Bøker

Mennesket i naturen

Skandinaviske forfattarar er i ferd med å vakne til klimakamp. Men dei vil ikkje ha mennesket i sentrum av skaparverket.

Det går ein straum av økologi og klimamedvit gjennom forfattarstanden i landet. Straumen er langt ifrå skitten. For der politikarane nøler med å ta i bruk verkemiddel som kan gå ut over den norske velstanden, går forfattarane i front og manar til etisk ansvar.

Forfatternes klimaaksjon blei etablert i fjor, med tilføyinga «§110b». Namnet viser til den såkalla miljøparagrafen i Grunnlova, som blant anna seier at alle har rett til eit «Milieu som sikrer Sundhed og til en Natur hvis Produktionsævne og Mangfold bevares.» Paragrafen stammar frå 1992, då han vart samrøystes vedteken i Stortinget. Forfattarane saknar likevel at miljøparagrafen får ein sentral plass i det kollektive medvitet vårt. ­Espen Stueland, leiar av Forfatternes klimaaksjon, skreiv eit ­essay i Morgenbladet tidlegare i år der han mellom anna peikte på at forfattarane – som språkkjennarar – kan vere med på å synleggjere dei framtidige skadane på klimaet, og vekke til ­engasjement som bremsar den negative utviklinga.

Når til dømes Framstegspartiet kjem fram til at det mest miljø­venlege Noreg kan gjere er å pumpe opp mest mogleg olje og gass, som miljøpolitiske talsmann Oskar Grimstad sa til Dagsavisen i går, er dette eit synspunkt som fort kan vekke forfattarane til fornya klimainnsats.

Lange tradisjonar. Jostein Gaarder har allereie prøvd seg på ein miljøroman, utan å hauste dei store ovasjonane i heim­landet. Andre engasjerte forsøk er nesten uunngåeleg på veg. Naturen er i det store og heile på veg inn att i litteraturen, anten det er snakk om Jan Kjærstads etterlysing av «darwinistiske» romanar, Øivind Rimbereids dikting om blomar og hestar eller debutanten Frøydis Sollid Simonsens blikk for naturvitskap i Hver morgen kryper jeg opp av havet.

Det er ikkje berre i Noreg vi ser tendensen til økolitteratur, som her til lands har tradisjonar attende til både Henrik ­Wergeland og ikkje minst ­Petter Dass. I Danmark har Yahya Hassan dominert den litterære scenen i månadsvis med sine Digte, men i skuggen av Hassan har også lyrikaren Theis Ørntoft gitt ut ei diktsamling med samme tittel. «Postapolayptisk digt­samling er breaking news» skreiv ­Politikens meldar, Lilian­ Munk Rösing, då ho meldte samlinga­ ho karakteriserte som «mørk ø­kopoesi».

Ikkje i sentrum. Ørntoft er ein av fleire unge forfattarar som oppfattar mennesket som ein del av naturen, ikkje som eit naturleg sentrum i universet. Den svenske kritikaren og førsteamanuensisen ved Lunds universitet, Elisabeth Friis, finn ifølgje Klassekampen den same tendensen hjå forfattarar som danske Lars Skinnebach, Asta Olivia Nordenhof og Morten Chemnitz, svenske Ida Börjel og norske Kristin Berget. Alle tek eit oppgjer med det ho kallar for den antroposentriske tenkinga, ei tenking som samsvarer med det klassiske kristne verdssynet.

Den britiske teoretikaren ­Timothy Morton står i ­spissen for ei internasjonal bølgje av økokritikk, der ein har kvitta seg med ideen om mennesket si særstilling i økosystemet. «Mørk økologi» er eit anna omgrep, som motverkar den romantiserande tilbake-til-naturen-tankegangen frå tidlegare tider: Naturen er ikkje berre god og vakker, men også destruktiv og øydeleggande. Lars von Triers omdiskuterte film Antichrist er eit godt døme på kunstnarisk utforsking av denne tenkinga, som har fått solid fotfeste i Skandinavia.

Engasjert litteratur. Midt i desse straumane er det forfattarane skriv sine økologiske tekstar. Det er ei spennande utvikling. I dag har vi på ny ein skjønnlitteratur som vågar å vere engasjert, etter den politiske romanens fall for nokre tiår sidan.

Kva så det med det kristne verdsbiletet, der mennesket er sentrum i skaparverket? Er dette utdatert om ein skulle ønskje å engasjere seg kunstnarleg for miljøet?

Tvert om, meiner eg. Poesien er nettopp det som taler inn i det menneskelege. Og at mennesket (framleis) står i sentrum av naturen, aukar berre det etiske ansvaret. Det kviler ikkje på dyra å berge jorda. Det kviler på oss.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker