Bøker

Amen

Amen er godt likt av kryss­ordmakarar.

Stikkordet er ofte «sluttord», og amen er løysinga. Sluttord er det, etter ei bøn. Så sikkert som amen i kyrkja.

Då kjem det overraskande at Amen sjeldan ­avsluttar bønner i Det gamle testamentet. Av dei 30 førekomstane er 12 i 5 Mosebok, samla i ­kapittel 27. Her dreier seg ikkje om bønner, men om forbanningar. «Forbanna er den som lagar eit utskore eller støypt gudebilete, avskyeleg for Herren, forma av ein handverkar, og set det opp i løynd! Og heile folket skal svara: Amen.» Det er vers 15, og slik fortset det i elleve vers til. Folket skal svara Amen heile tida, og stadfesta reglane for forbanning.

Då er det litt lysare i 1 Krøn 16,36: «Velsigna er Herren, Israels Gud, frå æve til æve! Og heile folket sa ‘amen’ og prisa Herren.» Også her er det ei stadfesting, som i tilfella i andre bøker.

Amen har å gjera med det som skal gjelda, det som er pålitande, det som ein kan stola på. Det er samansett av tre konsonantar, som også dukkar opp i andre kjende ord. Først og fremst er det ordet for tru, 'aman, som i bøyingsformene kan tyda «vera trufast, påliteleg, stødig, varande», ­eller «ha tillit til, tru på».

Tru i Det gamle testamentet er ikkje ein intellektuell prestasjon, ikkje å vera sikker i si sak. Ho er å stola på, satsa på, ha tillit til. Når Gud lovar noko, kan ­menneske ha tillit til det. Slik er det med Abraham: Gud seier «‘Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan telja dei!’ Og han sa: ‘Så talrik skal ætta di bli.’ Abraham trudde Herren, og det vart rekna han til rettferd,» 1 Mos 15,5-6.

I vår vestlege tradisjon har det ofte blitt diskutert korleis tru skal forståast. Augustin på 400-talet forma sentensen «tru som utfordrar intellektet», og Anselm av Canterbury fylgde opp på 1000-
talet: «Eg ynskjer ikkje å forstå for å tru, men å tru for å forstå». Denne tankelina har ført til mange diskusjonar om intellekt og forstand, om å frigjera eller binda tanken.

Så mykje enklare er trua i Det gamle ­testamentet. Der er ho tillit til at Gud vil gjera det han har lova. I Salmane kan trua vera å venta. «Eg venta og vona på Herren. Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop,» seier Sal 40,2. Venting og von, tillit og forventing, det er trua i den første delen av ­Bibelen. Det er eit anna spor enn det Augustin og Anselm slo inn på.

Kanskje er det på tide å venda tilbake til kjeldene, forbi kyrkjefedrene. Bibelen er eit historisk dokument, om hendingar som var, og om hendingar som skal koma. Trua er tillit til at det vil skje.

Og heile folket skal seia Amen!

Magnar Kartveit er professor i Det gamle testamentet

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker