Bøker

Ingen moral i villaste villmarka

Nevekampar med bjørnar, ansikt til ansikt med Sibirtigeren, og kamp mot blodtørste bandittar. Roy Jacobsen og Anneliese Pitz har skrive ein roman om da Sibir framleis var uoppdaga.

Roy Jacobsen fekk eit handskrive manus av oldebarna til Fritz Dörries, med spørsmål om han ville lese kva den tyske naturvitskapsmannen mintest frå ekspedisjonane i Sibir. Jacobsen kan tysk, og sa ja med ein gong.

– Men eg skjønte ikkje eit ord av det som stod der!

Manuset var skrive med gotisk handskrift som det tyske skoleverket slutta å undervise i på slutten av mellomkrigstida. Men så viste det seg at kona til Jacobsen, Anneliese Pitz, som har doktorgrad i lingvistikk, hadde lært seg gotisk av besteforeldra. Pitz transkriberte manuset.

Det var starten på det som skulle bli romanen Mannen som elsker Sibir.

Nevekamp mot bjørn

Det er blitt ei bok som både minner om Pelsjegerliv av Helge Ingstad og andre romanar av Jacobsen, som Hoggerne og De usynlige. Reisene og opphalda til Fritz Dörries i Sibir byr på historier du garantert ikkje har lest før. Nevekampar mot bjørnar, ansikt til ansikt med tigrar, rømte straffangar som skjuler seg i skogane, og røvarbandar som drep og plyndrar i nattemørket.

Da eg spør kor mykje som er oppdikta, set begge to opp eit overraska uttrykk.

– Vi har ikkje dikta noko, seier Pitz.

– Vi har berre skrive betre enn Dörries, held Jacobsen fram. Alt i boka er livet til Dörries, men det er mine ord.

Pitz fortel at stoffet er henta frå manuset til Dörries, og som har blitt overlevert til barn, barnebarn, oldebarn, og til slutt til henne og Jacobsen. I tillegg har dei to supplert med det dei har funne andre stader, både frå det vesle Dörries skreiv sjølv og det andre har skrive om han.

– Han ga ein del intervju. Men grunnen til at Dörries ikkje er meir kjend, er nok fordi evna til å fortelje var svak. Hans genialitet var observasjon og klassifisering, seier Jacobsen.

LES ANMELDELSE AV DE USYNLIGE: Roy Jacobsen viser hvorfor han er en av våre viktigste forfattere.

Koloniseringa av Sibir

Når eg seier at romanen ikkje berre handlar om oppdaging av urørt natur, men kanskje like mykje om menneskets vilje til å legge under seg naturen, nikkar dei begge.

– Det Dörries heldt på med, var ein viktig del av koloniseringa som gjekk føre seg på same tid. Men denne vart aldri vellukka på same måte som i USA, seier Jacobsen.

Pitz fortel at det var russarane sjølv som prøvde å oppdage Sibir, rett før Dörries kom dit.

– Dei jakta etter den fine pelsen, sobelen. Og dei drap folk rett som det var, heile landsbyar vart utrydda. Seinare fant dei ut at dei heller måtte busette desse aude stroka. Og da vart folk sendt dit.

Dette skjedde med tvang, både fangar og familiane deira vart sendt austover.

– Byen Irkutsk i Sibir er bygd opp av dekabristane, dei som stod bak den mislukka palassrevolusjonen mot tsaren i 1825. Fleire tusen av dei, frå borgarskapet, ressurssterke folk, kom til Irkutsk og bygde opp det som den dag i dag er ein vakker by. Dei budde så langt unna at dei rett og slett ikkje kom tilbake, fortel Jacobsen.

– Koloniseringa av Sibir var nok like hard og valdeleg som den i USA, men vart aldri så omfattande. Derfor kan du den dag i dag reise rundt og møte ulike folkeslag der.

Tigerjakt

Eit særtrekk i Mannen som elsket Sibir er skildringane av dyrelivet og naturen. Men det er skildringar frå ei verd som nesten er borte no.

– Fiskeugla som Dörries skildrar finnes det berre tre tusen igjen av, trur eg, seier Jacobsen. – Sibirtigeren er det berre nokre hundre igjen av. Leoparden er truga.

Og Sibirtigeren dukkar stadig opp i romanen. Han er både ein stor trussel, samt det mest ettertrakta dyret for Dörries. Ved ei anledning finn han spor etter ein tiger som har luska berre nokre meter frå han i snøen.

– Han var ekstremt fascinert av tigrane, seier Pitz.

– Vi lurte litt på om dette med tigrane ville slå an no som Sibirtigeren er så truga som han er. Vil nokon lese ei bok om tigrar som blir drepne? Men på denne tida hadde ingen i Tyskland sett eit slikt dyr. Dei blei sendt tilbake til Europa og stoppa ut, og folk kunne for første gong sjå ein tiger!

Jacobsen peiker på at musea på den tida var datidas massemedium.

– Det var millionar av menneske som besøkte dei, det var kjemperift om trofea.

LEST DENNE? Roy Jacobsens Hvitt hav har et rikt person­galleri full av hverdagshelter, men enkelte blir ­framstilt som supermennesker

Å måle hovudskallar

Likevel målber romanen eit samvit. Da Fritz Dörries skyt ein tiger som er skadeskoten av ein annan jeger, sig erkjenninga over han: «Tenk å rive dette fantastiske dyret ut av tilværelsen.»

– Det er hans eiga formulering, seier Jacobsen.

Men det er eit anna moralsk problem som får plass i romanen: Dörries` haldningar til lokalbefolkninga. Ein stad blir det skildra korleis han krenker ein gravstad og stikk av med hovudskallen til eit menneske.

Jacobsen fortel at dette var på den tida da europearane dreiv på med forsking på rase og menneske. Blant anna var det vanleg å måle hovudskallar for å finne særtrekk blant ulike folkegrupper.

– Men det som alltid låg under var at han som målte var litt meir intelligent enn han som vart målt, humrar Jacobsen.

Drap under stjernehimmelen

– De to har ikkje gjort noko forsøk på å moralisere eller sjå på Dörries med vår tids blikk?

– Det er mykje meir litterært interessant å prøve å dikte meg inn i hans stemme, enn å lage ein tradisjonell biografi med moraliserande eller ironiserande tone. Det ville blitt for enkelt, seier Jacobsen.

Pitz peiker på ei episode i boka, der Dörries blir med ein kollega for å hemne seg på nokre røvarar.

– Rett etter å ha drepe bandittane sit han og ser opp mot stjernehimmelen, og gir uttrykk for kor vakker verda kan vere.

– Der er det akkurat som om han har gløymt massakren på familien av hans beste venn, som han har vore med og hemna, seier Jacobsen.

– Og så er det veldig morosamt at når han har overlevd ein vanvittig sledetur på tre hundre kilometer, så skriv han at han tok seg ein dags pause, held Pitz fram.

Jacobsen ler.

– Det er som Lars Monsen gongar ti.

Sommarfuglane

Mannen som elsket Sibir er full av små, vakre teikningar av sommarfuglar. Dei er teikna av Fritz Dörries sjølv. Han tok med seg 61. 500 eksemplar frå Sibir.

– Kva er det med sommarfuglar som gjer at vi er så opptekne av dei?

– Det skjøre, svarar Pitz.

– Du kan nesten ikkje ta på han utan at du øydelegg han.

– Samtidig som dei kan flyge hundrevis av mil, held Jacobsen fram.

Han har fått vite at det i sommar har blitt gjort fleire observasjonar i Oslo av ein art som flyg hit heilt frå Afrika.

– Og så har du fargane, mønstera. Det er heilt ufatteleg, avsluttar Pitz.

LES ANMELDELSE AV ROY JACOBSENS FORRIGE ROMAN: Roy Jacobsens etterkrigsroman trekker interessante paralleller til vår egen tid

---

Fritz Dörries

  • (1852-1953) var ein tysk naturvitskapsmann, forskar og dyrepassar. Han hadde lange ekspedisjonar i Sibir i perioden 1870–1890, der han saman med brørne sine samla inn eit utal ulike naturobjekt til tyske og europeiske museum (kjelde: Wikipedia).

---

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Bøker