Bergsveinn Birgisson er ikkje den første islending som har har slått seg til i Noreg og gjort ein stor innsats for norsk kultur og for kontakten mellom dei to søskennasjonane. I mellomalderen heldt norske kongar seg med islandske skaldar som dikta om deira dådar. Historikaren Snorri Sturluson kom over havet og knytte nær venskap med det norske aristokratiet, det vart kongesoge-forfattarens bane at han satsa på hertug Skule i striden mellom hertug og konge. Her har òg islandske romanforfattarar og lyrikarar budd i moderne tid, til dømes Kristmann Guðmundsson som skreiv sine bøker på norsk.