Film

Trufast terminator

«I'll be back», sa Arnold Schwarzenegger. I den nye Terminator-filmen reddar han verda endå ein gong.

Arnold Schwarzenegger er ei usannsynleg suksesshistorie. Kroppsbyggaren frå Graz i Austerrike slo seg opp som actionhelt i Hollywood. Så blei han guvernør i California, ein posisjon han hadde i åtte år. Og no er jammen 67-åringen tilbake på actionlerretet for å redde verda på ny, i den femte Terminator-filmen, Terminator Genisys.

Dette er den fjerde Terminator-filmen Schwarzenegger spelar i, han ikkje var med i den førre, Terminator Salvation (2009). Dermed har han spela hovudrolla som terminator – ein avansert drapsrobot – i fire tiår på rad: 1984, 1991, 2003 og 2015.

Som dei seier i USA: Det er kva legender er laga av.

LES OGSÅ: Arnold refser miljøbevegelsen

Tidsreiser

I går skreiv Vårt Land om roboten Pepper, ein robot som er laga for å gjere oss menneske glade – ein robot med «hjarte». Steget er langt, men ikkje forbløffande langt, til Schwarzeneggers rollefigur modell T-800, som er programmert til å verne Sarah Connor (Emilia Clarke) frå fare. Det som fjernar Terminator-universet frå realitetane, er tidsreisene, der både menneske og vondsinna maskiner hoppar fram og tilbake mellom 1984, 2017 og 2029.

Men det er skummelt nok. Kvar dag har nok med si eiga plage, om vi ikkje også skulle risikere å bli drepne av vondsinna maskiner frå framtida.

God eller vond

John Connor (Jason Clarke) er motstandshelten som i denne filmen står lageleg til for hogg. I Terminator Genisys er det ikkje alltid godt å vite kven som er dei gode og kven som er dei vonde. Det gjeld også Schwarzeneggers rollefigur – og i bakhovudet har vi at han spelte slem terminator i den første filmen og snill terminator i dei to neste.

Dommedag

Kort fortalt handlar Terminator-filmane om å reise tilbake i tid, før dommedag, for å vinne kampen mot maskinene. Dommedag er her eit uttrykk for katastrofen der tre milliardar menneske er døde og verda blir styrt av eit altomfattande digitalt nettverk, Skynet. Mot dette nettverket kjempar Schwarzeneggers T-800, side om side med menneska Sarah Connor og Kyle Reese (Jai Courtney).

LES OGSÅ: Vil la de vi bare snakker om få fortelle selv

Overvaking

Filmen har nokre peikarar til vår tids moglege overvaking gjennom mobiltelefonar og andre digitale dingsar. Kvinnesynet er oppgradert. Schwarzeneggers sjølvironi er intakt (og etter kvart litt masete).

Som actionfilm er ikkje Terminator Genisys av dei verste. Likevel må det seiast at dei tre seinaste filmane har vore mjølkekuer, ikkje visjonære oppfølgjarar. Terminator 2: Dommens dag frå 1991 blir såleis ståande som høgdepunktet.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film