Bøker

Den politiske vekkinga som har heimsøkt vårt land

Arrogansen til dei danna gjorde at ytringsfridomen i praksis var eit privilegium for dei få i Noreg på starten av 1800-talet. Så kom haugianarane.

Bilde 1 av 2

– Ein ting er dei reint formelle rettane folk har til å delta i ordskiftet. Ein annan ting er dei reelle moglegheitene.

Anders Johansen er professor ved Universitetet i Bergen, og har skrive det massive verket Komme til orde - Politisk kommunikasjon 1814–1913. Over nesten 900 sider argumenterer han for at ytringsfridom og stemmerett er lite verdt om borgarane ikkje er i stand til å gjere seg høyrt og akseptert i allmenta.

Berre for dei få

– I 1814, når Noreg har fått eigen Grunnlov, er det berre ein liten elite som fører ordet, og dei er bestemte på å behalde monopolet.

Johansen seier at dette ikkje berre var eit treigt etterslep, som det seinare vart ordna opp i. Det var ein aktiv motstand frå eliten, i denne perioden blir styresettet i Noreg omtalt som embetsmannsstaten.

– Det skulle visse føresetnadar til for å vere med i den offentlege samtalen. I dag ser vi på stemmerett og ytringsrett som noko som gjeld alle. Den gongen var det berre nokre få som var kvalifiserte. Dei måtte kunne gjere seg opp si eiga meining og stå for det i allmenta.

Arbeidarar og husmenn var avhengige av sine føresette, det var kvinnene òg. Derfor var det ikkje å venta at dei kunne tenkje og tale på sjølvstendig vis. Og derfor måtte dei haldast utanfor.

– Tanken var at dei ikkje på eiga hand var i stand til å meine noko som kunne bli tatt på alvor.

LES MER: For 200 år siden fikk Norge en av Europas mest liberale ­grunnlover – men ikke når det gjaldt religion

Det gamle regimet

Komme til orde startar i Domkirken i Bergen. Måndag 21. februar i 1814 stod biskop Johan Nordahl Brun på preikestolen og talte mot at kongen av Danmark skulle avstå Noreg til kongen av Sverige.

– Kvifor vel du å starte boka med biskopen i Bergen?

– Eg skriv historia til retorikken. Korleis var det dei snakka på denne tida? Kva var overtydande? Korleis fungerte offentleg kommunikasjon? Nordahl Brun representerte det gamle regimet, einveldet. Han var ein del av styresmakta. Undersåttane skulle lyde han. Han hadde ingen demokratiske tankar om stemmerett og slikt.

Johansen meiner likevel at biskopen retorisk sett er interessant. Nordahl Brun snakka utifrå gamle paternalistiske førestillingar, men i eit folkeleg og effektivt språk.

– Biskopen er ein målberer for det gamle kristne synet på retorikk og talekunst, for kva det ville seie å ha talens nådegåve. Våren 1814 heldt han mange interessante preiker om korleis Ordet verker i folket, og korleis Anden verker gjennom han som talar.

LEST DENNE? 'Stor katastrofe for Danmark å miste Norge'

Språk basert på Bibelen

Allmenta på denne tida var gjennomgåande kristen, der bildebruk henta frå Bibelen gjennomsyra korleis ein snakka om den aktuelle politikken.

– Bibelske personar og hendingar var nøklar til å forstå personar og hendingar i samtida. I 1814 og mange år etterpå kunne du ikkje snakke politikk til vanlege menneske utan å snakke eit språk basert på Bibelen.

Johansen peiker på at også Marcus Thrane gjorde dette da han i 1848 starta dei første arbeidarforeiningane.

Den radikale Hauge

Eit kapittel i Komme til orde heiter «Vekkelse», og handlar om Hans Nielsen Hauge og haugianarane. Det er uvanleg å gi slik stor plass til Hauge og rørsla i eit historieverk som ikkje er kyrkjehistorie. Kva var det med Hauge, og kvifor har han fått plass i denne boka?

– Hauge meinte at han som har fått kallet, må følgje kallet. Og han som har fått talens nådegåve, må nytte seg av ho. Uansett kven du er. Om du så er ein fattig bondegut. Det betyr at alle står heilt likt, både til å forstå skrifta og til å tale Bibelens ord.

Johansen meiner at dette var ekstremt radikalt.

– Hauge brydde seg ikkje om politikk, men han og haugianarane var eit gjennombrot for eit annleis menneskesyn. Vanlege menneske skal ha noko å seie, dei òg. Det var venta at ein fyr som Hauge skulle teie stille og lyde det som vart avgjort av øvrigheita.

LEST DENNE? Hans Nielsen Hauges anvendelige ettermæle

Kvinnekampen

Men det radikale stoppar ikkje der. For hos Hauge går det så langt at det også gjeld kvinnene. Johansen fortel at ein tredjedel av predikantane blant haugianarane dei første åra var kvinner.

– Og det er 80 år før kvinnekampen. Desse kvinnelege predikantane reiste rundt og talte i forsamlingar. Plikta til å forkynne Guds ord gjorde at alle verdslege omsyn måtte vike.

Større enn Morgan Kane

Med Hauge får Noreg ei rørsle med nasjonalt omfang. Det skjer gjennom brevveksling og utgiving av Hauges skrifter. Og gjennom oppretting av næringsverksemd som understøtta rørsla økonomisk. Det gjorde ho større og breiare enn folkelege rørsler i eldre tid, og med eit vidare mål enn å reagere på eit eller anna lokalt problem, hevdar Johansen.

– Hauge hadde større siktemål – å fornye trusiveren. Og slik er denne rørsla i slekt med det moderne folkelege organisasjonslivet – arbeidarrørsla, avhaldsrørsla, målrørsla – som oppstår seinare og blir permanent organisert.

– Kva hadde desse breva og Hauges skrifter å seie?

– Haugianarane vart kalla lesarar. Og dei hadde eigne trykkeri, svarar Johansen.

I boka viser han til at før Hauge vart fengsla, i 1804, skal skriftene hans ha hatt eit opplag på 200.000. I eit samfunn med berre 900.000 innbyggjarar.

– Eg trur du må heilt fram til Morgan Kane for å finne like store opplag som det Hauges skrifter fekk. Og det er fantastisk, i ei så lita befolkning, med så lite lesekunnskap.

Morgan Kane var ein norskskapt seriehelt, og bøkene om han selde i bøtter og spann over fleire tiår opptil 2000-talet.

LES MER: Bevegelsen som Hans Nielsen Hauge startet ville vært utenkelig uten brevet. Hauge var Norges mest leste forfatter ved inngangen til 1800-tallet

Kyrkjeleg brems

Sjølv om Johansen har via Hauge og haugianarane eit kapittel i boka, meiner han kyrkja stort sett var ei konservativ stemme.

– Gjennom heile historia eg fortel, så har kyrkja vore ein brems på demokratiseringa. Men du kan ikkje tenkje deg ein politikk i denne perioden utan ein kristeleg føresetnad.

For kristendommen seier at kvinner skal tie i forsamlinga, men han seier også at den som har kallet skal følgje det. Han seier at ein skal vere lydig mot styresmaktene, men òg at alle står på like fot.

– Kristendommen kunne bli brukt av alle sider, men det politiske språket måtte ta i bruk dei kristne føresetnadane, og da blir Hauge viktig.

Elendig preikekunst

Men korleis talte Hauge? Kva for eit språk måtte han føre? Johansen meiner det var eit gammalt språk som alle måtte føle var ærverdig.

– Presteskapet synes det Hauge sa og skreiv var rablete og heilt elendig som preikekunst. Men det gjorde inntrykk på vanlege folk.

Grunnen er truleg at Hauge kunne Bibelen nærast utan att, og det gjaldt mange av predikantane blant haugianarane.

– Dei hadde eit stort repertoar, og kunne alltid aktualisere bibeltekstane. Det var ein effektiv måte å gjere seg til talerør for den heilage skrifta. Slik vann han autoritet. Hauge hadde kyrkja mot seg, men Gud kom til orde gjennom han. Han forsvarte seg med at det nok var dårleg tale, etter verdslege mål, men med profetisk kraft.

Vikla inn i kvarandre

På slutten av intervjuet, etter å ha snakka lenge om Hauge, som berre utgjer eitt kapittel i ei bok på ni hundre sider, grip Johansen inn.

– Dette er ikkje religionshistorie, men politisk historie, seier han. – Men det religiøse og det politiske språket er så vikla inn i kvarandre, da kan du ikkje utelate det eine og berre gi plass til det andre.

LES MER: En mann fra 1700-tallet med hakeskjegg er blitt KrF-ledelsens nye ledestjerne. Men hvem var han egentlig, og hvordan kan han hjelpe et kriserammet KrF?

---

Komme til orde – politisk kommunikasjon 1814–1913

  • Skrive av Anders Johansen og utgitt på Universitetsforlaget, er ein politisk retorikkhistorie. Boka strekk seg frå 1814, da velståande menn med eigedom fekk vere og bestemme, til gjennomslaget for allmenn kvinneleg stemmerett i 1913.

---

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker