Film

Tunisisk opprør

Spelefilmen Min arabiske vår fortel ei kjærleiks­historie med politisk tilsnitt. Men gløden er berre ­delvis til stades.

Det går ikkje så mange­ tunisiske filmar på kino i Noreg. Mohamed Ben Attias Min arabiske vår, som nyleg vart vist på Arabiske filmdager i Oslo, er ein av dei. Den norske tittelen indikerer ei kopling til den såkalla jasminrevolusjonen i Tunisia, eit opprør som starta med at gateseljaren Mohamed Bouazizi sette fyr på seg sjølv i protest mot konfiskeringa av frukt- og grønsaksvogna hans.

Før bryllaupet

Også hovudpersonen i Min arabiske vår er seljar og møter hindringar i yrket sitt. Hedi (Majd Mastoura) blir tvungen til å reise på salsturné i provinsen rett før sitt eige bryllaup. Han er difor fråverande mens resten av ­familien, med ei driftig og overstyrande mor i spissen, står for bryllaupsførebuingane.

LES MER: Intervju med regissør Mohamed Ben Attia

Utilpass

Det blir nokså raskt klart at Hedi er utilpass og ­mis­lukka i yrket sitt – i tillegg til å vere utilpass med det føreståande bryllaupet, og utilpass i livet generelt. Han ber på ein hemmeleg draum om å gi ut eit teikneseriealbum, men det er tydeleg at han i liten grad har fått lov til å følgje eigne draumar, anten dette skuldast mora åleine eller strukturane i det tunisiske samfunnet.

Hedi blir iallfall teikna som ein kua mann, som ofte blir behandla som eit barn. Når han møter den frisinna Rim (Rim Ben Messaoud) på hotellet der han bur på jobbreisa, blir både protesten og eigenviljen i han vekt. Det slår gneistar mellom Hedi og Rim, gneistar som aldri var til stades i møte med den føreståande brura hans.

Oppvakning

Filmen glir aldri inn i trekantdramaet, men er derimot ei skildringa av Hedis gradvisa oppvakning. I så måte kan han seiast å danne ein parallell til opprøret det tunisiske samfunnet gjekk igjennom.

Maj Mastoura fekk prisen som beste skodespelar under filmfestivalen i Berlin tidlegare i år. Filmen fekk også debutantprisen same stad. Det beste med han er gløttet vi får inn i ein kultur som dei fleste av oss ikkje kjenner godt nok – sjølv om det finst enkelte parallellar her til konservativ kristen oppvekst.

Når det er sagt, synest eg filmen blir litt for enkel i historieforteljinga til at eg vil løfte han fram som ein av dei beste arabiske­ filmane frå det seinaste tiåret. Min arabiske vår fungerer betre på eit tenkt symbolsk plan enn i skildringa av Hedis personlege kamp.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film