fjellet.

– Dei siste femti åra har det skjedd veldig store endringar. Naturtypar om slåttemark, og kystlynghei, som er halde i hevd først og fremst på grunn av sauebeite, er utryddingstrua. Det som skjer som når ein får færre gardar og fleire dyr per gard, er dessutan at det blir vanskelegare å få til eit jamt beitetrykk, som skadar dynamikken mellom plantar og dyr som har eksistert her i tusenvis av år.

– Kva er konsekvensen av denne endra dynamikken?

– Det er at det er mange artar som står i fare for å forsvinne, både plantar, soppar og pollinerande insekt, og at dei opne områda gror att med krattskog - og vi mistar rett og slett dei ressursane vi hadde, til å produsere mat.

Ho forklarer at robuste økosystem med mange artar er betre rusta til å møte klimautfordringar.

Vegskilje

– Viss klimaendringar gjer at bøndene i Brasil treng soyabønnene sine sjølv, står vi der utan dei ressursane vi ein gong hadde.

Blix har likevel tru på at sauen er nøkkelen.

– Det er ikkje for seint å snu, men vi er nøydde til å legge om norsk landbruk og utarbeide ein ny landbrukspolitikk. Det er framleis mykje sau i Noreg som brukar utmarksområde, og det er enklare å legge om enn storfedrifta, der ein har i stor skala har investert i store fjøs og mjølkerobotar.

Fordi det no er eit overskot av sauekjøt, ikkje minst fordi vi også importerer frå utlandet, burde vi klare oss godt med å produsere mindre. Blix viser til at mange allereie er opptatt av å utarbeide alternative måtar å styre landbruket på, og bestandane av gamalnorsk sau aukar.

– Bøndene gjer opprør og mange er klare over at vi står overfor eit viktig vegskilje. Vi må berre få politikarane med.

Boka har ho skrive alle som har lyst til å vite litt meir om landbruk, sau og kor maten vår kjem ifrå.

– Men du sjølv er ingen sauebonde?

– Maten vi produserer i dag er altfor viktig til at berre bønder kan meine noko om det. Ein må sjå på det som verdifullt for debatten at folk er med sjølv om dei ikkje har køyrt traktor frå dei var fire.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker