Bøker

Årets vinnarar av Brageprisen

Tysdag kveld vart Brageprisane for 2017 delte ut under eit festarrangement på Dansens hus i Oslo.

Dei to vinnarane i kategorien skjønnlitteratur og barne- og ungdomsbøker blei Olaug Nilssen med romanen Tung tids tale og Maria Parr med barneboka Keeperen og havet. Begge er forfattarar på Det norske Samlaget. Vinnar i kategorien sakprosa blei Thomas Reinertsen Berg med Verdensteater (Forlaget Press), og Cecilie Løveid vart tildelt prisen i årets opne klasse, lyrikk, for diktsamlinga Vandreutstillingar (Kolon Forlag).

Rørande

Tung tids tale går Olaug Nilssen tett på si personlege historie om seg sjølv og sonen Daniel på ni år, som har regressiv autisme, og vi får innblikk i gripande scener frå eit kvardagsliv der utslitne foreldre heile tida må vere på vakt, og klare å vise omsorg og kjærleik sjølv i dei tyngste periodar, velmeinte råd og eit utilgjengeleg hjelpeapparat som gjer tilværet meir frustrerande.

– Eg har bestemt meg for å fortelje akkurat korleis stoda er, sa forfattaren i eit intervju med Vårt Land tidlegare i haust.

Juryen kallar boka «eit rørande brev til ein elska son, ein fortvila rapport frå ein utmattande kvardag og eit verknadsfullt kampskrift mot diagnosesamfunn og rigid byråkrati».

Større verd

I Maria Parrs Keeperen og havet får vi eit gjensyn med Trille og Lena frå Vaffelhjarte. «Lena og Trille plasseres i brytningspunktet mellom barn og ungdom og dette gir rom for de motsetningsfylte, klisjéfrie karakterene til å utvikle seg videre», skriv juryen.

– Dei møter ei større verd, og finn ut at det som har vore etablerte sanningar, brått møter alternative løysingar, sa Parr til Vårt Land tidlegare i haust.

«Målet med samlinga er ikkje berre å skildre store verk, men å vekkje eksistensiell undring hjå lesaren», skriv juryen om Løveids Vandreutstillingar. Om Verdensteater. Kartenes historie heiter det at Berg her «har skapt en tour de force i kartenes historie i verden».

Årets heiderspris gjekk til barnebokforfattaren Kari Grossmann. «Få, om noen, har preget norsk barnelitteratur og norsk visuell offentlighet som vinneren av årets hederspris», heiter det i juryens grunngjeving.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker