Bøker

Blei slakta og utstøytt

Boka toppa bestseljarlister og øydela livet til forfattar Mary McCarthy. No er den ute i ny norsk språkdrakt.

Bilde 1 av 4

– Ei odørblanding av magriffe (parfyme journ anm.) og prevensjonsgelé.

Det skreiv bokmeldar og forfattar Norman Mailer om Gruppen, boka til Mary McCarthy som kom ut i 1963. Norman Mailer var ein kontroversiell forfattar, ein av dei store intellektuelle i USA i etterkrigstida og ein mann som heldt på den amerikanske tanken om forfattaren som ein «maskulin tøffing».

Boka han slakta var romanen til Mccarthy som tar for seg ei gruppe unge uteksaminerte kvinner frå eit liberalt college i Amerika på 30-talet. Gruppa er fylt med iver og forventingar om framtida kor dei er på veg inn i vaksenlivet. I boka behandlar McCarthy sex som komedie og det er lange detaljerte tiradar blant anna om prevensjon – alt ført i ein skarp, satirisk og humoristisk stil, ifølge omsettar Hilde Rød-Larsen.

– Folk må ha gispa då dei las det, seier ho.

Trass livsglede og iver er stien likevel smal for kvinner i eit Amerika på 30-talet. Det er økonomisk depresjon og dei må sannkjenna at dei er like avhengige av menn, økonomisk som emosjonelt, som mødrene deira var.

Mykje av det kritikar Mailer reagerte så kraftig på var undergivnaden og mangelen på sjølvstende i karakterane i boka til Mccarthy. Var det den tvinga passiviteten desse kvinnene gjekk gjennom, McCarthy ønska å få fram i lyset?

– Boka er morosam, men samstundes ein tragedie, for det går jo ikkje bra med desse kvinnene som mest av alt ønsker å vera progressive. Dei lukkast ikkje med visjonane, mykje på grunn av strukturene som fanst. Slik er boka også politisk, seier Rød-Larsen.

LES MER: – Etter mitt første store samlivsbrudd var jeg helt knust, selv om det var jeg som ville det, sier bokaktuelle Hilde Rød-Larsen

Katolsk oppvekst
Oppveksten til Mary McCarthy er eit kapittel for seg sjølv. Begge foreldrene døydde under den verdsomspennande spanskesyken i 1918. Ho veks opp med tante og onkel i ein streng katolsk heim. I debuten hennar Memories of a Catholic Girlhood frå 1957 trekk ho enkelte parallellar mellom oppveksten og situasjonen i konsentrasjonsleirar – korleis undertrykte ofte ovundrar verjene sine, hungrar etter dei minste lyspunkt i ein gledesfortrengd kvardag og tar til seg fordommar mot menneske og instansar som ironisk nok kunne ha stilt opp med ei hjelpande hand.

Idet ho kom inn på det liberale kvinnecolleget Vassar, tok livet hennar ei ny retning. Vassar college representerte akademisk suksess og for ho ei aktiv omvending frå ein streng og rigid oppvekst. På Vassar gjer ho det glitrande og like etter flyttar ho til New York i 1933, nett som karakterane i boka. Etter kvart etablerer ho seg som kritikar og intellektuell med tilknytingar spesielt til kulturtidsskriftet Partisan Review.

Skandalesuksess
I tida før Gruppen er ho altså eit kjent syn i intellektuelle omganskrinsar i New York. Ho skriv bok- og teatermeldingar til fleire venstreorienterte blekkjer rundt om i New York, deriblant i The New York Review of Books. Når då medsamansvorne Norman Mailer slaktar ho i same blad, er det som om eit heilt miljø og omganskrins kastar ho under bussen.

Delar av boka var sjølvopplevde erfaringar og mange av karakterane i boka hadde identiske og liknande namn som det miljøet ho hadde vore ein del av. Ein av hovudpersonane i boka har til forveksling likt namn som den første mannen hennar. Boka var som ho sa i eit intervju nokre år etter: «Eit resultat av å putta ekte plommer på ein oppdikta kake».
Boka gav McCarthy kontakt med eit langt større lesarpublikum enn tidlegare, men ei følge av boka var òg at ho blei lagt til hat av folk som stod ho nær. Kjennskapane frå Vassar kjende seg hengt ut i boka. Den hatske kritikaren Mailer er med på å støyta ho ut av miljøet i New York. Trass det at Gruppen trona bestseljarlista i nærmare to år, måtte ho medgi like før sin død, at boka på sett og vis hadde øydelagt livet hennar.

LES MER: Hun var en megakjendis i sin tid, og skapte furore med sine bøker. Så ble hun glemt

Forsvar

«Ein dameroman skrive av vår tids førstedame» står det i det syrlege personangrapet mot McCarthy frå kritikaren Mailer. Kvifor Mailer hadde denne hugen til et slikt argt personangrep, var det fleire som lurte på. Ei av dei, var den framleis høgt akta tysk-amerikanske filosofen Hannah Arendt. Ho skildra si eiga uro over den mengda fiendskap og hat som teksten til Mailer kulminerte frå. Den same ånda som skulle føra til ny krig i Vietnam, seksuell revolusjon og betente politiske og stridar som framleis er til stades i USA.

Det var mange som ikkje forstod kvifor ei som Hannah Arendt knyta venskap til ein slik «lettbeint» forfattar som mange meinte McCarthy no var blitt. Kanskje såg ho likskapar mellom angrepet retta mot McCarthy og kritikken som Arendt hadde fått i samband med reportasjen Eichmann i Jerusalem same år. Det er likevel tydeleg at Arendt må ha sett noko meir i McCarthy. Arendt sendte manuskript og tekstar som ho ville McCarthy skulle kikka på. Dei brevveksla i 25 år og bevegde seg der knirkefritt mellom kvardag og seriøsitet, samtalar om moral, fornuft, stalinisme og fascisme.
At dei bygga opp eit eksplisitt feministisk søsterskap er derimot mindre klart. McCarthy motsette seg feministomgrepet på alle vis og skal ha forbunde det med ein «cocktail av sjølvmedynk, gneldring og grådigskap». Det har likevel ikkje hindra publikum i å lesa boka i feministisk ånd.

Underhaldning
Den ærlege deskriptive framstillinga av korleis livet til kvinner er, og ikkje korleis dei burde vera, er kjernen i tråden som forbind Gruppen med tv-serier som Sex og singelliv. Følgande er det slik at kritikken mot den eine rammer gjerne den andre. Både TV-seria og boka tar begge for seg sosialt ressursterke, sjølvsikre, ofte snobbete, fordomsfulle og hatske, og ikkje minst, kvite, kvinner, i ein fase av livet kor skilet mellom draum og røynd ikkje heilt er avklart.

Kan romanen tenne Sex og singelliv-fansen? spør bokmeldar i VG Guri Hjeltnes. Skal nyyutjgevingar sikta høgare enn å underhalda ein kartlagt fanskare, eller er det å underminera kvinnelege erfaringar i det å knyta omgrepet underhaldningslitteratur til bøker som tar utgangspunkt i livet til kvinner?

Omsettar Rød-Larsen ser ikkje heilt problemet og vil ikkje setta boka i bås når det kjem til Gruppen.

– Boka gir både viktige sosiologiske innsikter samstundes som det er god underhalding i ho. Om sambanda med Sex og singelliv eller underhaldningsomgrepet bidrar til at fleire les boka er det bare bra, seier ho.

Ho meiner boka gir gode historiske innsikter samstundes som tematikken ikkje er passé.

– Boka fortjener absolutt å bli teken opp på ny.

---

Mary McCarthy

  • f. 1989
  • Amerikansk forfatter, kritiker og politisk aktivist
  • Vokste opp i den katolske kirke, men ble ateist som ung kvinne
  • Debuterte i 1942 med romanen The Company She Keeps
  • Boka The Group (Gruppen) ble svært populær og lå på The New York Times bestselgerliste i to år. Samtidig ble boka kraftig kritisert.

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker