Lars Mæhle er inspirert av trollet heime

Sigeren sat langt inne, men desto søtare var han då han kom. No lever Lars Mæhle det frie forfattarlivet.

Lars Mæhle er blitt godt kjend med det overnaturlege etter arbeidet med . Han har òg fått med seg at det visstnok spøker på Stortorvets Gjestgiveri, der vi møttest for å tale om bøkene hans.
Publisert Sist oppdatert

Landet under isen heiter boka som kom for fire år sidan, og endra livet hans. Boka vart først innstilt til nulling i innkjøpsordninga til Kulturrådet, men det vart omgjort. Så fekk ho Kulturdepartementet sin pris for beste barne- og ungdomsbok i 2009, blei nominert til Brageprisen, og ikkje minst: U-prisen. Kven skulle trudd at ungdomsskoleelevar ville kåre ein murstein på 500 sider – skrivne på nynorsk – til årets beste bok i 2010? Sigeren var stor.

Slutt. Kanskje. Boka var ikkje meint som ein del av ein serie, men no sit forfattaren og eg på Stortorvets Gjestgiveri og et kake og talar om bok nummer to frå Landet under isen. Han vedgår at han var så sliten og glad då han endeleg hadde fått ferdig den første boka, at han ikkje drøymde om å skrive ei til. Men etter kvart vart suksessen og etterspurnaden stor, og han ombestemte seg. Den nye heiter Dødeboka, og er endå lengre enn den første. Men no er det slutt! Kanskje.

– Kva sette deg på sporet av Landet under isen?

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP