Bøker

Adam – Mennesket som vart mann?

Gud skapte «adam» som mann og kvinne i 1 Mosebok 1. Så då betyr «adam» menneske? Gud skapte to menneske, ein mann og ei kvinne?

Her er grunnteksten tydeleg, nemleg tydeleg annleis. Gud skapte «adam» som hann og ho, står det, ord som blir brukte om dyr og menneske i Det gamle testamentet, og som i omsetjingane stort sett blir forskjønna til «mann» og «kvinne». «Adam» er eit fellesuttrykk for ein art, ein art som har to kjønn. Slik dei forskjellige dyreartane har det. I 1 Mosebok 1 skaper Gud arter og slag, ikkje eitt stykk epletre, to stykk elefantar. Det er typane som blir til: urter, tre, dyr, fuglar, fiskar, krypdyr og menneske. «Adam» betyr i denne forteljinga «menneskearten».

Dette er forskjellig i 1 Mosebok 2. Der skaper Gud ein mann, «adam», som får ein medhjelpar, ei kvinne. Gud skaper dyr og fuglar for å sjå om dei kan vera medhjelparar for mannen, men dei fell igjennom, og kvinna blir skapt. Adam blir poetisk: «Denne gongen er det bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast ei kvinne, for av mannen er ho tatt.»

I tider med feministisk teologi oppstod det ein annan teori. Phyllis Trible lanserte i 1987 den tanken at «adam» i 1 Mosebok 2 var skapt som mann og kvinne, eller utan kjønn. Først då kvinna vart til, vart «adam» mann. Teorien er usannsynleg, men har hatt stort gjennomslag, til og med i Bibel 2011. I 1 Mos 2,18 heiter det at det ikkje er godt for «mennesket» å vera åleine. Dersom dette var korrekt, ville vel dyra og fuglane vera gode medhjelparar? Så skifter «adam» brått frå å vera menneske til mann i vers 21.

Nei, det er mannen som ikkje har det godt åleine, og difor er det kvinna som blir medhjelpar for han. Dette har blitt diskutert på språklege premissar etter at Trible kom med sin teori. James Barr laga trøbbel for Trible: Ho tok feil. Ikkje desto mindre har ho hatt nok av følgjarar, av begge kjønn.

Bibelen vart til i ei tid der kjønnsrollene var annleis enn i Vesten i det tjuande og tjueførste hundreåret. Dette demonstrerte ei tysk omsetjing av Bibelen svært tydeleg. Bibel in gerechter Sprache kom i 2007 som resultat av ein omfattande dugnad av fagfolk. Ingen skulle i denne omsetjinga føla seg sett ned på eller nedvurdert: kvinner, funksjonshemma, LHBT, farga, fattige. Resultatet viste kor umogleg prosjektet er. Det er ikkje ei omsetjing, men eit programskrift.

«Adam» er i 1 Mosebok 1 menneskeslekta, og i neste kapittel ein mann. Slik er det med ord – dei kan ha fleire tydingar. Ei omsetjinga må distingvera, og det er ikkje det same som å diskriminera.

Magnar Kartveit

Professor emeritus ved VID vitenskapelige høgskole

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker