Det tek aldri slutt, dette diktet, dette langdiktet, desse migrasjonane som ho byrja å skrive tidleg i 1970-åra, Gloria Gervitz – ei ung kvinne oppvaksen i Mexico by, men frå ein jødisk familie, frå ei flyktningslekt, som hadde reist over Atlanteren for å sleppe unna massakrane i Aust-Europa.