Bøker

Ein viktig pris

Mens Nobelprisen ligg nede for teljing, er Nordisk råds litteraturpris viktigare enn nokon gong.

Neste veke blir Nordisk råds litteraturpris delt ut i Oslo. Prisen har sidan 1962 blitt delt ut kvart år, i fjor til den danske forfattaren Kirsten Thorup, for romanen Erindringer om kjærligheten. Boka kom i norsk omsetting no i sommar.

Den førre norske vinnaren var Jon Fosse for tre år sidan, for trilogien Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd. I år er det Carl Frode Tiller og Roskva Koritzitsky som er dei norske kandidatane til prisen for beste vaksenbok. Tiller har lenge vore ein favoritt til få ein pris av denne tyngda, og er nominert for romanen Begynnelser. Roskva Koritzinsky representer den yngre, sterke forfattargenerasjonen. Det viktigaste er likevel at ho har skrive ei svært god bok med Jeg har ennå ikke sett verden.

Mens Nobelprisen ligg nede for teljing, er Nordisk råds litteraturpris viktigare enn nokon gong. Prisen har som formål å auke interessa for det nordiske kulturfellesskapet i tillegg til å premiere framifrå kunstnariske innsatsar. Juryen består av to høgst kompetente medlemmar frå kvart av dei nordiske landa.

For fem år sidan skjedde det ei viktig utviding av prisen. Då kom barne- og ungdomsbøkene inn som ein eigen kategori. Dette har sørgja for ei vellukka styrking og løfting av den nordiske barne- og ungdomslitteraturen, som må kunne seiast å vere toppsjiktet også internasjonalt.

Håkon Øvreås og Øyvind Torseter er så langt dei einaste norske prisvinnarane, dei fekk prisen for barneboka Brune i 2014. I år er det Hans Petter Laberg og Torun Lian som er dei norske nominerte, i tillegg til Anne-Grete Leine Bientie frå det samiske språkområdet. Laberg er nominert for ungdomsromanen Ingenting blir som før, om Markus på 15 år som har ein eldre bror som har begynt å selje narkotika. Ifølgje omtalen på Nordisk råds nettsider fornyar Laberg «1970-tallets samfunnsengasjerte ungdomsroman med dagens interesse for eksistensielle utfordringer».

Torun Lian er kjent for mange som forfattar og filmregissør, og gjorde stor lykke på første halvdel av 1990-talet med bøkene og filmane Frida, Frida – med hjertet i hånden og Bare skyer beveger stjernene. Den nominerte Alice og alt du ikke vet og godt er det er den fjerde boka om åtte år gamle Alice Andersen, og blir skildra som «et sjeldent nyansert portrett av ei innadvendt jente».

Anne-Grethe Leine Bientie og Meerke Laimi Thomasson Vekterli (ill.) er nominerte for Joekoen sjïehteles ryöjnesjæjja («En skikkelig flink reingjeter»), om den vesle guten Jaahke som blir åleine att i fjellet for å gjete reinflokken til familien.

Dei norske kandidatane skulle ligg godt an til å kapre ein pris. Det viktigaste er uansett synleggjeringa som nominasjonen, og ein eventuell pris, gir.

Vi skal difor koste på oss å nemne også dei andre barne- og ungdomskandidatane her på leiarplass. Frå Danmark er det Lynkineser av Jesper Wung-Sung og Rasmus Meisler (ill.) og Hest Horse Pferd Cheval Love av Mette Vedsø. Frå Sverige er det Fågeln i mig flyger vart den vill av Sara Lundberg og Norra Latin av Sara Bergmark Elfgren.

Dei to nominerte frå Finland er Magdalena Hais eventyrroman Kurnivamahainen kissa («Katten med den murrende magen») og Karin Erlandssons undervasseventyr Pärlfiskaren (som også er kandidat frå Åland).

Frå Færøyane er Bárdur Oskarssons bildebok Træid nominert. Frå Island er dei to kandidatane Kristín Helga Gunnarsdóttirs Vertu ósýnilegur (Vær usynlig) og bildeboka Skrímsli í vanda («Monster i knipe») av Áslaug Jónsdóttir, Kalle Güettler og Rakel Helmsdal.

Vi ønskjer alle dei nominerte lukke til!

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker