Norsk kritikerlag er 20 år og inviterer denne helga til jubileumsseminar på Nasjonalbiblioteket i Oslo. Førre gong Kritikerlaget feira jubileum, for ti år sidan, var det eg som var leiar. Vi gav blant anna ut eit festskrift der eg i leiaren refererte til T.S. Eliots kjente ord om kritikken: «There is no method but to be very intelligent.» Det finst ingen metode, anna enn å vere svært intelligent.

Og samtidig, med glimt i auget: Kor intelligent kan eigentleg ein tiåring bli?

Tiåringen som blei feira for ti år sidan, var likevel ingen reell tiåring. Norsk teater- og musikkritikerforening blei stifta allereie i 1927. Litteraturkritikarane starta sitt kritikarlag rett etter andre verdskrigen, i 1946. Kunstkritikarane organiserte seg i 1949. Dei ti åra med Norsk kritikarlag var ti år med sameinte krefter, etter samanslåinga av dei ulike kritikarlaga i 1998.

No er denne tiåringen blitt tjue, og har gått vidare fram i både alder og visdom. Kritikerlaget samlar mange av Noregs skarpaste pennar, som set eit vesentleg avtrykk på den opne, offentlege samtalen i landet vårt. Sjølv har eg ikkje vore aktivt med eller hatt verv i laget dei seinare åra, men eg saknar mange gonger dei gode diskusjonane vi hadde i styre og arbeidsutval.

Mange interessante diskusjonar blir det nok også under jubileumsseminaret denne helga. På programmet står blant anna spørsmålet om kva kritikkfaget er i dag, og korleis framtida for kritikken ser ut. Mange kritikarar i dag opplever det innimellom som at det ikkje er plass til kritikk i den nye medieøkonomien.

Eg tør stå ved at vi tenker motsett i Vårt Land. Kritikken er ein så viktig del av samfunnsoppdraget at han ikkje skal innskrenkast og kuttast, men tvert om styrkast. Difor har vi også utvida kritikksatsinga vår i avisa, blant anna med bokbilaget Bøker.

Vurderingar av kunstnariske uttrykk er viktig for den offentlege samtalen, for utviklinga av kunsten og for vårt eige sjeleliv. I samtalen om kunst utvidar vi vår eigen horisont og lærer meir om det å vere menneske. Å fjerne kritikken er det same som å fjerne seg frå ein samfunnsnyttig praksis som kjem oss alle til gode. Det er ein svært dårleg strategi, også i den nye medieøkonomien.

Kritikken har lange linjer. «Det er noko der som er vanskeleg å skjøna», skriv apostelen Peter om apostelen Paulus' brev i Det nye testamentet. Den moderne litteraturkritikken i Noreg går attende til 1700-talet, knytt til framveksten av avisene og tidsskrifta. Pioneren Claus Fasting – han blir rekna som Noregs første litteraturkritikar – skreiv kritikktekstar i opplysningstidsskriftet Provinzialblade, som kom ut i perioden 1778 til 1781. I Morgenbladet, som starta opp i 1819, blei kritikken ein fast journalistisk sjanger.

Dagsavisene blei etter kvart ein svært viktig kanal for kritikken, der kunstvurderingar blei gjort tilgjengelege for eit større lesande publikum. Framleis er dagsavisene ei viktig plattform for den kritiske verksemda, sjølv om mange kritikarar opplever at dagsaviskritikken under press. Det er bra med nye vidtrekkande kanalar for kritikken, som sosiale medier. Men dei litterære diskusjonane på sosial medier må vere eit supplement til, ikkje ei erstatning for, vurderingar gjort av kunnskapsrike kritikarar for redaktørstyrte aviser.

Kritikken er uunnverleg. Vi retter ein stor takk til Norsk kritikarlag for arbeidet dei legg ned for å styrke kritikken i det norske samfunnet. Gratulerer med 20-årsjubileet!