Årets vinnarar av Brageprisen
Tysdag kveld vart Brageprisane for 2017 delte ut under eit festarrangement på Dansens hus i Oslo.
Maria Parr, vinnar av Brageprisen 2017 i kategorien Barne- og ungdomsbøker.
Lars Flydal
Dei to vinnarane i kategorien skjønnlitteratur og barne- og ungdomsbøker blei Olaug Nilssen med romanen Tung tids tale og Maria Parr med barneboka Keeperen og havet. Begge er forfattarar på Det norske Samlaget. Vinnar i kategorien sakprosa blei Thomas Reinertsen Berg med Verdensteater (Forlaget Press), og Cecilie Løveid vart tildelt prisen i årets opne klasse, lyrikk, for diktsamlinga Vandreutstillingar (Kolon Forlag).
Rørande
I Tung tids tale går Olaug Nilssen tett på si personlege historie om seg sjølv og sonen Daniel på ni år, som har regressiv autisme, og vi får innblikk i gripande scener frå eit kvardagsliv der utslitne foreldre heile tida må vere på vakt, og klare å vise omsorg og kjærleik sjølv i dei tyngste periodar, velmeinte råd og eit utilgjengeleg hjelpeapparat som gjer tilværet meir frustrerande.
Bestill abonnement her
KJØP