Bøker

Religiøse ­karakterar i krise

Dei mest gripande religiøse karakterane i norsk litteraturhistorie er prega av å være i djup åndeleg krise. – Om ein er ærleg med seg sjølv, er det ikkje til å unngå, meiner Jan H. Landro, som har tatt for seg norske litterære karakterar i ny bok.

– Dette er eit kjærleiksprosjekt, seier mangeårig journalist og kulturredaktør i Bergens Tidende, Jan H. Landro. Han er aktuell med boka Frå Nora til Karl Ove der han presenterer ei rekke portrett av fiktive skikkelsar frå litteraturhistoria.

Kanon

Sjølv om samtalen om ein norsk kulturell og litterær kanon det siste året nådd opp til politisk nivå og spørsmålet om litterær rettesnor for norsk kulturarv engasjerer, har ikkje diskusjonane om kanon tvinga seg på i arbeidet for Landro. Vi finn fleire døme på haustens bok­lister på bøker som på ein eller annan måte tematiserer kanonisering av den norske litteraturen, men Landro sitt utgangspunkt har vore eit anna: Han ville skrive om fiktive skikkelsar i norsk ­litteratur som har gjort inntrykk på han. Resultatet er 86 portrett av litterære figurar frå norrøn sagalitteratur og fram til i dag.

– Det er klart at ein fort kan tenkje at her er det ein som er ute og kanoniserer. Og ein slags kanon er vel dette og. Men det har overhovudet ikkje vore i mine tankar.

Portretta er inndelte i ti ulike typar, som til dømes dei tragiske, dei eventyrlege og opprørarane. Mange av karakterane har nok for mange ein naturleg plass i ein eventuell kanon, medan ­andre er gode døme på det Landro fortel om prosjektets personlege ­utgangspunkt.

– Bøkene har eg stort sett funne­ i mine eigne bokhyller. Ein føresetnad for prosjektet var at dette ikkje skulle vere analysar, men portrett av fiktive personar, seier Landro, som har lese alle bøkene, 40.000 sider, om att.

Utveljingsprosessen har ikkje berre vore enkel, og han har til dømes prøvd å halde seg til éin karakter per forfattar.

Dei religiøse

Ein type i boka er «dei religiøse». Først ut er den strengt pietistiske Enok Hove frå Arne Garborgs Fred, skildra som «ein av dei mest beksvarte og livsfiendtlege skapningane i norsk litteratur» i ein artikkel i Jærbladet frå i fjor, i samband med ei filminnspeling av Garborg-romanen.

–Kvifor vart Enok Hove ein av dei 86 karakterane i boka di?

– Eg opplever Hove som ein svært interessant person. Han er den første religiøse fundamentalisten i norsk litteratur, og eg ser på han som ein sjølvmordsbombar på eit åndeleg nivå. Då han tar livet sitt, etterlet han seg ein øyde­lagt familie.

Setninga «Jesus lo aldri» vart eit slags motto for Hove, og seier sitt om korleis livet i heimen og for familien hans var.

– Dette er forteljinga om ei heilt pervertert gudstru og ei sjukleg gudsfrykt, ho er ei åtvaring mot tidas vekkingskristendom. Ho viser at religion ikkje er ­nokon søndagsskule.

Ikkje sexy

«Veien til Gud er meget tung», seier den namnlause­ presten, hovudperson og eg-forteljar i boka En præsts dagbok av Sigbjørn Obstfelder, som har blitt ståande i litteraturhistoria som han som varsla den lyriske modernismen i Noreg. Boka vart utgitt etter hans død i 1900, og viser ei anna sida av diktaren, som vaks opp i ein svært religiøs heim.

Obstfelders prest pinest av tvil og klarer ikkje å akseptere tanken om at Gud skulle ofre sonen sin for alskens syndarar på jorda. Han spør seg: «Har kristendommen tatt Gud bort frå jorda og erstatta han med Kristus, slik at alt skal vere lettare å forstå?» Han tviler på sentrale dogme og forvaltar sakrament som han sjølv ikkje trur på. Men han klarer ikkje å ikkje tru heller; vitskapens legalitet held ikkje.

– Han har ei for intellektuell tilnærming til religionen, og for lite innleving – som eg meiner er ein føresetnad for religiøs tru, seier Landro, som meiner presten blir ein betraktar ståande på utsida av den religionen han skal formidle.

– Trua hans utviklar seg til analyse. Og med analysen kjem avstand.

– Spørsmåla presten stiller seg er svært interessante og verkar absolutt å ha ein aktualitet for kristne i dag. Likevel verkar det som folk flest koplar namnet Obstfelder til diktet «Jeg ser»?

– Ja, og berre det! Det er vanskeleg å seie kvifor nokre verk blir gløymde, men her har det i alle fall ikkje med litterær kvalitet å gjere. Problematikken er kanskje ikkje like sexy i dag, ­eller språket kan vere ei lita sperre. Men dette er verkeleg ein roman, med evig aktuelle problemstillingar, som burde hentast fram frå gløymsla.

Åndeleg krise

Dei færraste er vel overraska over at Garborg er med i ei slik bok, men Olav Klungland og Eilif Grøtteland i Sigbjørn Hølmebakks Karjol­steinen (1975) og Molly Ki Jennings i Åge Rønnings Kolbes reise (1982) er det kanskje ikkje like mange som har stifta kjennskap med.

Rønnings bok fortel til dømes om journalisten Molly, oppdratt katolsk, men ikkje truande, som tar på seg å skrive historia om den polske fransiskanarmunken Maximillian Kolbe, som i nazist­anes dødsleir gav livet sitt for at ein annan skulle leve. Gjennom skrivinga finn ho fram til trua, og endar, som Kolbe, med å ofre livet sitt for å redde ein annan.

– Eit stikkord for skikkelsane i denne gruppa er krise, anten ho er åndeleg eller eksistensiell, seier Landro, som meiner at om ein er ærleg med seg sjølv, vil ein på eit eller anna tidspunkt kome ut i ei krise.

– Eg har ikkje valt nett desse fordi eg ville skrive om religiøse kriser. Men eg ser at religiøse kriser ofte skapar god litteratur, seier han.

– At desse bøkene løftast fram, kan det også lesast som ein kommentar til at mykje av littera­turen i dag så til dei grader er blitt ein ferskvare?

– Draumen min for boka er nettopp at lesarar skal oppdage­ og gjenoppdage spennande ­litterære figurar.

Utsvevande

Blant dei religiøse­ figurane som har gripe Landro mest i litteraturen, finn vi også Engelbretsdotter og Dass sitt diktar-eg, Madame Torvestad frå Alexander Kiellands Skipper Worse (1882), Jan Wieses Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede (1990) og Henrik Wergelands Stella-figur, som han erklærer sin kjærleik til i fleire dikt. Ho var både erotisk objekt og opphøgd åndeleg vesen. Werge­land hadde lett for å forelske seg, og fridde til minst eit halvt dusin kvinner før han endeleg fekk ja, skriv Landro i boka.

– Wergeland var vel ikkje sjølv spesielt gudfryktig?

– Nei, han var veldig utsvev­ande, og det førte jo til at han ikkje fekk prestekallet han ville ha. I staden vart han riksantikvar, og det var jo den rå trekken i kjellaren der som tok livet av han. Tenk om han hadde fått vere prest, det trur eg ville vore ein minneverdig ein.

Nyare døme

Den nyaste boka i denne gruppa er snart 30 år gammal.

– Nyare karakterar som Liv i Hanne Ørstaviks Presten, Eilert i Edvard Hoems Amerika-bøker eller Anna i Lars Petter Sveens Guds barn, for å nemne nokon, kunne kanskje gitt oss eit bilde på korleis framstillinga av kristne har endra seg?

– Ja, det er mange fleire å ta av, men skikkelsane kom først, og kategoriseringa etterpå. Eg valde konfliktar, menneske, historier som har gjort inntrykk på meg, og typeinndelinga var mest eit pedagogisk grep til slutt, seier Landro.

Han vil heller avsløre sine to favorittar i utvalet, som begge representerer ytterpunkta i heile denne portrettsamlinga.

– Kven er det?

– Den eine er Knut Hamsuns Johan Nilsen Nagel, den gåtefulle,­ irrasjonelle, han som knapt sjølv forstår kvifor han gjer som han gjer. Den andre er Tarjei Vesaas' Mattis, Tusten – ei enkel og vakker sjel, og den som eg identifiserer meg mest med. Han eller ho som aldri har kjent på den usikkerheita, sårheita og lengsla som Mattis er fylt av, kjenner ikkje seg sjølv.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker