Bøker

Tormod Torfæus: Den lærde islendingen på Karmøy

Tormod Torfæus gav oss vår norske historie, men har lenge vore gløymt. Takk vere Bergsveinn Birgisson vert han no løfta fram i lyset att.

Bergsveinn Birgisson er ikkje den første islending som har har slått seg til i Noreg og gjort ein stor innsats for norsk kultur og for kontakten mellom dei to søskennasjonane. I mellomalderen heldt norske kongar seg med islandske skaldar som dikta om deira dådar. Historikaren Snorri Sturluson kom over havet og knytte nær venskap med det norske aristokratiet, det vart kongesoge-forfattarens bane at han satsa på hertug Skule i striden mellom hertug og konge. Her har òg islandske romanforfattarar og lyrikarar budd i moderne tid, til dømes Kristmann Guðmundsson som skreiv sine bøker på norsk.

Eit oppkome

Dei er langt fleire, mange i norsk katolsk kyrkjesoge, men i seinare år er det først og fremst Bergsveinn Birgisson det handlar om når vi skriv om islendingar i norsk litteratur. Ikkje berre er det romanforfattaren, nei det er òg forskaren ved same namn: I ein og same person finst dette oppkome av diktekunst og vitskapleg lærdom som både Island og Noreg er blitt rikare av.

Historia om Noreg

Det er eitt namn som burde ha vore nemnt i innleiinga, det er Tormod Tofæus, islendingen som busette seg på Karmøy og skreiv den omfattande historia om Noreg – ja, som vi kan takka for at mangt i vår fortid ikkje vart gløymt. No har vi fått ei bok der desse to – Torfæus og Birgisson – møtest. Resultatet er lysande, boka er både lærdomsrik og skriven med eit driv som mang ein underhaldningsforfattarar kan misunna Bergsveinn Birgisson.

Det er ikkje mogeleg i ei stutt bokmelding å gjenfortelja innhaldet i dette som både er ein biografi om forskaren og mennesket Tormod Torfæus, ei skildring av dei fysiske, politiske og åndelege tilhøva i Danmark-Noreg-Island på 1600- og 1700-talet, ei utgreiing om sagalitteraturen, forsking og historieskriving – og mange fiksjonsinnslag der Birgisson med frodig diktarfantasi fabulerer fram kva som kan ha skjedd og kan ha vore sagt der kjelder manglar.

Frå bygda til hoffet

Alt for stutt sagt er dette forteljinga om den islandske overklasseguten frå fiskeværet og handelsstaden Stafnes som fekk undervisning av tidas fremste islandske åndsmenneske: diktarpresten Hallgrímur Pétursson og biskop Brunjólfur Sveinsson. Så fører eventyret han vidare, til kongens København og til venskap med majesteten som då var Frederik 3. Kongen er kjent for å ha innført eineveldet i Danmark-Noreg, men òg for sin lærdom og interesse for historie, teologi og litteratur. Det var han som grunnla Det Kongelige Bibliotek og gjennom initiativ til innsamlinga av gamle manuskript fekk redda mange viktige kjelder til kunnskap om vår historie, vår gamle gudelære og diktekunst.

Det er denne kongelege lidenskapen for historie og lærdom som fører bygdeguten frå Island til kongens hoff og til personleg venskap mellom dei to.

Dramatisk liv

Livshistoria til Torfæus, slik vi får henne presentert av Bergsveinn Birgisson er fylt av dramatikk, opp- og nedturar, fargerike hendingar, trolldom, forlis, erotikk og jamvel drap. Men først og fremst er dette forteljinga om korleis Torfæus ikkje berre samla inn, men systematiserte og tolka – etter ein kjeldekritisk metode han sjølv utvikla – dei gamle islandske handskrifta. Han var embetsmannen som i einevaldstida som vart offer for intrigar og send til Noreg då han hamna i unåde. Her skulle han vera ein slags revisor for embetsmennene, dei fleste danskar, som kravde urimelege skattar av bøndene og stakk til seg sjølv pengar som skulle gå til kongens statskasse.

Eit storverk

Men samlaren og forskaren Torfæus var heile tida i full vigør. Og det kom ein ny opptur då han fekk grønt lys for å skriva Noregs historie – på latin. Dette storverket er først i vår tid kome på norsk, og dét – i tillegg til arbeidet med dei gamle handskriftene – har vi svært, svært mykje å takka Torfæus for.

Han gifte seg rikt på Stangeland på Karmøy, og der styrde han eit filologisk akademi som Birgisson ikkje nølar med å karakterisera slik: «Det fantes tre filologiske institusjoner i Skandinavia: Universitetet i København, Stangeland på Karmøy og Antikvitetskollegiet i Uppsala/Stockholm. I Torfæus´ levetid ble det utført like mye viktig arbeid på Karmøy som i København og Stockholm.»

Mangelfull språkvask

Så vart Tormod Torfæus gløymt. I dag er det få som veit kven denne mannen var og kva for storverk han utførde. Difor er det grunn til å takka Birgisson for at han løftar han inn i lyset att. Vitskap og metode endrar seg, syn på kva som er viktig og uviktig likeins. Torfæus var nok på somme område «Mannen fra middelalderen», men han er òg mannen som viser fram til nyare forskingsmetode.

Eg har hatt glede av denne boka. Men eg har òg ergra meg over inkonsekvensar i skrivemåte og somme stader dårleg norsk. Forlaget burde ha gjeve forfattaren meir tid til å gjennomarbeida manuskriptet og likeins vore grundigare med språkvasken.

Fakta og fiksjon

Ei innvendig mot måten framstillinga er bygt opp, er at det ofte er uklåre overgangar mellom kva som er biografiske fakta og kva som er forfattarens fiksjon i framstillinga. Ofte er det «lakuner» i tilgjengelege fakta om Torfæus som Birgisson fyller med fiktive hendingar og/eller samtaler. Skiljet mellom fakta og fiksjon kunne ha vore klårare markert.

Men, og summa summarum som Kierkegaard ordla det, dette har trass i innvendingane vore ei både underhaldande og lærerik bokreise.

LES OGSÅ:

Melding av «Reisen til livsvannet»: Storarta roman fører oss til eit Island der folket er plaga av hunger og epidemiar

---

Bok: Biografi/historie

  • Bergsveinn Birgisson
  • Mannen fra middelalderen. Historikeren og morderen Tormod Torfæus
  • Vigmostad & Bjørke 2020
  • 336 sider

---

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker