Klarer vi ikkje betre?
– Vi må finne tilbake til ei åndelegheit som kan knyte oss saman som menneske, seier den svenske forfattaren Lina Wolff.
Erlend Berge
Ho er no aktuell på norsk med den kritikarroste romanen De polyglotte elskerne, som ho fekk den prestisjetunge Augustprisen for då boka kom ut i Sverige. Handlinga krinsar rundt eit manus med same tittel som Wolffs bok, skrive av den kjende, fiktive forfattaren Max Lamas, ein av bokas hovudpersonar, og forteljar i andre og midtre del.
– Han ser på seg sjølv som heva over det objektiviserande blikket på kvinner. Han avskyr menn som ikkje klarer å kontrollere mannlegdomen sin, og er stort sett blind for at han strevar med akkurat det same, fortel Wolff då Vårt Land møter henne i eit sørpete Oslo denne veka.
Sjølv om dei to andre forteljarane er kvinner, kviler både manuset og kvinnesynet til Lamas tungt over heile romanen og dei andre karakterane.
Bestill abonnement her
KJØP