Bøker

Ute av verda

Katrine Heiberg har skrive ein reflektert og stilsikker diktdebut. Men samtid og samfunn er fråverande.

Det er det lange opningsdiktet i debutanten Katrine Heibergs Det gule bladet, den svarte pupillen som gjer sterkast inntrykk på meg. Fleire av dikta som fylgjer, tek opp tema og bilete frå dette, varierer dei, og tilføyer nye trådar i ein vev som syner eit ungt menneske med mange spørsmål om fridom, fellesskap og einsemd, med meir.

LES OGSÅ: Vi spurte seks debutanter: Hva ønsker du å få til med skrivingen din?

Stilsikker

Heiberg unngår stort sett tilgjort poetiske formuleringar, men stundom vert det noko banalt, til dømes med erklæringar om at «jeg lengter etter spontanitet» og «vi befinner oss i et helvete». Men slikt er unntak: Katrine Heiberg er i storparten av den smale diktsamlinga ein reflektert, stilsikker og kresen poet som fastheld sin posisjon som eit utforskande og erkjennande eg.

Ho er allereie i innleiingsdiktet i eit dilemma mellom å tala og teia: «(...) når jeg åpner munnen forsvinner jeg/ i alt som er sagt/ når jeg tier tar verden meg i besittelse/ tankene formerer seg som en epidemi». Språket og forholdet mellom identitet og kropp vert tema fleire stader; likeins det ein kan lesa som etiske problemstillingar som val og samvit. «Skjørhet» og «uavvendelighet» er ord ho nyttar.

Samtidsuttrykk?

Det er lite som røpar at denne diktsamlinga er eit samtidsuttrykk. Det måtte i så fall vera den eg–sentreringa som i stigande grad har prega vår moderne sivilisasjon. Omverda, «samfunnet», er det vanskeleg å få auga på i desse dikta. Det finst få eller ingen moderne tekniske gjenstandar, medmenneska er utydelege, det er ingen klåre gamlingar eller born her, ingen flyktningar, inga forureining, ingen krigar, inga tru, ingen galningar, ingen varslar om klimakatastrofe. Diktar-egets kropp vert omtalt, men utan at vi ser han nærare, og samfunnskroppen er så godt som fråverande. Dette er dikt som dreier seg om sjeleliv, om kjensler og tankar om å vera utanfor, om einsemd, om mørke – men ikkje heilt utan von.

Saknar trøkk

Hovudinntrykket av Heibergs debut er noko spinkelt sjelfullt, men ærleg og kunnskapsrikt om det poetiske språket. Ein kan jo ikkje be om andre dikt enn dei ein har fått, men likevel saknar eg meir vitalitet, meir trøkk. Ja, at ho tek sjansen på grenseoverskridingar både (bilet)språkleg og tematisk. Neste gong, for eg trur det vert ein neste gong, kan ein kanskje be om noko meir, at ho tek med seg det presise språket ut frå eg-romet og inn i verda vi lever i.

Omkalfatring

Det er dikt her som viser til noko som skal endra seg, ei erkjenning av ei omkalfatrering som vil koma – og det kan visa både til hennar syn, språk, dikt og til vår arme jord. Eit av dei beste dikta i denne samlinga inneheld dette ordet, omkalfatrering, og er lysande og lovande godt i si modernistisk–tradisjonelle form (s. 36):

.....

når våren kommer skal jeg vake i lyset

og lyset renne gjennom

nettene av støv

noen snakker om å strekke seg lengre

bli høye og begjærlige

under trekronene

midt på dagen svaier jeg,

det er døgnet

som krummer seg

om seg selv

om jeg sykler eller flyr

med ansiktet vendt mot sola

vil omkalfatreringen komme

under den anelsesløse himmelen

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker