Bøker

Tomas Tranströmers diktekunst har åndeleg sprengkraft

Poeten er død, poesien lever vidare.

Midt i vår sekulære og materialistiske tid sprengte den svenske poeten Tomas Tranströmer inn ein kile av ånd. Den nobelprisvinnande forfattaren – han fekk prisen for berre fire år sidan – skreiv dikt som opna for noko større. Han var ein metafysisk diktar, mange vil også seie ein kristen metafysisk diktar. Før helga anda han ut, 83 år gammal.

Døropnar

Då Tranströmer i starten av forfattarkarrieren vart intervjua om det religiøse engasjementet i dikta hans, fortalte han både om behovet for eit religiøst fellesskap og avsmaken for autoritær kristendom. Denne kontrasten har vore ein god posisjon å dikte frå. Dikta hans, som i hovudtrekk kan kallast fellesskapsorienterte, har nok opna opp både for lesarar utan religiøse genar og for religiøse med lite engasjement for moderne poesi. Tranströmer har vore viktig også gjennom arbeidet med den svenske nyomsettinga av Bibelen. Den svenske poeten var stilist på Salmane fleire år før forfattarane vart trekte inn i bibelomsettingsarbeidet her i Noreg.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Hjerneslag

I 1990 vart Tranströmer ramma av hjerneslag som lamma han i halve kroppen og rana poeten for dei fleste orda hans. Utruleg nok gav han ut somme nyskrivne dikt også etter denne hendinga, men stordelen av forfattarskapen hans ligg nokre år attende i tid. Sjølv har eg aldri høyrt Tranströmer lese eigne dikt. Men eg har høyrt han spele piano, med ei hand (den venstre). Då afasien ramma og språket forsvann, heldt poeten fram med å uttrykke seg gjennom musikken.

Sprengkraft

Den samla forfattarskapen hans kan lesast i boka Dikt og prosa i samling, gjendikta til norsk av Jan Erik Vold. For ikkje så lenge sidan kom også brevvekslinga mellom Tranströmer og den amerikanske poeten Robert Bly på norsk. Det var gjennom Blys gjendiktingar til engelsk Tranströmer fekk ein etter kvart stor internasjonal lesarkrins.

Det var ein gledesdag for litteraturen då Tranströmer fekk Nobelprisen i 2011. No er poeten død, men dikta hans lever vidare og kan bryte ny materialistisk mark. Tomas Tranströmers poesi har åndeleg sprengkraft.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Bøker